tirsdag 31. mars 2009

Medan vi ventar på påska...

Vil eg mimre litt om dei siste påskefeiringane vi har hatt. Vi er så heldige å ha ei flott familiehytte på Folkestadsætra, der prøvar vi å vere så ofte det let seg gjere, både sommar og vinter. Om vinteren må vi gå opp på ski dersom snøen ligg, men det er godt å kome fram å få fyr i ovnen og kjenne korleis varmen brer seg i hytta medan vi pakkar ut og bytar kle.

I fjor, vart det heimepåske fordi snøen låg og Benedicte berre var 3 månader gamal. Vi synest at ho var litt i yngste laget til å bli stappa ned i ein pulk langt til fjels. Men i år, ser det kanskje ut til å bli hyttepåske på oss att. Det gleder vi oss veldig til alle saman.

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå påskefeiringane vi har hatt, håpar at de tek dåkke tid til ei lita billedreise til vårt hytteparadis. God fornøyelse.

Eg startar med påska 2006


Joakim leikar seg ute i snøen. Det er så hærleg med ungar som er ute og baskar i snøen og er raude og gode i kinna og på nasetippen. Dei strålar av sunnheit.

Joakim i fullt driv ned akebakken, som snart må vike for å bli årets hoppbakke.

Arild lagar hopp og gjer løypa klar for årets påskehopprenn.

Joakim passar på at det er fyr på bålet, slik at svoltne hopparar får seg pølser med brød etter flott innsats i hoppbakken.

Eirik i eit luftig svev...

Silje med litt skrekkblanda fryd tek sats på hoppkanten

Ein søt liten tilskodar

Joakim ventar på kvelden, då skal han studere stjernehimmelen gjennom stjernekikerten.

Påska 2007




Joakim kosar seg ute i snøen

Deilig i sitte i sofakroken å ete litt mat

To luringar på hemsen. Joakim og Martin leika seg fint oppe på hemsen medan utedressane fekk seg ei lita pause framfor ovnen

Sjølv om det ikkje var noka påskesol ute, måtte vi ut og spidde pølser.

Martin og Joakim tullar og tøysar

Jokaim er komen ut att, og leita fram rompeakebrettet.

Det er deilig å kome inn etter ein lang dag ute i snøkave å få servert deilig kakao av mormor

Maling på egg høyrer sjølvsagt til påskefeirnga. Her er Martin og Joakim i djup konsentrasjon.

Påska 2008

Sidan det ikkje vart hyttepåske, vart det pølsespidding i hagen. Det var godt det også.

Det kom mykje snø til påske, Joakim er så heldig å ha to storesysken som laga flott snøhytte til han.

Joakim, Jan Erik og Martin spiddar seg pølser

Benedicte kosar seg på fanget til pappa.

Det var runda med påskemimring frå meg. No ser vi fram til deilige og late dagar på hytta i slutten av neste veke.

Skal sjølvsagt kome med oppdatering frå årets påske også.

Ha ei flott veke alle saman!

onsdag 25. mars 2009

Perledykkeren

I dag på jobb, kom det inn eit fyrverkeri av ei dame. Ho var levande engasjert i rettferdig handel og økologiske varer.

Ho tok oss i handa og presenterte seg som Ragnhild Nilsen. Då vi byrja å prate med denne dama, forsto vi for eit sterkt engasjement ho har for mikrobusiness, menneskerettar og miljø.

Eg vart litt nyskjerrig på denne dama og søkte litt rundt om på nettet. Der fann eg ut blant anna dette:

Ho har 20 års erfaring som kursleder og bedriftsrådgiver noko som har gitt henne ein sterk posisjon i næringslivet. Ragnhild regnes som ei av Noregs dyktigaste kurs- og foredragsholdarar og er ein ettertrakta inspirator. Hun held kurs for store delar av norsk næringsliv og coacher fleire av landet sine mest profilerte næringslivstoppar, politikarar og underhaldarar gjennom selskapet CoachTeam.


