fredag 27. februar 2009

Frå kjøkkenskapet

Har fått ei utfordring frå Camilla i http://camillasinkvardag.blogspot.com/ og Astrid i http://astridbjordal.blogspot.com/. Den går ut på å vise fram mine kjøkkenfavorittar. Eg er egentlig ikkje så veldig glad i å styre og stelle på kjøkkenet (Arild har ikkje gjort noko varp dersom han var ute etter ei dugandes kokke), men nokre favorittar har eg. Og her kjem eit lite utvalg:





Bokseopnaren min frå Tupperware, har eg blitt heilt avhengig av. Den er super når hermetikk skal opnast. (det er ikkje det at vi brukar så mykje hermetikk, men det er greit å ha utstyret i orden når ein først har bruk for det). Med denne bokseopnaren blir det ingen skarpe kantar som ein kan skjere seg på.
Eggedelaren min, er nok eit produkt frå Tupperware. Var dritlei desse "billidelarane" som gjekk i stykker med ein gong. Denne her er super. Så no kan eg nyte skiver med deilig egg på. (hmmm... skal eg fortelje at eg ikkje likar det gule i egget, og at det derfor er praktisk med ein eggedelar slik at det er enkelt å få ut den gule gørra??? Nei det trur eg at eg held for meg sjølv...)






Så kjem ein gjengangar i denne utfordringa om kjøkkenfavorittar - epledelaren. Ei genial oppfinning.
Rosendal-karaffelen vår, er mykje brukt. Skulle faktisk ønske at eg hadde to, for når alle sit til bords og et middag, er det faktisk for lite med ein og vi må drive å fylle på heile tida. HMMM må prøve å hugse dette når eg skal skrive ønskeliste til jul.
Det er vanskeleg å kome utanom Kenwoodmaskina vår, når kjøkkenfavorittar skal nemnast. Denne er mykje brukt og er eit godt hjelpemiddel for ei som ikkje er så veldig glad i å knade deiger og vispe krem.
Til slutt må eg ta med den gamle termosen min. Den er god å ha og held godt på varmen når vi er ute på tur. Denne har vore med på mange skiturar og fjelltoppar. Den er gamal og hakkete, men er like god for det. Her Astrid, er vi nok litt like du og eg - det er viktig å fare fint åt med sakene sine. Då har ein nemleg glede av dei lenge.

Ja, det var mine kjøkkenfavorittar. Eg er sjølvsagt glad i oppvaskmaskina, kjøleskapet, komfyren og microen også, men dei har blitt så sjølvsagde ting i dagens samfunn at dei tek eg ikkje med her.

Trur denne utfordringa har vore rundt om på mange bloggar, så eg vel å gi den vidare til dei som ikkje har tatt den. Lykke til.

Ha ei fantastisk helg!

Eg må ikkje gløyme å takke for alle dei koselege komentarane eg har fått på innlegga mine i fargeveka. Tusen takk. Det er så kjekt å sjå at det stadig dukkar opp nye lesarar av bloggen min.

mandag 23. februar 2009

mjuk - eit mandagstema

Har hengt meg med på utfordringa på bloggen http://mandagtema.blogspot.com/. Der blir det kvar søndagskveld, lagt ut eit nytt tema for mandagen. Det er opp til oss bloggarar å tolke dette temaet.


Her er mitt bidrag til temaet mjukt.

Her er det Joakim og pusen vår (som no er komen til dei evige jaktmarker), som tek seg ein liten blund. Joakim syntest at det var så mjukt og godt å sove saman med pusen. Og pusen, han kunne ikkje motstå det gode fanget til Joakim.

søndag 22. februar 2009

svart og kvitt

Ja, så var det siste dagen i denne artige fargeveka. Eg har verkelg tenkt og grunda, leita og leita for å finne noko som passa til kvar farge. Det er jammen kjekt å gå slik på skattejakt i heimen sin.

Her kjem dei siste fargebileta frå meg:

Tangentane på det gamle trøorgelet mitt, er svarte og kvite. Orgelet har eg arva etter oldeforeldra mine. Det er eit flott møbel. Kanskje kjem eg til å lage eit eige blogginlegg om dette trøorgelet.
Ei side frå Koralboka som eg har ståande på trøorgelet. Boka er arva frå oldefaren min, og er frå ca 1930.
Gardinene mine på stova, er kvite og blir haldt til sides av svarte band.
Til slutt, tek eg med eit bilete av Joakim. Bilete er i svart og kvitt.

