torsdag 23. oktober 2008

Frustrert

Ja, det er nettopp det eg er. Ikkje over det elendige haustveret, snøen langt ned i fjella eller husarbeid som ikkje gjer seg sjølv, men over NAV.
Kva i alle dagar trur dei at dei er??? Eg har hatt ein del med denne serviceetaten å gjere siste to åra, då eg har vore sjukmeldt, gravid og no i permisjon. Ein skulle i allefall tru at dei kunne å legge saman to og to, men neida. Eg måtte be på mine kne om dei ikkje kunne sjå på dette enkle regnestykket ein gong til, berre for å kontrollregne.

Regnestykket var slik:
far permisjon 50%
far jobb 50%
mor premisjon 50%
mor jobb 50%
Dette fekk eg og alle andre som eg snakka med, til å bli 200%, men ikkje NAV - dei kom til 150% dei. Så difor mista eg retten min til foreldrepengar i 3 mnd!!!!
Etter mykje om og men, og trugslar om advokat, fekk eg endeleg dei etterlengta pengane, men det var i september, det blir spennande å sjå om det dukkar opp noko no i oktober.
NAV kunne også opplyse om at dei brukar budbil og ikkje post for sine saker... skal tru om brevduer blir det neste...
Og dei brukar ikkje å brenne ting på cdar, neida, det er mykje enklare med dei gode gamle diskettane.... skal tru om det er desse store litt mjuke, eller om dei har vore så dristige å bruke dei som er små og av hardplast...

Vi strever og sliter og jobber og driter, hva vi enn gjør
så blir det ikke som før.
Man skatter og betaler
de regjerer og befaler.
Helst ikke gjør en dritt
og i alle fall ikke stå på ditt.
Her er det NAV som gjelder
og til dem du melder
slik at de kan få kutte trygd
helst sånn at du ikke maten får tygd.
Er du derimot sløv og lat,
så får du servert på et digert sølvfat.
Jobber du og bidrar litt,
så får du ikke en jævla dritt.
Virker omtrent som de prøver
på å mest mulig arbiedsløse få,
for på det viset de saken legger frem,
skulle man ønske at man aldri måtte jobbe igjen.
Så hipp hipp hurra for jævla NAV.
De klarer virkelig å gjøre ting til et KAV!
Håper ikkje eg har stukke handa inn i eit kvepsebol no, men det er nettopp slik eg føler det for denne etaten, som skal ta vare på rettane til sjuke og svake, som kanskje ikkje er verken oppegåande eller friske nok til å krangle for rettane sine.
Ha ein flott dag alle saman!

3 kommentarer:

Astrid sa...

Måtte le litt no, trass i at det er fortvilande når ting ikkje går som ein forventar!
Var akkurat innom ein annan blogg, der såg eg akkurat det same "diktet" om nav, artig:)
Håpar at det ordnar seg med utbetalinga no i oktober også då, det er så slitsamt og frustrerande å purre på heile tida...

Fam.Sandnes sa...

ja, det skal ikkje vere lett, det som irriterar meg mest der nede er at det faktisk berre er ein viss herre -mann som har greie på barselpermisjonar.....og er han borte eller ikkje tilgjengeleg ,,ja då e me prisgitt å vente på telefon frå denne herremannen...at det tek dagar er visst ikkje så nøye....

Lukke til...

Tove sa...

....for ikkje å snakke om å måtte vente vekesvis på den telefonen, berre for å få vite at "neida, din rett til pappapengar har gått ut, pga at fristen for å melde det inn er ute for to veker sidan!" Kva hjelp det då at ein har ringt, trygla og bedt i FEM veker om å få snakke med vedkomande, men som ALDRI ringer tilbake! Kjenner frustrasjonen på huda....

PS! Har høyrt at brevduene er i kjømda....

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.