Foredraga hennar er ei blanding av underhaldning og opplæring der deltakerne 8 av 10 gongar gir stående applaus. Dette må du oppleve sjølv.

Hennar djupe innsikt og fagleg kunnskap kombinert med ei eineståande formidlingsevne og humor, gjer bøkene hennar både lettleste og berikande. Ho er i år aktuell med si tolvte bok, Perledykkeren, som handlar om å lytte til talenta, draumane og ambisjonane dine for å finne di meining.

Ho var svært interessert i å ha eit samarbeid med oss, og ville at vi skulle byrje å marknadsføre og selje produkta hennar.

Ho er gründeren bak Global FairTrade som leverer varer som er økologiske og rettferdig laga. Dette betyr at alle ledd i produksjonen av ei vare får rettferdig betaling. I tillegg kan dei garantere at produkta fra GlobalFairTrade blir laga utan barnearbeid, at bøndene som dyrkar bomullen har ei regulert arbeidstid og at borna deira har tilgong til utdanning og helsestell.

Eg håper verkeleg at vi kan få til eit godt samarbeid med denne fargeklatten av ei dame.






Før ho gjekk, gav ho meg den nyaste boka som ho har skrive: "Perledykkeren", den handlar om å finne sine talent og bruke dei. Eg har allerie begynt å lese litt i den, og eg må seie at den fasinerar meg.

Bak på boka står dette:
En perle skapes når en irritasjon i muslingen omkapsles av perlemor. Slik symobliserer perlen hvordan sår og arr i livet vårt kan forandres til innsikt og visdom.

Perledykk for hver dag:


P: Perle. Let etter en perle, eller si ordet "takk" - hver dag


E: Elsk. Elsk det du gjør, eller finn noe å elske i det du gjør - hver dag


R: Roser. Gi ros, eller ros deg selv for det du får til - hver dag


L: Lek. Lek mer, eller et din frykt - hver dag


E: Ett skritt. Ta ett skritt i dine drømmers retning, eller utdyp dine drømmer - hver dag.


Så folkens: Gå ut og leit etter perler - dei finst der ute ein stad...

mandag 23. mars 2009

Etter ei veke med bloggtørke, kjem her no litt nytt frå meg. Då eg la ut det siste blogginnlegget mitt om ei fantastisk helg, ante eg ingenting om det marerittet ei lita familie her i bygda gjekk igjennom. Ei lita familie vart brått riven i filler. Livet deira vil aldri bli det same. Ein kjær pappa og sambuar vart funnen omkomen etter ein storstilt leiteaksjon. Bygda vår har vist stort engasjement og medkjensle i denne saka. Det kjennest godt å høyre til i eit slikt samfunn.




Denne hendinga gjorde at eg ikkje orka blogge, følte meg faktisk litt lamma og fekk dårleg smavit for at vi hadde hatt det så kjekt saman denne helga. Men det er ikkje noko vi kunne ha gjort annleis, det er brutalt å seie det - men livet må gå vidare. Sjølv om det nok kjem til å gå litt saktare for dei nærmaste.



Denne helga har vi ikkje gjort noko særleg. Benedicte har hatt kraftig bronkitt heile veka og vi har teke det med ro. Søndag tok vi oss ein liten biltur ut i øyane. Vi køyrde ut på Flø så Joakim skulle få sjå på storhavet. Der er fantastsik der ute, det må vere ein draum å bu på ein slik plass ein varm og mild sommardag. Og ei oppleving, når hauststormane herjar som verst.




Vi tok også turen innom gravplassen på Osneset, der ligg olderforeldra til Benedicte og Joakim.







Sjølv om sola måttte vike plass for haglbyger, måtte vi kjøpe oss is. Vi kosa oss med is, medan vi køyrde ein liten tur til Hareid og Kvitneset. Kvitneset er ein plass som vi må tilbake til når det blir sol og sommar. Då kjem det heilt sikkert eit nytt blogginnlegg derifrå. Det ligg mykje historie i ruinane der ute.




