søndag 30. november 2008

Kalender, julemannar og julegrantenning

No er det på tide å få opp adventskalenderane til borna. Eg har laga dei kvar sin, med namnet deira brodert øverst oppe. Eg er ganske stolt av desse kalenderane, det var litt av eit arbeid å brodere dei, men resultatet er eg strålande fornøgd med. Det som er det verste med desse kalenderane, er å finne på ting å ha inni pakkane som skal henge på. Eg har i boks alle smågåvene til Silje, Eirik og Joakim, men det er verre med Benedicte, kva i alle dagar gir ein ei lita prinsesse på 11 mnd? Har kjøpt nye smokkar og litt hårpynt, badeleiker og litt anna.


Tradisjonen tru, så har vi baka julemannar i dag. Det gjer vi alltid 1. søndag i advent. Då pakkar vi kjevler og forkle og tek turen til mamma i Volda, der brukar vi å samlast å bake saman. I år vart det likevel litt annleis, for Camilla og Jan Erik er i Thailand, så dei var der ikkje, men Martin og Leah var med og hjalp til.
Joakim kjem nok til å bli bakar når han vert stor, han elskar å bake og kjevle. Han kan halde på i timesvis.
Benedicte var for det meste tilskodar, ho prøvesmakte litt på julemanndeiga, men det kom fort ut att. Det smakte visst ikkje noko særleg.
Vi har også rukke å få med oss juletretenning oppe i Skåla i ettermiddag. Vi pakka på oss tjukke og gode kle, leita fram hovudlykter sette Benedicte opp i bæremeisa og traska oss oppover skålavegen. Vel oppe var det medaljar til alle borna og salg av julebrus, kaker, muffins og gløgg. Vi song nokren julesongar og lysa på "treet" vart tende. (bilete er litt dårleg, men slik vart det).Nissen kom også fram for å sjå kva som gjekk føre seg oppe på fjellet denne søndagen.

fredag 28. november 2008

Sjå kor flotte dei er

I dag har det vore mote- og hårshow på Amfi-senteret her i bygda. Dei to eldste borna mine, Silje og Eirik gjekk hårmodellar for Chess frisør.


Silje viste ei fin festfrisyre. Håret var satt opp og hadde store krøllar. Ho var verkeleg flott. Dronninga vår som vi kallar henne.

Eirik hadde fått ein tøff klipp, stripa håret med lyse striper og farga det med blåsvart i luggen og langs kanten nede på håret bak. Han var "dritstili".

Eg er verkelg stolt over desse flotte ungdomane mine.

Utfordring

Eg har fått ei utfordring frå Monica frå bloggen http://acinomevats.blogspot.com/. Eg skal fortelje 7 ting om meg sjølv som kanskje ikkje så mange veit, og sende utfordringa vidare til 7 andre bloggarar.

Sjølvsagt tek eg utfordringa, men eg må nok tenke litt... skal vi sjå. Veit ikkje heil kvar eg skal begynne.

1. Eg har kun ei søster, og ho er nesten 10 år yngre enn meg sjølv.
2. Reiste mykje i Tyskland i mine yngre dagar.
3. Fekk mitt første barn, Silje, på 18-årsdagen min.
4. Har vore innom dei fleste ballidrettane (fotball, handball, basket, volleyball).
5. Har gullmedalje i landevegsritt i sykling.
6. Hulkar høgt når eg ser Ghost (filmen altså).
7. Har sjukehusskrekk.

Denne utfordringa sender eg vidare til desse bloggarane:

Håper utfordringa blir tatt godt imot.

onsdag 26. november 2008

Fingermaling

I dag var det slikt eit forferdeleg ruskevêr ute, så då var det å leite fram fingermaling og blanke ark. Benedicte har aldri fingermala før, men ho gikk laus med liv og lyst. Trur kanskje ho er ein kunstnarspire...

