søndag 14. september 2008

ein deilig søndag


Vi vokna opp til ein fantastisk søndag, så då var det berre å pakke tursekken og kome seg ut. Vi er så heldige å ha eit fantastisk turterreng rett utanfor stovedøra, så i dag var målet Skåla. Det er ei flott utsikt derifrå, sjølv om vi ikkje er så høgt over havet. Vegen opp er ganske bratt, så mor i huset vart faktisk sliten... (litt pinleg å innrømme at ein 6-åring sprengjer mora si på fjellet, men sånn er det) Eg må vel ta meg sjølv i nakken å bruke denne flotte naturen rundt oss litt meir.

Då vi var komne heilt bak i Skåla, fekk Benedicte kome ut av beremeisa og ned på bakken for å utforske saker og ting. Alt skal selvfølgeleg i munnen, så vi måtte passe godt på. Det er veldig spennande med både steinar og sand - om det smakar godt eller ikkje spelar lita rolle.

På vegen heim, møtte vi på denne karen her, om det er ein prins eller ikkje forblir ei gåte, for han forsvann så raskt.
Eg for vel ha nok med dei prinsane som eg allereie har...
- spennande for Joakim var det iallefall

1 kommentar:

♥bagatellar♥ sa...

Bruka lady interiør 40, altså oljemaling med glans 40. På møblane he ej brukt egghvit, den e litt gulare i tonen enn rein kvit som me vanligvis bruka på liste og karma, men e fortsatt kvit om du forstår. E det nåken som kan sprenge en so e det desidert en seksåring hehe:-D

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.