fredag 13. mars 2009

Sidan sist...

No er eg tilbake i bloggverdenen etter ei lita (men sårt trengt bloggpause). Det har vore litt intenst her i huset dei siste vekene. Det er ikkje alt som har gått på skinner, og verden har gått meg litt imot, men no håpar og trur eg at det har ordna seg.

I dag har Joakim 7-årsdag, det er heilt utruleg kor fort tida har gått. Hugsar så godt då han kom til verda. Vi var så glade, og hadde gledd oss så lenge til han skulle kome. Starten gjekk ikkje heilt som vi hadde forventa, han var sjuk og vart sendt med ambulanse til nyfødtintensiven i Ålesund. Det viste seg at han hadde blodforgiftning, heldigvis kom han seg raskt då han fekk penicilin intravenøst. Men desse dagane var ikkje så kjekke som vi hadde håpt dei skulle bli. Men alt ordna seg, og etter vel ei veke kunne vi reise heim og fortsette med medisin nokre dagar til. No har Joakim vokse seg stor og sterk (hmmm.... nesten som eit eventyr dette), og har blitt ein skikkeleg racer på slalom.

Forrige helg var vi på Bondalseidet og kosa oss i det heller skiftande veiret. Det var nydeleg innimellom bygene.







Joakim tok trekket for første gong aleine, og var kjempeflink. Stolt mamma som tilskodar og fotograf.
Medan karane rann seg på slalom og snowboard, kosa eg og Benedicte oss i sola og inne på varmestova. Litt renning på akebrett rakk vi også.





Vi hadde smurt med oss god niste, og sekken var elles fylt opp av kjeks, kvikk lunsj og kakao. Vi kosa oss verkeleg denne dagen.

Det er godt å kunne ha vår nede i lavlandet og vinter på fjellet, då kan vi velgje om vi vil styre med vinteraktivitetar eller byrje så smått med litt meir vårlege syslar. Joakim fekk seg ny sykkel i bursdagsgåve i dag. Sjølvsagt måtte den prøvast. Det var litt skummelt sidan den var større enn den gamle, og i tillegg hadde den berre bremser på styret og mange gir. Det er litt som må lærast no framover trur eg, men første turen gjekk i alle fall som smurt. Og guten var lykkeleg.




her kjem han susande nedover vegen mot huset vårt. Storeguten våra, som vi er så glade i.
Får håpe at han klarer å ta godt vare på sykkelen sin, den forrige som han hadde kan ein nesten ikkje sjå er brukt. Så den har han vore flink å ta vare på. Måtte det vare.

No skal eg dette ned i sofaen og kose meg og lade batteria til barneselskap i morgon.

Ha ein flott fredagskveld alle saman.

4 kommentarer:

Tove sa...

Grattis med 7-åring! Ikkje kjekt å høyre at du har møtt motbør i det siste, men du er ei sterk dame og karra deg nok på beina! Her hos oss har det vore mykje sjukdom i det siste. Akkurat no er det Sina som ligg rett ut med feber og forkjøling. Huff, eg vert så bekymra kvar gong ungane er sjuke - sjølv om det er ufarlege greier!

Håper du får ei fin helg ilag med alle dine!

Dagny sa...

For ei flott historie om ein flott 7-åring! Gratulerer. Godt å sjå at du er på bana igjen også :-)

Lykke til med barneselskap!!! Og god helg.

~♥~ Monica S sa...

Gratulerer med dagen på huset!!

Litt av en grom-kar!

Monica

Besta sa...

Så flott ein sjuåring du har.

Håper at kreftene dine kjem tilbake.

Tusen takk for hyggeleg kommentar på bloggen min.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.