Ho hadde stort tolmod og sat lenge med malinga og kosa seg. Ho som er så fel til å stappe alt i munnen, prøvde ikkje på det med denne malinga - heldigvis. Men fingermaling inne i øra, det hadde ho.


Storebror Joakim og storesøster Silje ville også prøve seg litt. Det er kjekt med større søsken som hjelper til og vil vere ilag med.

To Molly - with love



Eg og alle andre i blogglandia vart oppfordra til å gje vår støtte til Molly som er i ein vanskeleg livssituasjon, og ikkje har det så greitt om dagane. Eg heng meg sjølvsagt på og gir mi fulle støtte til denne flotte dama.
Eg oppfordrar alle som les dette til å støtte Molly i denne vanskelege tida.

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt- og komme tilbake.

søndag 23. november 2008

Unn deg et øyeblikks ro;
da forstår du hvor fånyttes
du haster omkring.
Lær deg
å tie; da merker du at du har
snakket altfor mye.
Vær vennlig;
da innser du at din dom over
andre var altfor hard.

lørdag 22. november 2008

Vinterglede



Etter mange dagar med surt ruskevær, var det endeleg så pass at vi kunne ta med oss Benedicte ut. Ho har aldri vore ute i snøven før, så det var veldig spennande. I starten var ho rett nok litt sint, men det var før ho fann ut korleis ho skulle bevege seg og kome seg framover med alle dei tjukke kleda på.

Joakim var tøff storebror som knuste snøfalk med både hender og haud, Benedicte var ivrig tilskodar og latteren sat laust.



Det var stor stas å få krype ute i snøven, så vi kryssar fingrane for at det flotte været vi har hatt i dag skal halde seg, og at vi slepp fleire snøstormar slik som vi hadde i går.

torsdag 20. november 2008

Julegåvehandling og utmerkingar





I dag har eg fått unna litt julegåver, eg har stroke ut 7 heldige frå lista mi, så no er det berre maaaaange att. Ja, ja får ta det litt etter kvart. Eg kom over DVD-en "Det var en gang et menneske", seria om verdshistoria sett med barneauge. Eg kunne ikkje gå frå denne nostalgiske perla (i allefall i mine auge). Det er meininga at Joakim skal få den i julegåve, men veit ikkje om mor i huset greier å vente med å sjå igjen Mester, Stein, Ståle, Brutulf og alle dei andre i serien. Kanskje må forseglinga brytast slik at eg kan få "godkjenne" desse filmane før dei havnar under juletreet...




Eg har gått tilbake til mammapermisjon etter tre månader med gradert uttak, så no har eg fri heile dagane. Eg og Benedicte (eller Lillegull som vi også kaller henne) kosar oss i heimen. Med tida skal vi begynne med julebaksten, men det er litt tidleg enda. Vi brukar å la startskuddet gå med julemannar 1. søndag i advent. Så den tradisjonen må vi prøve å halde på.


Her er Lillegull 1 mnd gamal, det er heilt utruleg kor fort tida har gått, tenk at ho er 10 mnd allereie...


UTMERKINGAR


Eg har fått to nye utmerkingar sidan sist eg var her på bloggen min. Tusen takk til Monica og Tove for dei søte utmerkingane dei har gitt meg. Dei varma eit monstermammahjarte.


Denne skjønne pusen fekk eg frå Tove i frå http://tovehd.blogspot.com/ Tusen takk. det er alltid så koseleg å stikke innom bloggen din. Du skriv så mange innlegg som får meg til å tenke på kor skjøre vi er og kor viktig det er å ta vare på kvarandre i ein hektisk kvardag.

Denne søte dalmatinervofsen fekk eg frå Monica frå bloggen http://acinomevats.blogspot.com/. Tusen takk kjære nabo. Du har ein flott blogg som eg stadig kikar innom.

Eg må tenke litt på kven som skal få desse uterkingane frå meg, så det kjem eg tilbake til ved eit seinare høve.

