mandag 29. september 2008

Award

No har eg fått min aller første award. Hurra!!! Den fekk eg av Anne-Grethe frå bloggen http://theworldofsandnes.blogspot.com/
Tusen takk kjære deg, dette sette eg stor pris på. Eg som er heilt fersk her i blogglandia, har ikkje fått så mange bloggvener, men eg skal sjølvsagt sende den vidare til fem damer med flotte bloggar. Nokre av dei har vel kanskje fått denne awarden frå før, men håper at dei set pris på å få den fleire gongar.

Eg sender den vidare til
http://joannajanina.blogspot.com/
http://bagateller-bagateller.blogspot.com/
http://tovehd.blogspot.com/
http://guroslillehjorne.blogspot.com/
http://lisbethsinlilleverden.blogspot.com/

Håper dokke set pris på denne awarden, dokke har flotte bloggar alle sammen. Send den vidare til fem andre. Ha en fortsatt fin kveld

søndag 28. september 2008

Med melis på toppen


Etter ein ekte haustdag med storm og regn i går, vakna eg i dag til litt sol og det som kunne kanskje bli ein flott haustdag. Då eg kika ut vindauget på badet, såg eg til min store fortvilelse at det var kome snø lang ned i Saudehornet. Eg synest at det er vel tidleg med snø på toppane i september, men det er ikkje så mykje vi kan gjere med det. Det er i allefall ei sterk påminning om at Kong Vinter har byrja å puste oss i nakken og gjer seg klar til nok ein vinter med sludd, slaps og sno.
Uansett, det er vakkert med kvite fjelltoppar som badar i haustsola og lagar vakre kontrastar til dei flotte haustfargane.

lørdag 27. september 2008

Eit rørt morshjarte

Etter at min bedre halvdel har begynt på sin lenge etterlengta pappapermisjon, har han drive ei intensiv trening av lisje Benedicte. Målet var at ho skulle seie pappa før ho sa mamma. Dette målet vart sjølvsagt nådd, med ein tydeleg stolt pappa som vitne. Eg har ikkje stressa noko med å lære ho å sei mamma, fordi eg har tenkt at dei tre andre borna mine, masar på meg til stadigheit og at ho på den måten kom til å få lære seg at eg var mamma.
Mamma-ordet har lete vente på seg - heilt til i dag tidleg då eg vakna av ei lita spinkel barnestemme somsa forsiktig "mama" og ei lita hand som stakk utgjennom sprinklene på senga. Tenk at eit så lite ord, kan smelte ei trøtt mamma på denne måten

fredag 26. september 2008

God helg til alle saman



Er berre innom ein liten tur for å ønske alle sammen ei god helg. Eg har ikkje fått blogga like mykje som eg i utgangspunktet hadde tenkt, men skal prøve å kome sterkt tilbake seinare. Det har blitt ein del jobbing på meg siste vekene, men håpar at det roar seg litt ned no framover slik at det blir tid til meri blogging.


Så til alle dei som forvillar seg inn på bloggen min:


HA EI STRÅLANDE HELG!


mandag 22. september 2008

Bryllaupsdagen vår


I dag har Arild og eg bryllaupsdag. Vi har faktisk ikkje vore gifte meir enn i to år, men det kjennest som ei heil evigheit - kanskje det er fordi vi har vore saman i over 12 år no.
Eg har lagt ved eit bilete av brudebuketten min slik den ser ut i dag. Den er visna og sikkert litt støvete, men det er heldigvis ikkje kjærleiken vår til kvarandre.
Eg er ei enkel jente utan krimskrams og juggel - men eg er komplisert nok til å gje deg magesår. Eg set ærlegdom, fordomsfrie og lojale menneske høgt. Eg elskar varme frå andre menneske - men ikkje kvar som helst og med kven som helst.
Arild - ej elska dej!

søndag 21. september 2008

Stemningsbilde frå gangen



Tenkte eg skulle vise litt av gangen vår. Eg kan vel ikkje lyge på meg ein flott og fin gang... sjølv om eg veldig gjerne skulle det. For ca fire år sidan, kjøpte vi eit gamalt hus, vi hadde knappe seks veker på oss til å pusse det opp innvendig før vi måtte flytte inn. For å unngå diskusjon med min bedre halvdel, blei det lagt panel på alle gangane og soveroma. Dette med lovnad om at eg skulle få male det lyst. Eg veit ikkje kor mange gongar diskusjonen har vore oppe her i huset, men for å gjere ei lang historie kort - gangen er framleis umala... panelen er byrja å gulne så vakkert... og det viser tydeleg kvar vi har hengt opp bilder. Eg trur eg spyr!!!
No byrjar eg å bli ganske utolmodig, så ein skal ikkje sjå bort ifrå at eg tek saka i eigne hender ein vakker dag. Må vel bruke litt kvinnelist og kanskje love litt meir enn eg strengt tatt klarer halde, men kva gjer ein ikkje for å få viljen sin?