Det vart ein lang biltur for Benedicte, det var ikkje mykje ho sov, men det tok ho att då vi kom heim. Ho kraup likegodt inn i teltet sitt og sovna der. Sjå berre lisje prinsessa på sin aller første telttur på golvet heime i stova.


søndag 15. mars 2009

Frå ei fantastisk helg

Denne helga har vore ein fest frå begynnelse til slutt.
Helga starta med Joakim som vart 7 år. (står litt om det i forige innlegg) Vi hadde familieselskap på fredag. både mamma og svigermor hadde diska opp med kaker i tillegg til dei som eg hadde baka, så her var det duka til eit vellukka selskap.

Sidan han hadde bursdag, fekk han lov til å vere oppe litt lenger (les: ein god del lenger) enn han vanlegvis brukar. Tida gjekk med til å bygge smålego. Han fekk nemleg eit redningshelikopter i bursdagsgåve, og no skulle han prøve å bygge det sjølv.

Bruksanvisninga vart nøye studert, og den unge byggherren var svært nøye med at bygginga ikkje skulle gå for fort fram (han måtte nemleg legge seg når han var ferdig med byggeprosjektet sitt).
Djup konsentrajon måtte til for å få ferdigstilt redningshelikopteret.

Laurdags morgon var det min tur å stå opp med Benedicte. Sola skein frå ein nydeleg og morgonbleik himmel. Og vi som skulle ha kompisselskap. Vi måtte berre benytte oss av det fantastiske veiret. Her var det berre å sett seg ned og ringe alle dei inviterte gjestane og be dei om å la finkleda ligge igjen heime, og heller ta med utekle. Eg sende Arild og Joakim opp i skogen for å spikke spiddepinnar. Her skal det jammen spiddast pølser.



Det var stor stas blandt alle dei heller ellevile gutefantane då bålet vart tend og dei fekk kvar sin spiddepinne (som for ordens skuld var akkurat like lange) med pølser på. Gutane benka seg rundt bålet og spidda pølser i stor stil. Det var tydeleg at det fall i smak med bålbrenning og uteselskap. Og det var utan tvil svært godt å kunne ønske alle gjestane vel heim og deretter gå inn i eit ryddig hus for å slappe av.




Dei to søskenbarna Leah og Benedicte, hadde ein stordag ute saman med storegutane. Dei kosa seg slik i lag desse små prinsessene våra. Det er så kjekt at dei er så jamngamle. Sjå berre fantefjeset til Benedicte... skal tru kva ho pønskar på???



Vi hadde håpt at søndag skulle bli ein like fantastisk dag som laurdag, men der tok vi feil gitt. Likevel bestemte vi oss for å pakke sekken og fare ein tur på fjellet. Målet var Åmskaret, men dit kom vi oss aldri. Joakim vart litt (veldig) lei, så då vi hadde igjen ca 200-300 meter var skigåingstreiken eit faktum. Vi måtte berre finne den første og beste plassen og sette oss ned.




Joakim sette straks i gong med å sanke ved til bålet. Vi hadde med litt ved heimanifrå, men litt småkvistar frå eit daudt tre, vart kunstnarisk knekt og høgtideleg lagt på bålet.


Så var det duka for helga si andre pølsespidding på bål. Trur neppe små gutefantar blir lei av det. Joakim elskar ivertfall å grave og ruske ned i glørne på bål. No har han fått namnet Askeladden.
Benedicte hadde sove heile vegen fram, godt nedpakka i pulken som pappa drog. Men då den behaglege og jamne lyden frå jamne stavtak og fråspark tok slutt, vakna ho. Det var godt å få kome opp på fanget til mamma og få seg litt nistemat.
Sjå berre kor lissjepiå kosar seg på tur. No gledar vi oss til påske og forhåpentlegvis mange fleire skiturar både på bortover og nedoverski.

Denne helga har vore berre heilt fantastisk, håper det blir fleire slike.