Ha ein fantastisk ettermiddag, husk å ta vare på kvardagen, det er dei vi har flest av!

torsdag 13. november 2008

Monstermamma

Ja, i dag er eg verkeleg ei skikkeleg monstermamma. Benedicte vokna klokka tre i natt, og då var det tydelegvis dag i hennar auge. Eg kan hugse at det var slik ei periode då Joakim var på same alder, men hadde fortrengt dert, heilt til i natt. Når ein sit slik ein sein nattestime, med prinsessa leikande på golvet framfor seg kan ein begynne å lure på kvifor ein i det heile tatt fekk born. (ikkje misforstå meg, eg hadde ikkje kunna vore dei forutan). Frå å føle at eg hadde alt under kontroll , vart det fort slutt på det, då born nummer fire såg dagens lys. Det var på denne tida det flytta inn ei ny dame hos oss: Monstermamma. I starten dukka ho opp berre av og til, men i det siste er ho her nesten kvar dag. Ho har stort sett alttid sterkt samanbitte tenner og pustar tungt ut av nasa. Og du kan tru ho kan brøle, ho brøler så fråden står ut av munnen på henne. Trur kanskje ho er ein slektning av Terminator eller noko der omkring. ho er rett og slett ei plage, ein svært uønska gjest, ho kjem alltid uanmeldt, og til dei mest upassande situasjonane ein kan tenke seg. Ho terroriserar heile huset når ho kjem, og det er nesten umogleg å bli kvitt ho, når ho først har inntatt huset. Ein ting skal ho ha denne monstermammaen, når ho er ferdig med dagens terrorisering, er det faktisk litt stillare i huset, både born og vaksne trør litt meir varsamt enn dei ellers brukar. No har denne monstermammen fått godt rotfeste her i huset, og eg er redd for at ho skal ta over heile livet mitt, vil ikkje at mannen min skal vokne opp med ei monstermamma i senga kvar morgon, eller at borna skal ha med ei monstermamma på skulefestar og på idrettsarrangement. Eg prøvar febrilsk å leite etter denne supermammen som eg sjølv meinar at eg ein gong var, men ho står der berre som ein vag skugge av seg sjølv, totalt tilsidesatt av denne monstermammaen. Får verkeleg håpe at det er Supermammaen som vinn denne kampen til slutt. (ikkje minst for borna sin del).

HA EIN FLOTT DAG ALLE SAMAN!

onsdag 12. november 2008

Åndenes makt

På søndagskveldane sit eg spikra til TV-skjermen og føløgjer med på TVNorge-programmet Åndenes makt. Kvifor eg er så facinert av dette programmet, er vel fordi eg har opplevd ein del uforklarlege ting opp gjennom åra. Eg har både sett og høyrt ting som for skeptikarar ikkje er mogleg. Eg snakkar ikkje om kvitkledde spøkelser som går rundt og raslar med kjettingar, men om diffuse skapningar og uforklarlege lydar.



Eg har vakse opp i eit gamalt hus i Volda sentrum, det var der eg byrja å høyre uforklarlege lydar. Der har eg aldri sett noko, men lydane som eg har høyrt der har inga logisk forklaring. Jenta mi Silje "såg" ei gamal dame der, då ho var to år gamal, men ingen av oss andre såg noko. Huset er bygd av min oldefar på begynnelsen av 1900-talet og ligg rett ved kyrkjegarden, om det var ei kvilelaus ånd på vandring derifrå eller om det var ein av mine forfedre, veit eg ikkje, for vi vaksne såg ingenting.