Ein fin liten blome



Ein fin liten blome i skogen eg ser
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å, nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vere meg nær,
Gud Fader, han vernar om meg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.






onsdag 17. september 2008

Frå kjøkkenet mitt


Tenkte at dei som kikar innom bloggen min, skulle få sjå litt av korleis vi har det er heime hos oss. så då tenkte eg at eg kunne starte med kjøkkenet. Kanskje kjem det fleire bilete der ifrå, men her er iallefall ein liten smakebit. Bilete frå fleire rom kjem etterkvart.

tirsdag 16. september 2008



Sjølv om Benedicte berre er 8 mnd, er ho allereie blitt ei bestemt lita frøken. Ho vil gjerne gjere sjølv, både når ho skal ete graut, skive og drikke av kopp. Dette byr sjølvsagt på store utfordringar for koordinasjon og finmotorikk, men ho er tolmodig og gir seg ikkje. Her skal ho drikke av koppen sin sjølv, ho kava ei stund, men fekk det til etter ei laaang stund og mange utolmodige hyl.

mandag 15. september 2008

Farmor si gode sylte


Mi kjære svigermor lagar verdens beste sylte, og vi har vore så heldige å få med oss heim eit par glas. Sylta er ei blanding av ripsbær og bringebær og den smakar berre himmelsk. Lisje Benedicte synest at den var veldig god ho også. Nam nam sa ho då ho fekk første biten i munnen.
Eg må innrømme at det var vel egentlig Joakim som skulle få desse sylteglasa, då han er veldig snever i påleggsverdnen, men sylta rakk aldri å kome på meir enn to skiver til stakkars Joakim, før mamma hadde ete opp alt saman. No har Joakim klaga til farmor - og farmor ville heldigvis kome med meir sylte...

I dag har eg prøvt å være husmor, har faktisk vaska kjøkkenet - so no er der så koseleg at det faktisk var kjekt å lage middag. Skulla vel ha lagt ut bilde av kor fint der vart, men det får eg gjere ein annan dag. Ein får håpe og tru at det held seg ryddig iallefall nokre dagar...
No skal eg snart til å fare på klubb bort med Guro, det blir kjekt å få litt voksenkontakt å tyte litt med likesinna.

Ho hadde rett ho Tove frå bloggen Tankar frå ein kvardag, om at ein blir avhengig av å blogge, no går eg berre rundt med kameraet og lurer på kva eg skal ta bilde av og blogge om.

søndag 14. september 2008

ein deilig søndag


Vi vokna opp til ein fantastisk søndag, så då var det berre å pakke tursekken og kome seg ut. Vi er så heldige å ha eit fantastisk turterreng rett utanfor stovedøra, så i dag var målet Skåla. Det er ei flott utsikt derifrå, sjølv om vi ikkje er så høgt over havet. Vegen opp er ganske bratt, så mor i huset vart faktisk sliten... (litt pinleg å innrømme at ein 6-åring sprengjer mora si på fjellet, men sånn er det) Eg må vel ta meg sjølv i nakken å bruke denne flotte naturen rundt oss litt meir.

Då vi var komne heilt bak i Skåla, fekk Benedicte kome ut av beremeisa og ned på bakken for å utforske saker og ting. Alt skal selvfølgeleg i munnen, så vi måtte passe godt på. Det er veldig spennande med både steinar og sand - om det smakar godt eller ikkje spelar lita rolle.

På vegen heim, møtte vi på denne karen her, om det er ein prins eller ikkje forblir ei gåte, for han forsvann så raskt.
Eg for vel ha nok med dei prinsane som eg allereie har...
- spennande for Joakim var det iallefall

lørdag 13. september 2008

Ved til vinteren




Saman med nokre naboar, eig vi ein liten skogsteig like ovanfor der vi bur. No var det på høg tid å tynne litt ut skogen som veks der. Arild og naboen vår Finn har holdt på å veda der oppe no i nokre dagar, so no skal vi ikkje fryse til vinteren.

Joakim har vore ein fast følgesvenn på desse skogsturane. Han er ein ivrig arbeidskar, berre han har med litt saft og kjeks. Her er han i full gang med å lage eit fint vedalad.





årringane avslører alderen på trea. Det er nesten synd at alle desse flotte trea har måtta falle for at eg skal være varm og god på føtene til vinteren, men slik er det berre. Det hadde vel grott heilt igjen der oppe i skogen hadde det ikkje vore for at Arild og Finn har vore der og tynna ut.

Lune haustkveldar




No blir det stadig mørkare om kveldane. Eg må berre innrømme at eg er svært glad i denne mørke årstida. Det er så koseleg å sitte inne med fyr i ovnen og stearinlys på bordet og kose seg saman med dei ein er glade i.

torsdag 11. september 2008

Då var eg blitt ein bloggar

Ja, då har eg tatt vegen ut i den store bloggverda, og skal prøve meg på å lage ein blogg. Kva denne kjem til å innehalde, veit eg ikkje heilt enda, men det blir vel litt tankar og bilete frå kvardagslivet her oppe i Grepalia.

Eg må vell innrømme at eg har snike litt rundt å kika på diverse bloggar både frå fjernt og nært for å få litt inspirasjon til å starte blogginga.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.