torsdag 10. mars 2011

Interiørhjelp frå husbonden

Eg har stort sett fått regjert på interiørfronten her i huset. Husbonden har igrunnen latt meg frå frie tøylar. Jauda, innimellom har han himla ganske so høgt av innfalla mine, men eg har alltid fått det siste ordet - heilt til no...


Etter jobb i dag, tok vi oss ein tur til Ulsteinvik, vi var på leit etter ein BMX-sykkel til bursdagsguten vår.   Det er ikkje enkelt å finne sykkel på denne tida av året, butikkane har så vidt begynt å få inn vårtinga sine, så sykkel fann vi ikkje i Ulsteinvik heller...

På leit etter ein sykkel dumpa vi visst innom Biltema...   Tilfeldig? neppe... Har store problem med å forstå korleis ein kan tråle opp og ned langs endelause reolar og sjå på skruar, fugemasse og andre usaklege ting, men det er visst ikkje alt ein skal forstå seg på heller. Det er jo mykje kjekkare å sjå på fine koppar og fat, dukar og stearinlys...




På denne "fantastiske" mannabutikken kom han over denne lommelykta som berre måtte bli med heim, har alltid hatt bruk for ei slik ei, dei er så kjekke... (sitat mannen)...

Eg tenkte vel at den kom til å bli plassert i garasja eller i kjellaren, men kor feil kan ein egentlig ta??? Då eg kom heim etter ei runde med bursdagsinvitasjonar saman med bursdagsbarnet, var den møysommelig plassert på kjøleskapet med sugekoppar!!! Ei lommelykt på lading fint hengt opp på kjøleskapet, godt kamuflert av lysestakar og påskeliljer. Er det mulig!

"Skal ikkje ej få lade lommelykta der ej vil i mitt eige hus en gong?" Hjelp kvar skal dette ende!




Då eg ikkje trudde det kunne bli verre, jauda, då vart det verre! Kjære vene, fugeskum i vinduskarmen på stua?




For den spesielt interesserte, så har eg snudd flaska, eller kva det no i alle dagar heiter, slik at etiketten kjem til syne.


Ha ein fin kveld!

onsdag 16. februar 2011

Ha en flott dag

Ville berre innom og ønske alle en strålande dag. Her skin sola frå ein fantastsik flott vinterhimmel og minusgradene kjempar mot sola.

Eg skal straks på jobb, seinskift i dag, men tida går fort når ein har det kjekt - så akkkurat det, ser eg ikkje mørkt på. Det verste med seinskifta er at eg ikkje får sjå smågolla mine. Benedicte søv når eg er ferdig, Joakim skal straks i seng og Eirik er ute "å reke" (som vi seier det her).



På kjøkkenbordet har eg nokre nydelege vårblomar, håper berre eg klarer å halde liv i dei ei stund. Det blir så mykje koselegare med vakre blomster på bordet synest eg.



Denne søte boksa kjøpte eg då eg var på tur til Oslo. Det er ei fin Tilda-boks som eg har diverse ting og tang oppi (eller rot, som husbonden kallar det...)




Nei, eg får vell hoppe i jobbkleda og kome meg på jobb.

Ha ein strålande dag alle saman!

See you

søndag 13. februar 2011

Litt meir gang

Sola skin frå ein knallblå himmel, men det er litt kaldt ute synest eg. Gutta boys er på Bondalseidet og renn slalom/snowboard og eg og lissjesnuppa kosar oss heime med litt kakebaking og Pippi på DVD. Deilig med lange og late søndagar.

Medan kaka står i ovnen, rekk eg å blogge litt. Tenkte å vise litt meir gang.


Då vi kjøpte dette huset, var det dette som var yttergangen. Etter ein lang og våt vinter med uante mengder med våte ytterkle og mange skulesekkar og treningsbaggar liggande å slenge over heile gangen, bestemte vi oss for å bygge ny yttergang. Den har eg vist bilete av før, så no blir det "gamlegangen" som skal visast fram.


