søndag 12. oktober 2008

bursdagskake









Sidan pappa skal feire bursdagen sin i dag, vil eg overraske han med ei kake. Om kaka er god eller ikkje, gjenstår å sjå. Oppskrifta fann eg på bloggen til Tove, og eg må innrømme at eg vart ganske så skeptisk undervegs, men kaka ser god ut den no når den er ferdig.








Benedicte synest det er kjekt når mamma lagar kake, då sit ho i stolen sin på kjøkkenet og følgjer med på mixing og litt frustrerte utrop når det ikkje blir slik som kokken hadde tenkt... Å få slikke slikkepotten, er vel det kvar og ein av oss hugsar frå barndomens kakebaking på kjøkkenet til mor eller bestemor. Sjølvsagt får Benedicte slikke slikkepott ho også...




...men at det blir tomt på slikkepotten til slutt, er ikkje alltid like lett å forstå for eit lite barnesinn. Stakars lisje vennen min.






Her er det ferdige resultatet. Håper den smakar, pappa!

6 kommentarer:

Tove sa...

Så artig at du prøvde kaka.... Håper den smakar til forventningane! Grattis til papsen din!

Dagny sa...

Tusen, tusen takk for award!!! Blei utruleg glad for den. Kjekt at du har smugkika, men enda kjekkare at du ga deg
til kjenne :-D

No skal eg lenkje deg til sida mi, for hit kjem eg tilbake! Ha ein fin søndag, med kake og bursdag og alt i hop ;-)

Cecilie sa...

Kaka smakte nydeleg, men den var ganske mektig. Den kan absolutt anbefalast. Takk for at du delte oppskrifta di med meg Tove.

Kristin sa...

Det får en si:) Flink du. Benedicte er berre heilt skjønn uansett:)

Fam.Sandnes sa...

Nam...kaka såg deilig ut.....her vart det brownis i dag....:)

Fam.Sandnes sa...

Hei igjen:)
Glymde å svare på det du spurde om vognposen :) Nei, han var ikkje vanskeleg å sy, lett som berre det, og billeg. Kjøpte eit svart laken og eit fleecepledd, brukte ei gammal dyne og vips. Du kan no tildømes brette ut voks-i-posen din og teikne rundt han, så har du eit fint mønster. La fleecepleddet opp på dyna, teikna rundt. Sydde der eg hadde teikna, klipte rundt saumen, klipte ut frå lakenet og vrangsydde....veldig enkel måte. Kan vise deg meir om du stikk bort for å hente dressen:)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.