mandag 13. april 2009

No takkar dei for denne gong... på gjensyn

Påska går mot slutten og det er på tide å ta vekk påskepynten. Eg har ikkje så mykje påskepynt - mykje av den ligg på hytta, for det er der vi brukar å vere i påska, men litt har eg heldigvis her heime også.



Denne nydeleg kyllingen har Benedicte laga i barnehagen. Det er handavtrykket hennar som er utgangspunketet, så har dei limt på nebb og fjøyrer. Den var berre nydeleg. Tusen takk for den vennen min.




Desse søte små kyllingane av ull, er det Silje som har laga til meg. Dei er kjempesøte og har fått stå i vinduskarmen på stova og kika på oss og gjeremåla våre i påska.
Denne vesle hønefamilia har stått på stovebordet, eller vore på diverse ekskursjonar saman med Benedicte. Det er egentlig stearinlys, men eg har ikkje hjerte til å kveike på dei, så desse har overlevt mang ei påske.
Denne høna er nyinnkjøpt av året. Joakim synest at den var såååå stilig, at vi berre måtte kjøpe den.
Denne høna har eg strikka og tova. Den sit i einsam majestet på eine kjøkkenhylla mi. Den var kjempeartig å strikke, men utruleg kjedeleg å fylle og montere. Eg har faktisk ein heil hønseflokk liggande klar til montering, men det får bli til eit anna år... denne stakaren får vere einsam enn så lenge.
Denne vakre buketten med kvitveis har storejenta mi Silje plukka itl meg. Det er så kjekt når ein blir overraska med slike små og søte bukettar. Kjekke storejenta mi.

Ja, det var ein smakebit av påskepynten her hos oss, som de sikkert har sett, er eg ikkje nokon stor fan av masseproduserte keramikkyllingar, men set desto større pris på små og søte heimelaga unike kyllingar.

Det skal bli godt når kvardagen kjem tilbake og vi fell inn i den gamle rytma att.

Ha ei flott veke alle saman.

lørdag 11. april 2009

Når det ikkje blir som planlagt...

Vi hadde verkeleg gleda oss til hyttepåske i år. Arild hadde ordna seg ein ekstra fridag, maten var kjøpt inn i store mengder og sekken nesten ferdig pakka. Og då blir Benedicte sjuk. HURRA! Vi tenkte at dette går nok fort over berre vi får litt medisin til henne, men der tok vi skammelg feil.

Det heile starta palmesøndag om kvelden, ho hadde litt småfeber og var litt utilpass, så vi valde å halde henne heime frå barnehagen på manag. Mandag kom og lisje prinsessa var frisk som ein fisk, og tante Marita gleda seg over å få vere "dagmamma" for henne på tirsdag. Tenk to heile feberfrie dagar før styret braut laus på nytt...

Onsdag morgon vakna ho med 40 i feber. Her var gode råd dyre tenkte eg, to dagar til avreise til hytta. Best å få henne undersøkt av lege i tilfelle ho treng medisin for å bli frisk. Å få legetime onsdag i påskeveka skulle vise seg å ikkje vere berre berre. Halv ti fekk vi time, men det betyr ikkje det same som at det er då vi slepp inn til legen... å nei da. Eg sat på venteromet med ei mildt sagt dritleid lita sjuk prinsesse og ein minst like lei storebror. Vi venta og venta og venta og venta. Endeleg var det vår tur - ein time seinare enn vi skulle vere der... Men fekk vi hjelp no då? neida, legen vart opptatt igjen han, medan vi sat på kontoret hans og venta, vart han oppteken med ein annan pasient på gangen. Ny venting og enda surare born. Endeleg der kom han, men nei... ikkje vår tur enda. Vi måtte gå tilbake på venteromet og vente der, medan han skreiv eit brev som ein pasient skulle ha med seg. Her må eg innrømme at tolmodet mitt også begynte å bli satt på ei hard prøve, men endeleg var det vår tur.

Vi fekk konstatert øyrebetennelse på begge øyrene, men legen var i tvil om vi skulle få antibiotika, så han ville snakke med ein spesialist på Ålesund sjukehus. Spesialisten var sjølvsagt oppteken - ny venting på oss... men endeleg fekk vi resepta i handa og kunne svinge oss ned på apoteket. På apoteket var dei same folka som vi hadde venta sman med på legesenteret, det vart nesten som vi vart på hels av all ventinga... På apoteket vart det ei ny runde med venting, Joakim vart sjølvsagt svolten og tørst (takk Gud for at han ikkje måtte på toalettet også), men eg greide å forklare han at han ikkje kom til å svelte i hel. Dei som har fått antibiotika til born, veit nok at når ein leverer resepta, så må ein på nytt vente i ca 10 minutt medan dei blandar ut medisinen. Ja ja, eg byrja å sjå lyset i tunellen - klokka 13.00 var vi ferdige på apoteket. Då hadde eg vore på farta med ei lita jente med 40 i feber i 3,5 timar. Stakars lisje vennen min. (og litt stakars meg...).