Vi har malt panel både på veggar og tak, synest det er så fint. Det var ein del arbeid å male alt saman, men resultatet vart bra synest vi.

Skapet har eg kjøpt hos Perfect home, likte det veldig godt. Veit ikkje heilt kva eg skal ha inni det enda, men enn så lenge står der nokre gamle sølvkoppar som absolutt burde ha vore pussa før dei vart vist fram på bloggen...


Dette nydelege skiltet fekk eg av storejenta mi, som har flytta til Ålesund for å fullføre lærlingtida si. Saknar ho veldig, men ho er flink til å kome på besøk og dessutan har ho lovt å flytte tilbake til heimbygda si når lærlingtida er over om eit år. Det gleder vi oss til.




Denne fine lykta var eg så heldig å få som vertinnegåve, då eg heldt eit homeparty for ei veninne som driv med salg av Perfect home-artiklar. Den er kjempefin og det er så koselig å tende lys i den om kveldane.




Denne knaggrekka har eg vist bilde av før, men den er så søt at den får bli med i dette inlegget også. Søtt hjerte frå Made by heart og  fin veske som eg kjøpte i barnehagen til Benedicte då dei hadde Forut-aksjon.

No skal eg sjå ferdig Pippi og kose meg litt med lissjesnuppa før karane kjem svoltne heim får Bondalseidet.

Ha ein strålande morsdag alle saman.

lørdag 12. februar 2011

Laurdagspizza

Så var det laurdagskveld igjen. Vekene flyg avgarde og dagane går i eitt her i huset. Synest at det nettopp har vore helg, eg. Ja, ja vi får henge på karusellen så lenge vi klarer.

Tradisjonen tru, så er det pizza på menyen. Enkel, rask og god mat.




I kveld har eg stått for matlaginga aleine, eg hadde nok fått hjelp av ivrige barnehender dersom eg hadde spurt, men i kveld ville eg ha ei lita pause for meg sjølv på kjøkkenet.

Eg er den fødte Toro-kokk, så her brukar vi Toro si pizzadeig, synest faktisk den er bedre enn heimelaga   og så er det så snerte å berre tømme mjølblandinga i ein bakebolle og tilsetje vatn, knade litt - og vips så er deiga klar til heving, og eg kan lage pizzafyllet.




Fersk sopp og løk, er obligatorisk i min heimelaga pizza. Det blir liksom ikkje heimelaga  pizza utan desse ingrediensane.




Vi har ein liten kar her i huset, som er litt "enkel" i matvegen. Det er ikkje mykje som går gjennom nålauget der i garden, nei. So då blir det ein liten spesial-pizza, med kun ketchup og ost på. Det høyrest ganske kjedelig ut, men ser faktisk veldig godt ut når den er ferdig.

For å gjere litt ekstra stas på Joakim, brukar eg å lage pizzabokstavar. I dag vart det ein J.





Pizzaen for oss som likar litt anna enn ketchup og ost, ser ikkje så verst ut den heller. Når ein blandar den steikte soppen og løken, med Toro sitt pizzafyll og toppar det heile med Tine sin gode ost, så ser resultatet slik ut.



og, ja - det smakte nydeleg denne laurdagen også.





Ha ei fortsatt fin helg!

tirsdag 8. februar 2011

Velkomen inn

Tenkte å invitere lesarane mine inn i gangen vår, i dag. Eg har tidlegare vist fram eine barneromet, og soveromet til husbonden og meg - så no tenkte eg at dokke skulle få ein liten kik inn i gangen.

Før jul, kjøpte eg desse fine sinkhusa på ein eller annan nettbutikk som eg desverre ikkje hugsar namnet på. Kanskje nokon av lesarane veit det??? Tips blir tatt i mot med stor takk, for der var mykje anna som eg kunne tenkt meg også.


