lørdag 25. oktober 2008

I natt kjem Ulrik

Det er sendt ut ekstremvær-varsel for nordvestlandet og nordover. Det er visst Ulrik som kjem på besøk til desse elles så rolige kantar. Eg kjenner at eg blir litt engsteleg når eg høyrer ordet ekstremvær. Har nyttårsorkanen friskt i minne enda... Sjølv om det ikkje er meldt om nokon orkan denne gongen, tek vinden godt tak i huset. Mange synest at det er koseleg når det bles opp til uvêr, det synest eg også det, men ikkje i dette omfanget. Når ekstremvær blir nemnt føler eg at eg mistar kontrollen på noko trygt og godt, kva skjer om taket flyg sin veg? Kva gjer vi då? Sjølv om det sikkert skal mykje til for at det skal skje, så har det skjedd (rett nok ikkje her hos oss, men ein veit aldri). Ser føre meg korleis eg og familia mi spring rundt i nabolaget og plukkar opp eigedelane våre medan bilar køyrer forbi for å sjå på elendigheita som heldigvis har skåna dei denne gongen også. (jauda, det kan minne om ei komedie, men for den det gjeld blir det fort til tragedie).

Faktisk, med litt fantasi, kan det sjå ut som det er styggemannen sjølv som bles anden sin over oss (og den er ikkje heilag, det er heilt sikkert)!


Så folkens skalk alle luker, Ulrik er på veg!

3 kommentarer:

Astrid sa...

Godt å lese at eg ikkje er åleine når det kjem til frykt for sterk vind!
Skadane etter nyttårsorkanen sit veldig friskt i minne her også. Ikkje EI bygning på garden sto uskada etter herjingane, og når ein har sett kva krefter som er tilstades i slik vind, så kan ein aldri kjenne seg heilt sikker.
Flaum, ras og tsunami kjenner eg meg trygg for, men den sterke blesten...eg må seie at eg fryktar den!:(
No gjekk det heldigvis bra i natt, så håpar eg det vert lenge til neste storm:)
Takk for innlegget ditt, no kjenner eg meg ikkje så åleine:)

Dagny- Heim sa...

Takk og pris at det gjekk bra denne gongen også! Sterk vind gir både skrekk og fasinerande kjensler hos meg. Er ikkje like fasinert av den snøen som kom dalande nettopp!, men ein får dessverre ikkje gjort så mykje med det :-) Ha ei fin veke!

AnneGrethe7 sa...

Tusen takk for helsinga......me he hatt ein super dag med stort familieselskap.....

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.