Etter at eg vart vaksa, har eg ikkje tenkt så mykje over desse åndelege skapningane som kanskje er rundt oss. I allefall ikkje før eg hadde budd i huset som vi leigde i Håkonsgata. Etter nokre år, byrja det å skje dei mest utrulege ting der. Ting forsvant for så å dukke opp, ein gamal cd-splar som ikkje hadde virka på fleire år, byrja plutseleg å spele utan at kontakta eller batteri var i. Vindua opna og lukka seg av seg sjølv og vi høyrde kor folk gjekk i trappa om natta. Til slutt vart det så ille både for meg og borna, at vi måtte tilkalle profesjonell hjelp for å bli kvitt desse åndene. Det kom eit medium og tilkalla seg åndene, medan eg, søstra mi og ein annan leigetakar var til stades. Det er heilt ubeskriveleg korleis stemninga i romet vart. Det vart iskladt på ein veldig merkeleg måte. Mediumet som var der, kunne fortele at der var tre ånder, ein mann og to små born. han hjalp desse over til den "rette sida" og etter det, vart det ei heilt anna atmosfære i huset. Borna som hadde vore plaga med nattesøvnen, begynte å sove heile natta og ting slutta å forsvinne.



Etter at vi flytta opp i Grepalia har eg begynt å oppleve diverse saker og ting på nytt. Eg har sett både ein kvinneskikkelse og ein mannsperson, mannspersonen såg også Joakim, den yngste av gutane mine. Han sto og kika ut gjennom glaset på gangen ein dag vi køyrde til barnehagen. Ein gong var eg vitne til at ein plaspose som låg på eine kjøkkenstolen, vart løfta over på ein annan stol, utan at det var nokon andre i romet. Då hadde eg besøk av ei veninne, og vi var vitne til denne hendinga begge to. ein annan gong sat eg ved datamaskina på loftet og høyrde kor nokon romstrerte inne på badet, der var ingen, men alt som var i skapet mitt var flytta opp på øverste hylle. Arild har også høyrt snikring i kjellaren og uforklarlege lydar.

Her ei natt Benedicte ikkje ville sove, gjekk eg og ho ned på stua, og medan vi sto på stovegolvet, slo TVen seg på av seg sjølv...



Eg er i allefall overbevist om at det er meir mellom himmel og jord enn det vi veit.



Det hadde vore artig om fleire kunn dele slike historier, for eg er vell ikkje aleine om slike opplevingar vil eg tru (og håpe)

torsdag 6. november 2008

Ny utmerking!

Eg har fått ei ny utmerking (tidlegare kalla award) frå Astrid i http://astridbjordal.blogspot.com/ Tusen takk Astrid, det er så koseleg at bloggen min blir lesen og satt pris på av andre meir røynde bloggvener.

Denne utmerkinga vil eg sende vidare til desse flotte bloggane (kanskje har de allereie fått denne utmerkinga, men eg vel å gje den vekk til dokke likevel)

Monica i http://acinomevats.blogspot.com/

Anna Lisa i http://annalisasblogg.blogspot.com/

Dagny i http://d-heim.blogspot.com/

Anne Grethe i http://theworldofsandnes.blogspot.com/

Ha ein fortsatt fin kveld alle saman.

onsdag 5. november 2008

Talet er 4

Så har eg fått ei ny utfordring, den fekk eg av Anne Grethe i http://theworldofsandnes.blogspot.com/. Eg likar godt utfordringar, så denne skal eg ta. Den var ikkje særleg vanskeleg heller...



Her kjem mine 4-tal:

4 jobbar eg har hatt:

Viking Fjord Hotell (som snart blir heitande Hotell Ivar Aasen) her jobba eg i serveringa, det var ein kjekk og hektisk jobb, men passa svært dårleg saman med eit familieliv, då det vart mange og laaaange kveldar og tidlege morgonar.

Folkestad barnehage. Her var eg sommarvikar.

Statoil. Her jobbar eg fortsatt, det er ein super arbeidsplass med mange kjekke kollegaer.

IK reklame. Her har eg jobba sidan firmaet var nytt. Det starta som ei lita familiebedrift, men veks stadig med fleire ansatte og auka arbeidsmengd og større utfordringar.

4 filmar eg kan sjå oppatt:


Pretty Woman... sukk



Dirty Dancing, trur eg har sett denne filmen 100 gongar og blir aldri lei.



