lørdag 25. oktober 2008

I natt kjem Ulrik

Det er sendt ut ekstremvær-varsel for nordvestlandet og nordover. Det er visst Ulrik som kjem på besøk til desse elles så rolige kantar. Eg kjenner at eg blir litt engsteleg når eg høyrer ordet ekstremvær. Har nyttårsorkanen friskt i minne enda... Sjølv om det ikkje er meldt om nokon orkan denne gongen, tek vinden godt tak i huset. Mange synest at det er koseleg når det bles opp til uvêr, det synest eg også det, men ikkje i dette omfanget. Når ekstremvær blir nemnt føler eg at eg mistar kontrollen på noko trygt og godt, kva skjer om taket flyg sin veg? Kva gjer vi då? Sjølv om det sikkert skal mykje til for at det skal skje, så har det skjedd (rett nok ikkje her hos oss, men ein veit aldri). Ser føre meg korleis eg og familia mi spring rundt i nabolaget og plukkar opp eigedelane våre medan bilar køyrer forbi for å sjå på elendigheita som heldigvis har skåna dei denne gongen også. (jauda, det kan minne om ei komedie, men for den det gjeld blir det fort til tragedie).

Faktisk, med litt fantasi, kan det sjå ut som det er styggemannen sjølv som bles anden sin over oss (og den er ikkje heilag, det er heilt sikkert)!


Så folkens skalk alle luker, Ulrik er på veg!

fredag 24. oktober 2008

FN-dagen

I går hadde klassa til Joakim invitert til foreldrefest for å markere FN-dagen. Dei heldt først ein fantastisk flott konsert i gymsalen saman med klasse 1A, før klassene gjekk kvar til sitt for å ete deilig mat og kose seg med kaffe og brus på klasseroma.


Eg er heilt imponert over kor flinke dei var å opptre desse små elevane i 1. klasse. Dei underheldt med song og diktlesing. Temaet var at alle skulle vere vener med kvarandre, og det var rørande for eit lettrørt morshjarte å sjå desse skjønne borna kor vakkert dei song om venskap og kjærleik til kvarandre.


Gymsalen der desse utruleg flinke borna underheldt, var pynta med ein stor globus, mange lys (og då meinar eg verkeleg mange), FN-flagga og ein vakker bukett med litt smånervøse og ivrige 1.-klassingar.

Ein av songane dei song var: STOPP! ikkje mobb, dette her er kameraten min. Den var veldig fengande og borna song av full hals og gjorde flotte rørsler til. Denne songen trur eg at Joakim må lære meg, for teksta på den, er verdt å ta med seg vidare på livets veg.

Eg må berre bøye meg i støvet for lærarane til desse to 1.-klassene på Vikemarka skule, dei er to fantastiske lærarar.

Tusen takk for ein fantastisk konsert og ein koselg kveld!

torsdag 23. oktober 2008

hushjelp

Eg har lenge hatt ønske om å få ei hushjelp her i huset. Ei som kan kome heim til oss for å rydde litt og vaske , ein gong i veka ville eg ha ei sånn hjelp. No er eg komen i den situasjonen at eg har fått ei slik hjelp. Eg treng faktisk ikkje betale eit øre for hjelpa heller... eg må berre bruke dobbelt så lang tid på rydding etter at ryddehjelpa er ferdig med jobben.


Her er mi nye hushjelp i full gang med å rydde i bokhylla der vi har gamle VHS-filmar (jada, eg veit at det ikkje er heilt up-to-date å ha det, men vi har det likevel vi) Det er veldig spennande å ta filmane ut av etuiet og hive dei utover golvet, så får mamma noko å styre med etterpå...
Å rydde i korga med alle tjukkelestane er også veldig spennande. Dei er faktisk ikkje så verst å bite på heller, desse ullsokkane...


Her er Benedicte i full gang med å hjelpe til med å legge saman kle. Ein jobb som mor i huset HATAR!!!

Eg kan ikkje anna enn vere glad for at ho er oppegåande og nyskjerrig på korleis ting både ser ut og smakar. Ja, ja skal ta tilbake på det med smakar, for då eg var i Oslo hadde lisje prinsessa mi tatt ein stor jafs av den fine engelen som eg har fått i gåve. Ho hadde faktisk bite av hovudet på engelen og hadde det i munnen. Vengane hadde ho knekt av og ødelagt. Engelen kan erstattast så det gjorde ingenting. Det viktigaste var at det gjekk bra med Benedicte. Ikkje så mykje som ei lita skramme har ho fått etter dette måltidet. Må nok ta meg ein alvorsprat med mannen i huset om at han må gi borna mat når eg er bortreist...