Ha ei flott veke godt folk!

fredag 13. mars 2009

Sidan sist...

No er eg tilbake i bloggverdenen etter ei lita (men sårt trengt bloggpause). Det har vore litt intenst her i huset dei siste vekene. Det er ikkje alt som har gått på skinner, og verden har gått meg litt imot, men no håpar og trur eg at det har ordna seg.

I dag har Joakim 7-årsdag, det er heilt utruleg kor fort tida har gått. Hugsar så godt då han kom til verda. Vi var så glade, og hadde gledd oss så lenge til han skulle kome. Starten gjekk ikkje heilt som vi hadde forventa, han var sjuk og vart sendt med ambulanse til nyfødtintensiven i Ålesund. Det viste seg at han hadde blodforgiftning, heldigvis kom han seg raskt då han fekk penicilin intravenøst. Men desse dagane var ikkje så kjekke som vi hadde håpt dei skulle bli. Men alt ordna seg, og etter vel ei veke kunne vi reise heim og fortsette med medisin nokre dagar til. No har Joakim vokse seg stor og sterk (hmmm.... nesten som eit eventyr dette), og har blitt ein skikkeleg racer på slalom.

Forrige helg var vi på Bondalseidet og kosa oss i det heller skiftande veiret. Det var nydeleg innimellom bygene.







Joakim tok trekket for første gong aleine, og var kjempeflink. Stolt mamma som tilskodar og fotograf.
Medan karane rann seg på slalom og snowboard, kosa eg og Benedicte oss i sola og inne på varmestova. Litt renning på akebrett rakk vi også.





Vi hadde smurt med oss god niste, og sekken var elles fylt opp av kjeks, kvikk lunsj og kakao. Vi kosa oss verkeleg denne dagen.

Det er godt å kunne ha vår nede i lavlandet og vinter på fjellet, då kan vi velgje om vi vil styre med vinteraktivitetar eller byrje så smått med litt meir vårlege syslar. Joakim fekk seg ny sykkel i bursdagsgåve i dag. Sjølvsagt måtte den prøvast. Det var litt skummelt sidan den var større enn den gamle, og i tillegg hadde den berre bremser på styret og mange gir. Det er litt som må lærast no framover trur eg, men første turen gjekk i alle fall som smurt. Og guten var lykkeleg.




her kjem han susande nedover vegen mot huset vårt. Storeguten våra, som vi er så glade i.
Får håpe at han klarer å ta godt vare på sykkelen sin, den forrige som han hadde kan ein nesten ikkje sjå er brukt. Så den har han vore flink å ta vare på. Måtte det vare.

No skal eg dette ned i sofaen og kose meg og lade batteria til barneselskap i morgon.

Ha ein flott fredagskveld alle saman.

søndag 1. mars 2009

Det gikk som det måtte gå...

I eit tidlegare blogginlegg (faktisk den 12. februar) viste eg bilete av ein flott, vakker og spenstig ildtopp. Eg var så bestemt på at denne skulle overleve behandlinga av mine langt frå grøne fingrar, at eg blogga litt om den. Hmmm. Det var ikkje noko lurt.



Her kjem resultatet av 14 dagar i heimen til Cecilie:


Blada dett av, blomstrane er matte i fargen og jada, eg har knytt den opp med ein tråd slik at ikkje den skulle henge med alle stilkane. Eg lurer berre på kva som er gale med mine fingrar??? Ein ildtopp skulle vel ikkje vere så vanskeleg å få til skulle ien tru. Ja, ja men denne gongen var det ikkje uttørking som tok kenkken på planta. Den sto nemleg med vatn nesten opp til kanten av krukka. kanskje eg har gitt den litt for mykje vatn??? Var berre så ivreg på å få den til at eg vart sikkert litt overivreg i vatninga mi. Og eg som til og med har prata med denne stakaren. No blir det nok gravøl og sorg i heimen.

Ja, ja Cecilie - bedre lykke neste gang.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.