Harry Potter... (jada, eg har sett filmane, og ser dei gjerne ein gong til)



Mormor og dei 8 ungane. (synest at desse filmane er så koselege at eg gjerne ser dei oppatt fleire gongar, det er berre så dumt at vi har dei berre på VHS)

4 stadar eg har budd:

Volda, her har eg vakse opp og det er mi barndomsbygd.

Åmdal, her budde eg ei kort periode medan Silje var lita

Hovdebygda, jauda eg har vore hovdis også

Ørsta, her bur eg no, og er vell egentlig blitt ein ekte ørsting


bilete har eg lånt frå voldaveiret.no

4 tv-show eg likar/har likt:
Greys anatomy

Criminal minds

Senkveld

Hotel Cæsar

4 stadar eg har vore på ferie:

Bilferie til Italia då eg var lita (ein fantastisk tur, der eg fekk sjå og oppleve mykje kjekt)


Tyskland, her var vi nesten kvart år, då eg var lita. Vi tok båt frå Oslo til Kiel og køyrde avgarde for å sjå og oppleve nye stadar. (takk til mamma og pappa som tok meg med på alle desse fantastiske ferieturane)

Danmark

Kreta, 1. sydenturen eg var på (og faktisk den einaste) vi reiste heile familia, eg, Arild,Silje og Eirik (Joakim og Benedicte var ikkje fødde), mamma og pappa og lisjesystra mi Camilla.


4 websider eg vitjar kvar dag.


bloggen min


facebook


yr.no (må sjekke veiret veit du)


vg.no


4 stadar eg heller ville ha vore no




På denne stranda i det fjerne austen, saman med min kjære

I senga mi (det begynner å bli seint)

På hytta på Folkestadsætra

ellevill shopping med ei utømeleg lommebok

4 bloggar eg sender utfordringa vidare til:

Camilla http://camillasinkvardag.blogspot.com/

Ida Mari http://idamarimeland.blogspot.com/

Astrid http://astridbjordal.blogspot.com/

Sissel http://bagateller-bagateller.blogspot.com/

Håper de tek utfordringa på strak arm.

tirsdag 4. november 2008

Når tårene trillar

I dag er ein av dei dagane der tårene sit laust. Eg veit ikkje kvifor somme dagar er slik, men det er vel ein måte å få avreagert på. Det har ikkje hendt noko spesielt, tårene renn likevel. Det har vore så mykje å tenke på dei siste dagane. Benedicte er sjuk for første gong, eg er bekymra og redd. Kvifor eg er det, veit eg ikkje, ho er ikkje alvorleg sjuk, berre snårete og hostar, men likevel renn tårene

Etter at eg fekk born nr. tre, har tårene site ekstra laust, det skal ikkje mykje til for å vippe meg av pinnen. Ein kjærleg klem frå ein eg er glad i. Lubne småskitne barnehender som held trygt rundt mamma sin hals. Eit lite kjærteikn i kvardagen, og tårene renn.

Det er ikkje alltid det passar seg at desse hersens tårene trillar. Søndag køyrde eg forbi kyrkjegarden, det var Allehelgensdag og det lyste så fint frå alle gravene, då rann tårene. Eg tenkte på kor eg sakna mormora og morfaren min. Tenk kor glade og stolte dei hadde vore dersom dei hadde fått oppleve dei flotte borna mine, men det fekk dei dessverre ikkje.

Det er ikkje alltid det passar seg at desse hersens tårene trillar. På skulefestar der alle dei små borna syng av full hals, får tårene til å renne. Barnetoget med alle dei festpynta borna på 17. mai, får tårene mine til å trille. Tårene trillar i barnedåp, konfirmasjon og bryllaup, eg føler meg ofte litt dum når desse tårene til stadigheit flaumar over, men slik er eg altså. Lett for å ta til tårene.

Ha ein flott kveld alle saman, eg må sta å tørke tårene mine...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.