Her er restane etter den fine engelen min... Delen heilt til venstre, hadde Bendeicte i munnen...

Frustrert

Ja, det er nettopp det eg er. Ikkje over det elendige haustveret, snøen langt ned i fjella eller husarbeid som ikkje gjer seg sjølv, men over NAV.
Kva i alle dagar trur dei at dei er??? Eg har hatt ein del med denne serviceetaten å gjere siste to åra, då eg har vore sjukmeldt, gravid og no i permisjon. Ein skulle i allefall tru at dei kunne å legge saman to og to, men neida. Eg måtte be på mine kne om dei ikkje kunne sjå på dette enkle regnestykket ein gong til, berre for å kontrollregne.

Regnestykket var slik:
far permisjon 50%
far jobb 50%
mor premisjon 50%
mor jobb 50%
Dette fekk eg og alle andre som eg snakka med, til å bli 200%, men ikkje NAV - dei kom til 150% dei. Så difor mista eg retten min til foreldrepengar i 3 mnd!!!!
Etter mykje om og men, og trugslar om advokat, fekk eg endeleg dei etterlengta pengane, men det var i september, det blir spennande å sjå om det dukkar opp noko no i oktober.
NAV kunne også opplyse om at dei brukar budbil og ikkje post for sine saker... skal tru om brevduer blir det neste...
Og dei brukar ikkje å brenne ting på cdar, neida, det er mykje enklare med dei gode gamle diskettane.... skal tru om det er desse store litt mjuke, eller om dei har vore så dristige å bruke dei som er små og av hardplast...

Vi strever og sliter og jobber og driter, hva vi enn gjør
så blir det ikke som før.
Man skatter og betaler
de regjerer og befaler.
Helst ikke gjør en dritt
og i alle fall ikke stå på ditt.
Her er det NAV som gjelder
og til dem du melder
slik at de kan få kutte trygd
helst sånn at du ikke maten får tygd.
Er du derimot sløv og lat,
så får du servert på et digert sølvfat.
Jobber du og bidrar litt,
så får du ikke en jævla dritt.
Virker omtrent som de prøver
på å mest mulig arbiedsløse få,
for på det viset de saken legger frem,
skulle man ønske at man aldri måtte jobbe igjen.
Så hipp hipp hurra for jævla NAV.
De klarer virkelig å gjøre ting til et KAV!
Håper ikkje eg har stukke handa inn i eit kvepsebol no, men det er nettopp slik eg føler det for denne etaten, som skal ta vare på rettane til sjuke og svake, som kanskje ikkje er verken oppegåande eller friske nok til å krangle for rettane sine.
Ha ein flott dag alle saman!

søndag 19. oktober 2008

ut å flyge

I dag skal eg ein tur til Oslo for å gå på kurs. Eg er ikkje akkurat glad i å flyge, eg seier sjøl at eg har flyskrekk light. Eg skal flyge med widerøe, og det gjer ikkje saka betre at eit fly frå widerøe måtte nødlande i går...


Eg skal reise heilt aleine, eg som er så beskjeden. Korleis i alle dagar skal dette gå?

Sidan flyskrekken er litt større hos meg enn hos dei med berre vanleg flyskrekk, har eg sjekka veirmeldingane sikkert 40 gongar i dag, prognosene ser nokon lunde ut, men det hjelp så lite. Har kjøpt meg reisesjuketablettar, så får hive innpå eit par av dei og håpe på at skjebna vil meg godt denne gongen også.

Eg klappar meg sjølv på skuldra og ønsker meg god tur!

lørdag 18. oktober 2008

prinsessa mi

Forrige søndag, tok eg med meg Benedicte til fotograf. Ho var i storform og poserte og sjarmerte.










Det kjem til å bli utruleg vanskeleg å plukke seg ut eit bilete som skal henge på veggen, så det blir nok fleire. Heldigvis kan eg printe ut bileta på jobb og spenne dei opp på blindrame. Kjekt å kunne eksprimentere.