Ønsker alle saman eit fortsatt fargerikt år!

lørdag 21. februar 2009

Lilla favoritt

Ja så var det lilla som skulle til pers. Lilla er ein av mine yndlingsfargar, men eg har ikkje så mykje av den i interiøret vårt. Har likevel klart å leite fram litt lilla.


Her kjem bileta:

Benedicte har eit nydeleg og søtt lilla "koppesett". Her er fata.
Benedicte sin lilla smokk.
På badet, dukka denne badesåpa opp. Den luktar deilig synest eg.

Då vi gifta oss, hadde eg lilla kjole. Kunne aldri ha tenkt meg å gifta meg i kvit kjole, sjølv om det er nydeleg og vakkert.

Det siste bilete, er av Benedicte sin tiara. Ho brukte den på jonsokaftan i fjor. Då var ho 6 mnd og utkledd som ei lita prinsesse.

Ha ei strålande helg!

fredag 20. februar 2009

Oransje på ein fredag

Så var det atter ein ny farge, i dag har eg jakta å oransje her i heimen. Her er resultatet:


Dette er eit utsnitt frå plakaten til "musicalen" Gramatikk og kjærleik, den handla om livet til nynorskens far Ivar Aasen. Som de ser, er det Astrid Eidseth Rygh som har skrive manuset og musikken er av Svein Olav Blindheim. Vi var og såg denne forestillinga, og det var ei fantastsik reise gjennom Ivar sitt liv vi fekk vere med på.
Denne stakaren frå eit eller anna omreisande tivoli, fann eg på romet til Joakim. Var ikkje heiol planlagt at han skulle stå på hovudet, men slik vart det.
Her er ei kokebok som Silje og Eirik fekk i julegåve eit år. Mykje spennande og barnevenlege oppskrifter inni den.
Det siste bilete er av ei skei som følgde med ein grautpakke som vi kjøpte til Benedicte ein gong. Skeia er god og mate ifrå, og høyrer faktisk med under mine kjøkkenfavorittar.

ja, det var dagens farge frå meg.

Ha ein strålande og fargerik fredagskveld.

torsdag 19. februar 2009

Er gult verkeleg kult?

Ja, så var det på an igjen med ny dag og ny farge. Dagens farge er gult. Gult er ein flott og vårleg farge, men er ikkje så lett å finne i heimen vår den heller. (begynner seriøst å innsjå at eg har ein ganske fargelaus heim).

Her kjem ivertfall mine bidrag til dagens farge:





I min spede ungdom (som eg vel å tru held på enda), så samla eg på Kosta Boda sin serie Tulipan. Eg har 12 raudvinsglas, 12 fat og nokre skåler. Glasa har eg i raudt, blått og gult. 4 av kvart. (det same med fata). Sjølv om eg likar godt desse glasa, blir dei ikkje brukte noko særleg, dei må nemleg vaskast opp for hand. hadde nesten gløymt desse glasa eg, skal jammen det begynne å bruke dei litt meir.
Dette er ei gamal vaselineboks som eg fann i skapet på badet. Alle kjenner vel til den, så den treng vel ikkje nokon meir introduksjon.
Denne plakaten heng på døra til Joakim sitt rom. han er ein ihuga Simpsons-fan. Det er ein artig gjeng, kan ikkje nekte for det.

Gledar meg til morgondagens farge.

Ha en fantastsik kveld alle saman.

PS! Har fått ei utfordring frå Camilla, den skal eg ta når eg er ferdig med denne fargeveka.

onsdag 18. februar 2009

Den grøne linje

Her kjem dagens fargeklatt frå meg:

Dokke ser sikkert at det er grønt som er fargen i dag. her i heimen vår, er her ikkje så mykje grønt fann eg ut. Eg greide likevel å finne fram litt.