I går tok eg meg på tak og rydda vekk sko som vi aldri brukar, eller som blir lite brukt, så no får vi faktisk plass til skona vår i skohylla. Er utruleg kor fort det samlar seg opp med sko som ikkje blir brukte lenger, borna sine føter veks som "ugras" så det vart ein pose med for små sko + ein del som skal få stå i kjellargangen og nokre som skal få stå i garasja. Det er deilig å få renska opp litt av og til (her blir det ikkje gjort så altfor ofte, skippertak er så absolutt mi greie), men no er det altså gjort.


Det er deilig å ha stor og god gang, med mykje oppbevaringsplass (sjølv om ein nok aldri får nok av det) når ein har huset fullt av born i alle aldrar. Problemet er berre å få dei til å legge hanskar, huer, jakker og skjerf på rett plass, så kvar morgon er det eit evig kaos for å finne akkurat dei hanskane eller den hua. Hmmmm, det hjalp lite at kvart barn fekk kvar si skuffe til både hanskar, huer og skjerf. No er Lillegull sine Hello Kitty-huer blanda med huer og vottar med dødninghaud på - eg gir snart opp... Er det berre her hos oss det er slik???


Å seie at eg elskar å rydde og vaske, ville vere å lyge - og det er ikkje fint, så derfor gjekk eg til anskaffelse av dette skiltet, teksta talar for seg...


Det desidert mest brukte skotøyet mitt - støvlane mine. Veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan dei, her er alltid (vertfall nesten alltidt) vått og slapsete, og då er det godt å ha gode støvlar som held meg tørr og varm på føtene. Det spørs om det er desse eg lyt hoppe i, når eg snart skal ut og måke den enorme brøytekanten av våt snøslaps...


Det har snøva ein del i natt, og det gjekk lenge før skrapa var her og gjorde vegen opp, farbar, men no har den vore her. Til mi store fortviling, så etterlot den seg sikkert ti tonn med tung og våt snø i innkjørsla vår. eg kvir meg på å gå ut for å måke den vekk, men eg får sjå det positive i det - eg får god trening av musklar som eg sjeldan brukar :)


Eg tek imot bloggetips med stor takk, eg er så tom for idèar for tida. Kanskje skal det kome eit lite innlegg om framgangen på mariusgenseren som eg held på med?  Vi får sjå

Ha en fin dag alle saman.

tirsdag 25. januar 2011

skjønnhetspleie


Benedicte har alltid likt å jåle seg, og jålesakene er flittig brukt dagleg. Til jul fekk ho seg ei sminkedukke i håp om at det var den som skulle bli sminka, og ikkje ho sjølv - kor feil kan ein ta...


Ej må sminke mej sånn so dokkå uten føtt (eg må sminke meg slik som dukka utan føter). Så no sminkar ho først seg sjølv og så dukka si, alt rundt dei glitrar, og då meinar eg ALT.


Fargane på sminka er nøye utvalgt, og her gjeld ikkje "det enkle er det beste" dess meir sminke, dess bedre. Kjære vene kor skal dette ende?


Ho har ymta frampå og vil sminke meg også, men eg har alltid klart å kome meg ut av det, men no må eg vel snart til pers, så flink som ho har blitt av all øvinga, ja, for øving gjer meister - eller???


Omsorg og "kundekontakt" er det iallefall ikkje noko å seie på, eg kan gjerne bli sminka dersom avskjeda frå sminkaren blir så hjerteleg og god.


I dag skin sola i Grepalia og vi skal ein tur på ski i ettermiddag.

Ha ein fin dag folks, see you!

søndag 23. januar 2011

Nytt prosjekt

Eg har somt nemnt tidlegare, uante mengder med restetråd som absolutt skulle ha vore brukt opp. Eg var så vidt i gang med det, men det vart så kjedeleg.


