tirsdag 14. oktober 2008

Er det jul snart???

Det er ikkje til å unngå å legge merke til at handlesstanden har byrja å friste oss med jul. Det heiter så fint at jula varer heilt til påske, men kva tid startar den egentlig? Lett som eg er å friste, så kom eg heim med to eksemplar av juleblad med diverse tips og idèar til ei travel førjulstid.
Eg var egentlig ferdig med handelen for i dag, men då eg var komen nesten fram til kassa på butikken såg eg dei. Desse raude fine posane med årets JULEMARSIPAN! Eg var solgt. Eg måtte berre kjøpe ein pose. Sjølv om ein pose med julemarsipan berre er ein vond oppeggelse her i huset. Både eg og min bedre halvdel elskar desse små og gode sjokoladebitane med deilig marsipan inni.

Sjølv om jula kjem tidlegare og tidlegare, kjenner eg at det gjer egentlig ingen ting, eg synest at det er koseleg med ei lang førjulstid eg. Så folkens...

HA EI FANTASTISK FØRJULSTID!

4 kommentarer:

Tove sa...

Oj, er juleblada komt??? Då må eg ein aldri så liten tur innom butikken i morgon... Kan hende eg kjøper ein pose marsipan òg. Ikkje fordi det har noko med julestemning å gjere, men fordi det smakar så fantastisk godt av fersk marsipan! Ellers så må eg innrømme at eg kjøpte mi fyrste pepparkakeboks i dag, og vi har jammen klart å ete den opp!!! Minstefrøkena har sjølvsagt aldri smakt det før, og vart heilt hekta! Men eg er heilt samd med deg når det gjeld den laaaange førjulstida. Den er viktig og kjærkomen! Og som ungdomsskulelærar er stort sett desembermånaden full av tentamenar som skal rettast og rapportar som skal skrivast. Då er det godt å starte med enkel julekos allereie i okt./nov.!!!!

God jul, forresten!

Astrid sa...

Her må eg seie at er både veldig einig, men også veldig ueinig!
JA; marsipan er godt, og julemarsipan er ekstra godt:)Når det gjeld denne posen så gir eg blaffen i om eg et den anten det er oktober eller desember, ja det same om det er midt i juli!:)
MEN; eg vrir meg i irritasjon over handelsstanden si (etter mi meining) ALTFOR tidlege juleførebuing.
Eg kan hugse som lita kor eg gledde meg til desembermånaden, med julekalender som vi fekk opne kvar dag, og kor julestemninga bygde seg opp for kvar dag fram mot julaftan! Eg er redd at ei altfor tidleg førjulstid vil gi ungane eit anna syn på jul og julebodskapen enn det som "rett" er.
Som vaksen har eg einskilde gongar opplevd at alt som har med jul å gjere ikkje lenger høyrer jula til, når ein går rundt med julestemning to mnd før, og så når endeleg jula kjem så er vi så lei av jula at vi ikkje kan vente med å "hive ho ut". Trist synest eg:(

Men så skal det vere sagt at eg godt kan forstå slik som Tove skisserar her, som lærar der halve desember går med i jobbing; så kan det vere godt å nyte førjulstida litt i forkant:)

Vart visst ein lang kommentar dette, håpar eg ikkje støytar nokon med meiningane mine, for det var ikkje meininga;)

Helsing ei som skal (prøve å)halde seg unna kjøpesentera fram til siste helga før jul;) Så får andre gjere som DEI vil!

Astrid sa...

Retting: siste helga før ADVENT skulle det stå på slutten der, ikkje siste helga før jul! Hahaha! Det skulle tatt seg ut:D

Fam.Sandnes sa...

Ingenting er som fersk marsipan, likar godt desse lange tynne pølsene med eit trekk av sjokolade utan på....gler meg til dei, men må vente til litt nærare jul. Såg i hylla på Asko at dei og hadde juleblad, og dei må nok berre kome tidleg om ein vil bruke nokon av ideane til å produsere julegåva sjølv.
Har allereie fått i hus nokre av julegåvene, må liksom bruke litt av kvar lønn slik at ikkje heile desember lønna går med:)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.