Her er ei lita leike som er Benedicte si. Det er lego for babyar og arvegods etter Joakim.
Denne dukka har vore Silje si, og bærer navnet LissjeEirik (oppkalt etter lisjebroren). no er det Benedicte som leikar med den. Eg har strikka nokre nye kle til den, slik at garderoba skulle verte komplett. Dress i fine grøne striper.
som nemnt i eit tidlegare innlegg, så er eg ikkje så flink med grøne planter. (eg har ikkje grøne fingrar), så då har eg like godt investert i nokren kunstige. Likar godt desse "ballane".

ja, det var dagens grøne fargeklatt frå meg. Ny farge kjem i morgon.

Ha ein strålande kveld!

tirsdag 17. februar 2009

Den blå timen

Her kjem dagens blå bilde frå meg


Benedicte har arva dette fatet etter Joakim. I dag vart det fylt opp med poteter, gulerøtter og fiskekaker i brun saus. Fatet har han fått i Disneyklubben.
Dette bildet har eg fått i gåve av mamma og pappa. Det er nydeleg, her kjem det ikkje heil til sin rett. Bildet er berre heilt nydeleg. Det er en lokal kunstnar som har mala det.
Dette bildet er tatt i den eine delen av stova vår. Sofaen er blå, fin og kjempegod å sitte/ligge i.

Dette var dagens blåe bilete frå meg. Gledar meg allereie til i morgon og ny farge. Det er jo nesten som skattejakt i heimen dette her.

Ha en fin kveld

mandag 16. februar 2009

Raud mandag

Eg har hengt meg på ei utfordring, der dei ulike dagane har fått kvar sine farge. Mandag er det raudt som skal i ilden.

Det er ikkje så lett å finne noko raudt i heimen vår no når jula er pakka vekk, så her måtte eg verkeleg legge hovudet i bløyt og tenke.

Her er resultatet:


Dette er dukkevogna til Benedicte. Det er ei raud og fin trevogn som ho fekk i julegåve av mammen og pappen sin.
Dette er eit bilete Joakim har mala på ei kvit flis. Fargane flyt så fint saman og det heng der som ein flott fargeklatt på kjøkkenveggen vår.
Denne fine og raude skåla har eg fått i julegåve med Kristin. Den er kjempefin og passar perfekt til popcorn eller potetgull... (namn, nam)

No er det berre å vente i spenning på morgondagens farge.

Ha en flott kveld alle saman.

fredag 13. februar 2009

Hurra for deg....

I dag på sjølvaste Valentinesday, har Arilden min bursdag. Ønska dej hjerteleg til lukke med dagen kjærasten min. Håpe du fe en fine dag. Elska dej vennen min!




Når sommerdagen ligg utover landet

Og du og æ har funne oss ei strand

Og fire kalde pils ligg nerri vanne

Og vi e brun og fin og hand i hand

Når vi har prata om ei bok vi lika

Og alt e bra og ikke tel å tru

Ingen e så go som du da

Ingen e så go som du


Og når høsten finns og hverdagslive venta

Og fuglan tar te vett å flyg mot sør

Og vi får slit med regninga og renta

Og meininga forsvinn i d vi gjør

Når vi må over mang en liten avgrunn

Og ofte på ei falleferdig bru

Ingen e så go som du da

Ingen e så go som du


Men av og tel når tegnan blir for tydli

Og dem som sitt me makta gjør mæ skræmt

Når de fine ordan demmes blir motbydli

Og tankan bak e jævli dårlig gjæmt

Da har æ ei som vet at folk vil vokne

Og at veien ifra høyre snart må snu

Ingen e så go som du da

Ingen e så go som du


Og når æ kryp te køys å frys på beina

Og du har lagt dæ før mæ og e varm

Da vet du æ e litn og aleina

Og låne mæ litt dyne og ei arm

Og dagen den e vikti og den kræv oss

Men natta den e din og min og nu

Ingen e så go som du da

Ingen e så go som du



Skal ikkje skryte på meg at det er eg som har skrive desse vakre orda, for dei fleste kjenner vel att kjærleiksvisa til Halvdan Sivertsen. Den er uansett forfattar og komponist ei nydeleg vise.

Tidsfordriv

Sidan eg er sjukmeldt, brukar eg dagane til å slappe av og strikke litt. Forma er ikkje heilt på topp enda så då er det godt å kunne kveile seg opp i sofaen med eit strikk mellom hendene.