No i helga har eg hatt besøk av storejenta mi, som lenge har ønska seg ein mariusgenser, så i går kjøpte eg tråd og er no i full sving med strikking av voksengenser - trur faktisk det er den første "store" genseren eg strikkar, så det blir spennande å sjå korleis resultatet blir.


Det har vore eit skikkeleg ruskevær her i helga, så det har blitt lite uteaktivitetar, men vi gjer det beste ut av det, så i går tok vi oss ein tur på bading. Kjekt å sjå kor borna kosar seg i vatnet (sjølv om eg ikkje gjer det).


Ha ein fin søndag alle saman!

fredag 21. januar 2011

Eg fortenar det, trur eg...

I dag har eg ikkje gjort det slag, berre slappa av og kosa meg. Arild har seinskift i dag, så vi rakk ei lita runde på kafé før han for på jobb. Det er deilig med slike formiddagar av og til.

Eg klarte ikkje å dy meg då eg gjekk forbi desse nydelege rosene, så no står dei og sprer litt helgaglede i stua mi. Eg kjøpte dei rett og slett fordi eg synst at eg fortjenar dei, og sidan ingen andre kjøper blomster til meg, ja, så gjer eg det sjølv. Nemlig!


I kveld kjem storejenta mi og kjæresten hennar heim på besøk også. Gledar meg veldig til å ha henne her saman med meg. Det er ikkje så lenge sidan ho var her sist, men det var i trist ærend - no er det berre for kosen sin del. Joakim og Benedicte gler seg også til dei kjem, så denne helga skal vi berre kose oss og gjere kjekke ting. Det blir nok ein tur på bading og kanskje ein tur i slalombakken dersom det ikkje regnar så altfor mykje.


Eg ynskjer alle saman ei fin og god helg!

onsdag 19. januar 2011

Tova ulltøfler og litt til

Tøflene er ferdig og tekne i bruk. Dei varmar godt og er deilige å ha på seg. Har fått nokre tilbakemeldingar på om eg vil dele oppskrifta, og det gjer eg gjerne.

Bruk tjukk ulltråd som kan tovast. Eg brukte alfa frå Sandnesgarn og pinna nr. 6.

Legg opp 27 maskar. Strikk fram og tilbake i 10 cm. Legg opp 3 maskar til slik at du har 30 maskar på pinnen, fordel desse på tre pinnar og strikk rundt i glattstrikk til heile arb. måler ca 20 cm (alt etter kor store føter du har).
Tåfelling: strikk 3 maskar, fell to - gjenta dette ut omgongen. strikk ein omg. utan felling. strikk 2 maskar, fell to - gjenta ut omgongen. Strikk ein omg. utan felling. Strikk 2 og 2 maskar saman ut omg. trekk tråden gjennom dei 9 maskane som står igjen.

Sy sammen bake ved helen og fest trådane, så er det berre å tove, eg heiv dei i vskemaskina på 60 grader.

Dette er kjempelett og sjølv far kunna sikkert klart det viss han hadde gidda å lært seg å strikke ;)


I går kunne eg ikkje dy meg, eg berre måtte kjøpe denne nydelege primulaen. Den står på kjøkkenbenken og minner meg om at det er ikkje lenge til vår. Snø- og sluddbygene står i kø inn fjorden i dag, og då er det godt å ha noko som kan minne oss på at våren ikkje er så altfor mange vekene unna.


Benedicte er ei skikkeleg jåle, så då ho oppdaga at eg hadde kjøpt eit nytt skjørt til henne - ja, då måtte det prøvast med ein gong. Skjørtet var fint det, men kanskje ikkje akkurat saman med raud genser og restevest.


Ha ein strålande dag!

tirsdag 18. januar 2011

Restefest

Etter at vi pussa opp soveromet, har det på uforklarleg vis dukka opp uante mengder med restetråd. Eg trudde aldri at eg skulle ha så mykje liggande. To store korger + ein stappfull pose... ja ja, her var det berre å kvesse strikkepinnane og begynne å produsere eit kvart.

