lørdag 11. oktober 2008

nostalgi frå barndomen



I dag har eg tatt meg på tak og fått rydda litt i ei bokhylle vi har ståande oppe i loftsgangen. I den er det mange barnebøker og litt anna lektyre. Denne bokhylla har eg bestemt meg for å ha vekk, og då måtte sjølvsagt bøkene vike. (neida, eg kastar ikkje bøker). Bøkene er sirleg plassert i små kasser godt merka med tittel på bøkene og forfattar, slik at det skal verte lett for meg å leite dei fram ved seinare høve.

Eg kom over nokre bøker frå min eigen barndom. Mormor og dei åtte ungane og Guro-bøkene. Dette var kjære bøker for meg i barndomen. Eg kan endå hugse at mamma sat på sengekanten min og las om denne mormora som var så redd for å ta trikk og korleis ho sov på kjøkkenbenken... For ikkje å gløyme Guro som budde på pensjonat saman med mor si. Faren var død, stakkars jente hugsar eg at eg tenkte.


Denne boka dukka også opp blandt bøker om Postman Pat og Løvenes Konge. Denne eventyrboka brukte morfaren min å lese frå, det var slike kjekke bilete i den. Det var skikkelege fotografi, og eventyrfigurane var dukker. Eg hugsar endå kor eg brukte å dramatisere desse eventyra med mine eigne dukker.

5 kommentarer:

Kristin sa...

Dissa bøkene hugsar eg også frå barndommen:) Koseleg med Anne - Cath. Vestly-bøker.

Astrid sa...

Åh, kor koseleg!
Eg har så mange gode minne med bøker; frå Bestemorsfanget og lese-på-senga-stunda med Pappa...
Eg er så takksam for at dei rundt meg viste meg gleda med bøker, og eg har tru på at ungar+bøker=leselyst for resten av livet.
Herleg innlegg med bilete av kjende og kjære bøker -også for meg:)
No er det vaksentid i heimen, med taco og film!
Ynskjer deg ein fin kveld Cecilie:)

Tove sa...

Tusen takk for utmerking - og kompliment for bileta! Eg har alltid vore glad i å ta bileter, men det var ein revolusjon då eg fekk meg digitalt speilreflekskamera. Og så er det det gamle, gode trikset om å gå nært det du skal ta bilete av. Ta bilete av det du vil ha med, og minst mogleg anna! For å få litt betre stemning på bileta, kan du ta utan blitz. Ha ein strålande laurdagskveld! Her ute held vi på å blåse vegg i regnbygene, huff og huff.... Eg kryp lenger og lenger under teppet....

Tove sa...

.... skal sjølvsagt vere "blåse vekk" og ikkje vegg.... Det må vere paracet-døsen som sløvar rettskrivinga mi!

Anna Lisa sa...

Ja det er koselig å ha bøker frå barndomen. Mine barndomsbøker er på Islandsk men eg les dei på norsk til ungane. Nå for tida er Tuva på 3 år veldig glad i Emma-bøkene. Dei hadde eg også når eg var lita. Kjekt med bøker. I dag har eg rydda litt og tømt kasser og fann en del barnebøker eg har hatt oppi bokhylla på loftet.

Tusen takk for award!!! Så koselig!!!
Takk for at du tenker på meg:)
Ha ei fin helg vidare.
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.