Eg har strikka meg to nye kjøkkenklutar som berre er sååå gode å bruke. Eg er så lei av desse billegklutane som du kjøper på "rull" og som loar og blir utslitne med ein gong, difor tok eg saka i eigne hender. Eg har strikka meg to nye og gode klutar som berre ventar på å bli brukte.

Klutane er enkle og raske å strikke. Eg legg opp ca 50 maskar med dobbel bomullstråd og strikkar ein omgang med rette maskar og ein omgang med rette og vrange maskar annankvar, så ein omgang med rette osv. Dette gjer eg til ønska størrelse.


No er eg i full gang med eit nytt par med tjukkelestar til Silje. Eg brukar ein god og tjukk tråd og tjukke pinnar så her går det unna. Har fått heilt sansen for bambuspinnar når eg strikkar, det er berre fantaststisk godt å strikke med.
Tråden eg brukar er farga med mange ulike fargar, så når eg strikkar blir det eit slags stripemønster. så her blir ingen lestar like, men det er berre artig det.

Ha ei strålande helg alle saman!

torsdag 12. februar 2009

Vårstemning

I dag har eg tilbrakt stort sett heile dagen på sofaen. Tok ein liten operasjon i går og må difor kvile litt i nokre dagar. Eg måtte likevel ein tur ned i Vik for å kjøpe meg litt tråd slik at eg i det minste får strikka litt når eg skal halde meg i ro. Eg var ein snartur innom Floriss, og der var det så mykje fine blomar at eg ikkje greide å lat vere å kjøpe. Valget fall på ein vakker ildtopp med duse rosa fargar på blomane.

Det er så deilig med litt vårfargar no i når dagane byrjar å bli lenger og lysare. Eg kan ikkje akkurat skryte på meg grøne fingrar, men plantene mine varer så lenge dei varer. Så får eg heller kjøpe nye når det ikkje er liv i dei lenger. Sjølv om pappa mang ein gong har sagt sat det er billegare å vatne enn å kjøpe nytt...



Håper at eg klarer å helde liv i denne lenge, sjå berre kor nydeleg den er. No står den og sprer vårglede på kjøkkenbordet.


Må ta med nokren bilete av Joakim som gjer lekse også. Han er så flink lisje guten min. Tek alt så lett, tenk at han kan lese og skrive allereie. Tida går så altfor fort.

No skal eg snart på klubb med Joanna, gleder meg. Skal bli koseleg å treffe alle saman igjen.

Ha ein strålande kveld alle saman.

søndag 8. februar 2009

Ein fantastisk dag

Vi vakna til sol frå ein nesten skyfri himmel i dag også. Vi er jammen heldige som er priviligert med så mykje fint vêr desse elles så dystre og tunge vintermånadane.



Sjølv om det var morsdag, og eg hadde fått innvilga å få sove lenge, måtte vi benytte oss av det flotte vêret.


Vi pakka sekken med mykje godt og ete (god niste, sjokolade og kjeks) og kakao, pakka i bilen og tok laust.


Vi har ikkje vore så flinke med dette å gå på bortoverski dei siste åra, det er liksom slalom som er blitt vår greie, men sidan vi skulle ha med oss Benedicte, var det bortoverskia som måtte børstast støv av i dag. Ho kosa seg og hadde det godt og varmt nede i pulken som pappa drog.



Då vi er best på å orientere oss i løypene på Bondalseidet ovanfrå og ned og ikkje omvendt, tok vi sjølvsagt feil løypevalg og enda opp med bratte bakkar og ein litt småsur Joakim. Han poengterte mange gongar at det var bortoverski vi skulle på og ikkje oppoverski... Med litt lokking og muskelkraft fekk vi oss ein flott tur oppover i løypene.

Eit stykke oppover dei brattaste bakkane, måtte Arild drage både Joakim og Benedicte på pulken.


Her kosar vi oss med nista vår.





Flott utsikt utover Ørstafjorden

Vi hadde egentlig tenkt oss på Åmskaret, men det for bli neste gong når vi får velge rett løype frå starten av.





ha ein fortsatt strålande morsdag alle flotte bloggmammer

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.