torsdag 20. november 2008

Julegåvehandling og utmerkingar





I dag har eg fått unna litt julegåver, eg har stroke ut 7 heldige frå lista mi, så no er det berre maaaaange att. Ja, ja får ta det litt etter kvart. Eg kom over DVD-en "Det var en gang et menneske", seria om verdshistoria sett med barneauge. Eg kunne ikkje gå frå denne nostalgiske perla (i allefall i mine auge). Det er meininga at Joakim skal få den i julegåve, men veit ikkje om mor i huset greier å vente med å sjå igjen Mester, Stein, Ståle, Brutulf og alle dei andre i serien. Kanskje må forseglinga brytast slik at eg kan få "godkjenne" desse filmane før dei havnar under juletreet...




Eg har gått tilbake til mammapermisjon etter tre månader med gradert uttak, så no har eg fri heile dagane. Eg og Benedicte (eller Lillegull som vi også kaller henne) kosar oss i heimen. Med tida skal vi begynne med julebaksten, men det er litt tidleg enda. Vi brukar å la startskuddet gå med julemannar 1. søndag i advent. Så den tradisjonen må vi prøve å halde på.


Her er Lillegull 1 mnd gamal, det er heilt utruleg kor fort tida har gått, tenk at ho er 10 mnd allereie...


UTMERKINGAR


Eg har fått to nye utmerkingar sidan sist eg var her på bloggen min. Tusen takk til Monica og Tove for dei søte utmerkingane dei har gitt meg. Dei varma eit monstermammahjarte.


Denne skjønne pusen fekk eg frå Tove i frå http://tovehd.blogspot.com/ Tusen takk. det er alltid så koseleg å stikke innom bloggen din. Du skriv så mange innlegg som får meg til å tenke på kor skjøre vi er og kor viktig det er å ta vare på kvarandre i ein hektisk kvardag.

Denne søte dalmatinervofsen fekk eg frå Monica frå bloggen http://acinomevats.blogspot.com/. Tusen takk kjære nabo. Du har ein flott blogg som eg stadig kikar innom.

Eg må tenke litt på kven som skal få desse uterkingane frå meg, så det kjem eg tilbake til ved eit seinare høve.

Ha ein fantastisk ettermiddag, husk å ta vare på kvardagen, det er dei vi har flest av!

3 kommentarer:

Monica S sa...

Hei!

Eg har også lagt merke til desse dvd'ane frå barndommen.. hehe! Mon tru om dei er like kjekke i dag??
Vi fekk no lære litt av kvart når vi såg desse kan eg huske!

Gratulerer med PUSEN.. den var søt!

Og ja.. e det ikkje litt "skummelt" at tida går så rasande fort!!!!?!?!??! huff!
til våren tenkje eg at Benedicte spring rundt i hagen og storkosa seg ilag med dei andre ungane! :-)

Siren sa...

Den hadde jeg ikke tenkt på før, å gi "det var en gang et menneske" i julegave...kjempelurt! Ja av og til så er det bare litt maling som skal til, og vips så har man fått seg en "ny ting"!
Ha en flott helg!
:)

Kristin sa...

"Det var engang et menneske" er godt likt her i huset. Daniel fekk det med tante Åsa i julegåve for nokre år sidan. Eg såg det hadde dukka opp fleire seriar også; "Det var engang Amerika", "Det var engang verdensrommet og "Det var engang livet". Artig:)

Lillegull har vorte så stor at:) Ho er berre kjempegod:)

Ha ein triveleg laurdag vidare:)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.