No skulle vi berre starte med medisin, so skulle ho nok bli så frisk at vi kunne reise opp på hytta på fredag... trudde vi. Feberen steig og stikkpillane virka ikkje, antibiotikaen hadde inga effekt, så torsdags kveld var det på ny ei runde til legevakta. Vi fekk ny antibiotika og konstatert at øyrebetennelsen hadde blitt mykje verre sidan onsdag formiddag, trass i smertestillande og antibiotika. Natt til laurdag, vart det ny runde på legevakta, feberen steig sjølv om vi ga febernedsettande i dobbel dose... no hadde heldigvis øyrene blitt litt bedre. Vi fekk berre beskjed om å ta tida til hjelp. Så no sit vi her å ventar...

Joakim var heilt knust stakaren, han hadde gleda seg sånn til hyttetur, men vi får prøve å gjere det beste ut av situasjonen og kose oss her heime.

Torsdag sende vi Joakim på båttur saman med onkel Eivind og tante Marita. Han storkosa seg og fekk prøvt fiskelukka (som ikkje vart noka lukke). Så bar det avstad til farmor og farfar for å ete middag.

Det er vanskeleg å forklare ein 1-åring at ho ikkje kan vere ute. Ho hentar jakke og sko mange gongar for dag og vil så gjerne ut. Kvar gong nokon skal ut, bli ho kjempelei seg for at ho ikkje får vere med. Stakar lisje vennen min.

Fredag laga eg ei stor bolledeig og baka mykje deilige bollar. Benedicte prøvde ei lita stund å hjelpe til, men ho vart så fort sliten lisje vennen min.



Vi har mykje rart på loftet, så eg tok med lomelykt for å prøve å finne nokre nye leike som kanskje kunne fengje merksemda ei lita stund. Eg drog ned ei kasse med little people og ei garasje som Joakim fekk då han var liten. Gjett om det vart gjensynsglede. Joakim heiv seg over leikene og det var så vidt Benedicte aller nådigst fekk låne. Men etterkvart vart dei einige og leika seg fint saman, heilt til Beneicte nesten sovna på golvet...




I dag har Bendicte vore nesten feberfri... HURRA! Vi fiera med heimelaga sukkerspinn på formiddag. Jaokim storkosa seg, men Bendicte turde ikkje smake. Såg berre skeptisk på sukkerspinnen og rista på hovudet og sa nænæ.




Arild diska opp med deilig middag i dag. Pinnekjøt med mykje deilig tilbehør. Når vi har slik festmiddag, må ein ha eit anstendig bord også synest eg. Då var det berre å leite fram besteserviset, krystall og sølvtøy og dekke bordet.















Benedicte kvikna faktisk litt til under middgen, ho fekk styre seg sjølv med eting og roting. Kor mykje ho faktisk åt er uvisst, men ho kosa seg iallefall. Matlysta hennar har vore totalt fråverande dei siste dagane så det var kjekt å sjå at ho åt litt i allefall.




















Joakim er ein kreist når det gjeld mat, så medan vi kosa oss med pinnekjøt, åt han grillpølser med ketsjup...

Medan vi sat og åt, høyrde vi eit leven ute på trappa. vi sende ut Joakim for å sjå kva det var - eit stort gledeshyl høyrdes sikkert over heile Grepalia. Verdens største påskeegg låg på trappa. Det var nok påskeharen som hadde teke turen. Inni det store påskeegget, var det små påskeegg med namn på til borna i huset. I tillegg var det fylt opp med sjokolade og marsipan til oss vaksne. Nam, nam kaor viskal kose oss i kveld.

Påskeegget fall ivertfall i smak. Det viser tydeleg på bileta... så dei let eg tale for seg.










No kryssar vi alt vi har for at ho blir frisk og rask fort igjen, slik at vi kan nyte dei deilige dagane ute.
Ha ei fortsatt flott påske!


















onsdag 8. april 2009

Når det utenkelege skjer...

I går skjedde det igjen. Det vesle samfunnet vi lever i vart råka av ei tragisk bilulykke. Tre menneske omkom. Eit kjærastpar og den vesle guten deira. Livet vart brått reven i filler. Dei hadde framtida framføre seg og gleda seg over den vesle guten sin, han vart berre sju mnd. gamal. Han hadde så uendeleg mykje å få oppleve denne vesle guten, men slik vart det ikkje. Skjebna ville det annleis.



Det er så meiningslaust at slikt skal skje, eg finn ikkje ord. Tenkjer på alle dei som har mista ei kjær familie og gode venar. Vi lever i eit forholdsvis lite samfunn her, og alle veit kven alle er, så dette kjem så nært innpå livet våra. Det er omogleg å ikkje verte berørt av ei så tragisk hending.


Vi har igjen blitt minna om kor skjørt livet er, og at det er så viktig å ta vare på kvarandre. Som eg sa i eit anna blogginlegg; Ein veit aldri kvar lynet slår til neste gong...



Ta vare på kvarandre kjære bloggvenar!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.