onsdag 15. oktober 2008

UTFORDRING

Eg har fått ei utfordirng frå Astrid frå bloggen http://astridbjordal.blogspot.com/. Utfordringa lyder slik: "nemn 6 ting som gjer deg lukkeleg." Då eg fekk denne utfordringa, tenkte eg: "oj, er det så mange ting som gjer meg lukkeleg då." Eg sette meg ned for å tenke. Det måtte ikkje lange stunda med tankevirksomheit til før eg kunne konstatere at dette kom til å bli vanskeleg. For seks ting er egentlig ufatteleg lite, eg kunne ha ramsa opp mykje meir... heldigvis!



I alle fall, her kjem seks ting som gjer meg lukkeleg:


1. At eg er så velsigna heldig å ha fått fire velskapte born, som i mine auge er dei vakraste på jord (både i sinn og skinn). Eg er berre så utruleg glad i dei.








2. At mannen som eg vil dele resten av livet mitt med, vil dele sitt liv med meg også. Vi har det utruleg kjekt saman. Tusen takk for at du vil være min, Arild! (eg veit at eg kan være ei trollkjæring av og til)







3. At alle mine har ei god og sunn helse og klarer seg godt i kvardagen.






4. Å sjå at borna mine kosar seg og har det kjekt. Det er så godt å sjå kor lite det er som skal til for å glede eit lite barnehjarte.






5. Å sjå kor glade dei små rundt meg blir når dei stadig meistrar nye ting og gyv laust på nye utfordringar når dei dukkar opp.






6. Å få bu i dette vakre landet med denne flotte naturen rett utanfor stovedøra og ha moglegheit til å bruke naturen i kvardagen med små turar saman med borna mine.


Utfordringa skal eg gje vidare til desse flotte bloggane:

http://camillasinkvardag.blogspot.com/ gratulerer med ny blogg Camilla

http://annalisasblogg.blogspot.com/ ein koseleg blogg med mykje inspirasjon

http://theworldofsandnes.blogspot.com/ ein koseleg blogg frå kvardagslivet

Håpar dokke tek utfordringa.

2 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Takk for utfordringa, det er så mykje som gjer meg lukkeleg i kvardagen og som deg er det nok dei små og store hendingane kring dei som står meg nærast som pregar meg mest.
Litt lenger ned på bloggen finn du mine 6 ting som eg har valgt ut.

Ønskjer deg ein fin kveld:)

Dagny- Heim sa...

Fantastisk godt å ha mykje å gle seg over!!!

Ha ei god helg ;-)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.