Klappe klappe søte

dyppe den i fløte,


først i sukker


så i vann


så kom det en gammale mann


som ville kaka prikke


med ei lita gullstikke




Tusen takk Lene http://aklestad.blogspot.com/, for alle dei fantastiske blieta du tok av den lisje prinsessa mi.

onsdag 15. oktober 2008

UTFORDRING

Eg har fått ei utfordirng frå Astrid frå bloggen http://astridbjordal.blogspot.com/. Utfordringa lyder slik: "nemn 6 ting som gjer deg lukkeleg." Då eg fekk denne utfordringa, tenkte eg: "oj, er det så mange ting som gjer meg lukkeleg då." Eg sette meg ned for å tenke. Det måtte ikkje lange stunda med tankevirksomheit til før eg kunne konstatere at dette kom til å bli vanskeleg. For seks ting er egentlig ufatteleg lite, eg kunne ha ramsa opp mykje meir... heldigvis!



I alle fall, her kjem seks ting som gjer meg lukkeleg:


1. At eg er så velsigna heldig å ha fått fire velskapte born, som i mine auge er dei vakraste på jord (både i sinn og skinn). Eg er berre så utruleg glad i dei.








2. At mannen som eg vil dele resten av livet mitt med, vil dele sitt liv med meg også. Vi har det utruleg kjekt saman. Tusen takk for at du vil være min, Arild! (eg veit at eg kan være ei trollkjæring av og til)







3. At alle mine har ei god og sunn helse og klarer seg godt i kvardagen.






4. Å sjå at borna mine kosar seg og har det kjekt. Det er så godt å sjå kor lite det er som skal til for å glede eit lite barnehjarte.






5. Å sjå kor glade dei små rundt meg blir når dei stadig meistrar nye ting og gyv laust på nye utfordringar når dei dukkar opp.






6. Å få bu i dette vakre landet med denne flotte naturen rett utanfor stovedøra og ha moglegheit til å bruke naturen i kvardagen med små turar saman med borna mine.


Utfordringa skal eg gje vidare til desse flotte bloggane:

http://camillasinkvardag.blogspot.com/ gratulerer med ny blogg Camilla

http://annalisasblogg.blogspot.com/ ein koseleg blogg med mykje inspirasjon

http://theworldofsandnes.blogspot.com/ ein koseleg blogg frå kvardagslivet

Håpar dokke tek utfordringa.

tirsdag 14. oktober 2008

Er det jul snart???

Det er ikkje til å unngå å legge merke til at handlesstanden har byrja å friste oss med jul. Det heiter så fint at jula varer heilt til påske, men kva tid startar den egentlig? Lett som eg er å friste, så kom eg heim med to eksemplar av juleblad med diverse tips og idèar til ei travel førjulstid.
Eg var egentlig ferdig med handelen for i dag, men då eg var komen nesten fram til kassa på butikken såg eg dei. Desse raude fine posane med årets JULEMARSIPAN! Eg var solgt. Eg måtte berre kjøpe ein pose. Sjølv om ein pose med julemarsipan berre er ein vond oppeggelse her i huset. Både eg og min bedre halvdel elskar desse små og gode sjokoladebitane med deilig marsipan inni.

Sjølv om jula kjem tidlegare og tidlegare, kjenner eg at det gjer egentlig ingen ting, eg synest at det er koseleg med ei lang førjulstid eg. Så folkens...

HA EI FANTASTISK FØRJULSTID!

mandag 13. oktober 2008

gryte full av gull

Her på desse kantar, er det ofte slik at dersom det først har byrja å regne, så regnar det godt og leeeeenge, men av og til klarer den deilige varme sola å bryte igjennom det tjukke skydekket. Det skjedde i dag og ein flott regnboge kom til syne.
Då eg var lita, brukte dei vaksne å fortelje meg at på enden av regnbogen stod der ei stor gryte full av gull. Eg må tilstå at det var fleire enn ein gong eg drøymde om å finne denne gullgryta, men det har aldri late seg gjere. Kvifor, kan ein berre fundere på. No i desse finansielle nedgangstider, er det heilt sikkert fleire enn eg som skulle ønske dei fann denne store gryta full av gull. For dei som orkar, er det sikkert berre å leite, eg nøyer meg med å beundre regnbogen - den forsvinn så raskt, og då er vel gullgryta borte også...