Eg har hatt liggande ei oppskrift på tova ulltøfler lenge, så no har eg brukt opp all ulltråden (som kan tovast), fire par med tøfler vart det. Det vart rett nok berre tre og eit halvt par som kan brukast, for det lissje sokketrollet mitt (Benedicte), har stukke av med ein av dei.


Etter ei runde i vaskemaskina, står det no tre og eit halvt par med deilige ulltøfler til tørk framfor ovnen. Eg gleder meg til eg kan ta dei i bruk. Eg hatar nemleg å fryse på føtene. Så gjenstår det berre å sjå om eg får ha dei i fred for sokketrollet her i huset.


No skal eg iallefall ikkje fryse på føtene.

Eg har fortsatt myyyyyykje restetråd liggande, må prøve å finne på noko lurt å bruke den til. Kanskje blir det litt meir dukkekle. Dukkekle er så kjekt å strikke, for det går så fort og så blir Benedicte så glad.

Ha en fin dag, so er eg straks tilbake - trur eg ;)

lørdag 15. januar 2011

Romet for ro og kvile




Etter at vi kjøpte dette huset for seks år sidan, har soveromet vårt vore som eit katastrofeområde. Det har til dels vore brukt som bud, kleskott og soverom, men det er det heldigvis slutt på no. No gledar eg meg til å legge meg om kveldane. Romet er lett å halde ryddig og reint og det er svalt og deilig der inne.


I sommar tok vi oss på tak, og fekk orden på sakene. På den tidlegare nemde IKEA-turen kjøpte vi to nye tre-dørs garderobeskap. Så då vart kleskottmarerittet løyst, og det var berre heilt fantastisk å få plass til alle kleda sine.


Vi tømde romet og tok fatt i malarkosten. Panelet på tak og veggar vart mala i duse og rolege fargar. Tak og lister er mala i eggekvit, medan veggane har fargen Harmoni (for det bør ein vel ha på eit soverom...) som er ein lys grålilla farge.


Resultatet vart eg fornøgd med - ja, bortsett frå taklampen, somskulle ha vore bytta ut og at vi ikkje har nattbordlampar, men det får kome etter kvart.


Snille Anna Lisa frå Anna Lisas hjelrteblogg har sydd dette søte hjertet til meg. Det heng på skapdøra mi. Synest at det er så fint med hjerter og dette passa så godt her på soveromet vårt.


På spegelen heng dette skiltet. "if you want breakfast in bed, sleep in the kitchen". Men dersom nokon som eg er glad i serverar meg frukost på senga, så takkar eg ikkje nei til det - skiltet er mest mynta på husbonden - han får nemleg ikkje frukost på senga...


På eit gamalt hengevitrineskap ligg brudebuketten min. Blomstrane er visna, men det er heldigvis ikkje kjærleiken vår til kvarandre.


Då vi var på ferie i Bergen i sommar, kom eg over desse nydelege toalettveskene frå Lisbeth Dhal - dei er så fine at dei får stå framme heile tida.


Ja, dette er romet som eg samlar krefter på, etter ein lang og hektisk dag. Her søv vi godt og vaknar utkvilde neste dag.

Ha ei flott helg alle saman - og husk å samle krefter til den nye veka som kjem!

fredag 14. januar 2011

Mariuskjole

Benedicte har akkurat feira 3-årsdagen sin, og ei av gåvene var denne nydelege mariuskjolen. Det er mamma som har strikka den, og då blir resultatet som vanleg - perfekt!


Benedicte var kjempefin i den og var så stolt då ho fekk den på seg. Kjolen sat som eit skudd og er allereie brukt fleire gongar.


Detaljane på kjolen er nydelege og osar av tradisjon.

Eg skulle egentlig blogge litt om andre ting i dag, men bileta vart så dårlege pga lyset at eg må utsette det til i morga, slik at eg får ta bilete når det er dagslys.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.