fredag 27. februar 2009

Frå kjøkkenskapet

Har fått ei utfordring frå Camilla i http://camillasinkvardag.blogspot.com/ og Astrid i http://astridbjordal.blogspot.com/. Den går ut på å vise fram mine kjøkkenfavorittar. Eg er egentlig ikkje så veldig glad i å styre og stelle på kjøkkenet (Arild har ikkje gjort noko varp dersom han var ute etter ei dugandes kokke), men nokre favorittar har eg. Og her kjem eit lite utvalg:





Bokseopnaren min frå Tupperware, har eg blitt heilt avhengig av. Den er super når hermetikk skal opnast. (det er ikkje det at vi brukar så mykje hermetikk, men det er greit å ha utstyret i orden når ein først har bruk for det). Med denne bokseopnaren blir det ingen skarpe kantar som ein kan skjere seg på.
Eggedelaren min, er nok eit produkt frå Tupperware. Var dritlei desse "billidelarane" som gjekk i stykker med ein gong. Denne her er super. Så no kan eg nyte skiver med deilig egg på. (hmmm... skal eg fortelje at eg ikkje likar det gule i egget, og at det derfor er praktisk med ein eggedelar slik at det er enkelt å få ut den gule gørra??? Nei det trur eg at eg held for meg sjølv...)






Så kjem ein gjengangar i denne utfordringa om kjøkkenfavorittar - epledelaren. Ei genial oppfinning.
Rosendal-karaffelen vår, er mykje brukt. Skulle faktisk ønske at eg hadde to, for når alle sit til bords og et middag, er det faktisk for lite med ein og vi må drive å fylle på heile tida. HMMM må prøve å hugse dette når eg skal skrive ønskeliste til jul.
Det er vanskeleg å kome utanom Kenwoodmaskina vår, når kjøkkenfavorittar skal nemnast. Denne er mykje brukt og er eit godt hjelpemiddel for ei som ikkje er så veldig glad i å knade deiger og vispe krem.
Til slutt må eg ta med den gamle termosen min. Den er god å ha og held godt på varmen når vi er ute på tur. Denne har vore med på mange skiturar og fjelltoppar. Den er gamal og hakkete, men er like god for det. Her Astrid, er vi nok litt like du og eg - det er viktig å fare fint åt med sakene sine. Då har ein nemleg glede av dei lenge.

Ja, det var mine kjøkkenfavorittar. Eg er sjølvsagt glad i oppvaskmaskina, kjøleskapet, komfyren og microen også, men dei har blitt så sjølvsagde ting i dagens samfunn at dei tek eg ikkje med her.

Trur denne utfordringa har vore rundt om på mange bloggar, så eg vel å gi den vidare til dei som ikkje har tatt den. Lykke til.

Ha ei fantastisk helg!

Eg må ikkje gløyme å takke for alle dei koselege komentarane eg har fått på innlegga mine i fargeveka. Tusen takk. Det er så kjekt å sjå at det stadig dukkar opp nye lesarar av bloggen min.

2 kommentarer:

Dagny sa...

Ser vi har mykje likt i kjøkkenskapet. Men den Kenwooden er eg kjempemisunneleg på. Må notere den på ei ønskeliste ein gong :-)

Ha ei god helg!

Astrid sa...

Ein sånn eggedelar må eg ha!:)
Eg likar heile egget eg då, men her brukar vi ein av dårleg kvalitet som har brotna både her og der. Synest forresten at mykje av det ein får kjøpt i dag både er dyrt og av vesentleg dårlegare kvalitet enn det som var "før i tida"..:(

Eg skriv under på at det er kjekt å ha to stk av Rosendalkaraffelen:)

Så kjekt å sjå at det er fleire som er opptatt av å fare fint åt med ting:) Av og til undrar eg meg over om det "berre" er meg, at eg er litt sær på det området. Gammaldags på ein måte.. Eg, som er ungdomen sjølv? ;)

Vi har hatt innedag her i huset også, litt godt det også:)
Ha ein fin søndagskveld!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.