Ha ein flott kveld alle saman!

søndag 12. oktober 2008

Som eg har skrive tidlegare, har eg kasta ut bokhylla i loftsgangen. Eg har heldigvis ikkje noko bilete av korleis det såg ut der før, men slik ser det iallefall ut no


Jada eg veit at veggane er gyselege, dei skal bli lyse, men ting tar tid... Kommoden fann eg i kjellaren i barndomsheimen og har tilhøyrt mine besteforeldre, den var lys brunaktig, men etter nokre strøk med maling er den blitt lys og fin. Veit ikkje heilt kva knottar eg skal ha på enda, dei som var der skal eg ivertfall ikkje ha. Arild fann fram svarte knottar som vi har hatt liggande lenge, dei er like dei som vi har på kjøkkenet. Det vart faktisk ikkje så verst, og ting som her i huset berre er midlertidige, har ein tendens til å bli permanente...

bursdagskake









Sidan pappa skal feire bursdagen sin i dag, vil eg overraske han med ei kake. Om kaka er god eller ikkje, gjenstår å sjå. Oppskrifta fann eg på bloggen til Tove, og eg må innrømme at eg vart ganske så skeptisk undervegs, men kaka ser god ut den no når den er ferdig.








Benedicte synest det er kjekt når mamma lagar kake, då sit ho i stolen sin på kjøkkenet og følgjer med på mixing og litt frustrerte utrop når det ikkje blir slik som kokken hadde tenkt... Å få slikke slikkepotten, er vel det kvar og ein av oss hugsar frå barndomens kakebaking på kjøkkenet til mor eller bestemor. Sjølvsagt får Benedicte slikke slikkepott ho også...




...men at det blir tomt på slikkepotten til slutt, er ikkje alltid like lett å forstå for eit lite barnesinn. Stakars lisje vennen min.






Her er det ferdige resultatet. Håper den smakar, pappa!

lørdag 11. oktober 2008

nostalgi frå barndomen



I dag har eg tatt meg på tak og fått rydda litt i ei bokhylle vi har ståande oppe i loftsgangen. I den er det mange barnebøker og litt anna lektyre. Denne bokhylla har eg bestemt meg for å ha vekk, og då måtte sjølvsagt bøkene vike. (neida, eg kastar ikkje bøker). Bøkene er sirleg plassert i små kasser godt merka med tittel på bøkene og forfattar, slik at det skal verte lett for meg å leite dei fram ved seinare høve.

Eg kom over nokre bøker frå min eigen barndom. Mormor og dei åtte ungane og Guro-bøkene. Dette var kjære bøker for meg i barndomen. Eg kan endå hugse at mamma sat på sengekanten min og las om denne mormora som var så redd for å ta trikk og korleis ho sov på kjøkkenbenken... For ikkje å gløyme Guro som budde på pensjonat saman med mor si. Faren var død, stakkars jente hugsar eg at eg tenkte.


Denne boka dukka også opp blandt bøker om Postman Pat og Løvenes Konge. Denne eventyrboka brukte morfaren min å lese frå, det var slike kjekke bilete i den. Det var skikkelege fotografi, og eventyrfigurane var dukker. Eg hugsar endå kor eg brukte å dramatisere desse eventyra med mine eigne dukker.

fredag 10. oktober 2008

Ny award


Då har eg fått ein award til. Den fekk eg av Astrid http://www.astridbjordal.blogspot.com/ Tusen takk Astrid, no vart eg glad. Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar på det ein skriv, sjølv om det berre er frå kvardagslivet sitt. Det er jo tross alt flest kvardagar vi har, så då er det viktig å sjå det gode i situasjonane og ta vare på dei. Å blogge, er blitt ein av mine måtar å ta vare på minna på.

Eg vil gje denne flotte awarden vidare til desse flotte bloggane:
http://tovehd.blogspot.com/
http://d-heim.blogspot.com/
http://annalisasblogg.blogspot.com/

Ha ei god helg alle saman!

Sykkelreparatør Reodor Felgen






Som eg nemnte i innlegget mitt i går, så passa eg to av tanteungane mine i går. Sidan det var så fint ute, ville gutane ut å sykle. Joakim hadde sin egen sykkel, men Andrè hadde ikkje med seg, så han måtte få låne. I garasjekjellaren har vi eit rikt utval av diverse utrangerte syklar som vi ikkje har hjerte til å kaste. Vi kan jo få bruk for dei ein dag. Og nettopp det fekk vi denne dagen.
Bakdekket var sjølvsagt flatt, så gutane gjekk laust med liv og lysst for å pumpe det opp, men uansett korleis dei pumpa og bles var dekket flatt. Dekket vart difor nøye undersøkt av desse to ivrige sykkelreparatørane, og dei kom fram til at det var hol i dekket. Som var sant nok, i og med at det var heilt oppmorkna...




Då kom dei på den superglupe idèen (vel og merke i følgje seg sjølve), at viss den eine heldt handa framfor holet og den andre pumpa luft med ei pumpe - som sikkert lak luft nok til å halde i live ein middels stor mann, så ville nok lufta halde seg inne i allefall ei lita stund. Og som sagt så gjort. Denne idèen fungerte sjølvsagt dårleg, så det enda med at karane gjekk på skattejakt i garasjekjellaren. Der fann dei mykje som både kan nemnast og det som ikkje bør nemnast...




Dei enda iallefall opp med å sykle på trehjulsykkel og trøtraktor og var vel fornøgde med det.





torsdag 9. oktober 2008

hausthygge

I dag har eg fri, og skal kose meg i heimen saman med Joakim og Benedicte. Dei to eldste, Silje og Eirik er ute og slyng, slik tenåringar ofte gjer når dei har fri.

Sidan vi har fått besøk av to av tanteungane mine, Eilin og Andrè, har eg sveiva igang vaffelhjarnet og steikt vafler.






Vaflene har gått ned på høgkant og det er vel ingenting som kan måle seg med deilige nysteikte vafler med heimelaga rårørt jordbærsylte på. nam nam!

Oppskrifta på desse nydelege vaflene har eg dessverre ikkje, for her må eg innrømme at eg brukar den ferdige blandinga til Regal. Synest at den smakar fantastisk. I dag har eg i tillegg til blandinga, hatt i litt vanlijekrem så dei vart litt ekstra søte og gode.

No har eg fått tittelen yndlingstante, og det er vel en tittel ein kan leve godt med.

Ha ei fortsatt fantastisk haustferie folkens.

onsdag 8. oktober 2008

Rosa sløyfe-aksjonen



Vart så inspirert av Anne Grethe på http://www.theworldofsandnes.blogspot.com/ om å skrive

litt om rosa sløyfe-aksjonen. Dette er noko som eg brenn veldig for. Har sjølv sett korleis denne snikande sjukdomen øydelegg eit menneske. Mi kjære mamma fekk denne diagnosa for tre år sidan, det var tøft for oss å sjå korleis ho kjempa seg gjennom cellegiftkur på cellegiftkur og deretter veker med stråling kvar dag. No er ho heldigvis frisk, men det er så altfor mange som ikkje blir frisk. Det er difor svært viktig med forsking på dette temaet, slik at flest mogleg kan få bli friske og aller helst at kreften blir oppdaga på eit tidleg stadium slik at ein slepp å gå igjennom månader og kanskje år med liding og behandling.

Eg oppfordrar alle om å støtte årets rosa sløyfe-aksjon i solidaritet med alle dei tapre kvinnen som har kjempa seg gjennom sjukdomen og vunne og ikkje minst for alle dei som har tapt kampen.

lørdag 4. oktober 2008

bursdagsfeiring



I dag har vi hatt dobbel bursdagsfeiring i heimen. Både storejenta mi, Silje og eg har bursdag. Silje har rukke å bli heile 16 år, det er heilt uverkeleg kvar tida har blitt av. Tenk at ho nesten er vaksa. Silje vart faktisk fødd på min 18-årsdag, så då kan dei nyskjerrige sjelene der ute regne seg fram til kor gamal eg er...



Det har ikkje blitt noka storstilt feiring på mor i huset, men vi har sjølvsagt hatt litt familie på besøk. Vi har laga litt kaker og mi kjekke mamma kom med to deilige kaker - ei blautkake med bringebær og vanilje og ei sjokoladekake. Dei smakte fantastisk kjære mamma!

Silje har fått løyve frå øvste hald til å være ute til klokka to i natt, dette går sjølvsagt ikkje heilt upåakta hen her i heimen. Mor sjølv er nervøs for storejenta si, men det går nok bra skal du sjå.



Eg har fått mange flotte gåver i dag, men ei eg sette stor pris på, var denne nydelege engelen. Den traff meg berre rett i hjartet. Eg fekk den saman med eit flott lysfat og te-lysestakar av mi snille svigerfamilie. Tusen takk, eg vart veldig glad for det.

No skal eg setje meg ned å slappe av og nyte siste rest av bursdagen min, eg har hatt ein flott dag saman med familia mi.

Ha ei flott helg alle saman!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.