tirsdag 18. januar 2011

Restefest

Etter at vi pussa opp soveromet, har det på uforklarleg vis dukka opp uante mengder med restetråd. Eg trudde aldri at eg skulle ha så mykje liggande. To store korger + ein stappfull pose... ja ja, her var det berre å kvesse strikkepinnane og begynne å produsere eit kvart.

Eg har hatt liggande ei oppskrift på tova ulltøfler lenge, så no har eg brukt opp all ulltråden (som kan tovast), fire par med tøfler vart det. Det vart rett nok berre tre og eit halvt par som kan brukast, for det lissje sokketrollet mitt (Benedicte), har stukke av med ein av dei.


Etter ei runde i vaskemaskina, står det no tre og eit halvt par med deilige ulltøfler til tørk framfor ovnen. Eg gleder meg til eg kan ta dei i bruk. Eg hatar nemleg å fryse på føtene. Så gjenstår det berre å sjå om eg får ha dei i fred for sokketrollet her i huset.


No skal eg iallefall ikkje fryse på føtene.

Eg har fortsatt myyyyyykje restetråd liggande, må prøve å finne på noko lurt å bruke den til. Kanskje blir det litt meir dukkekle. Dukkekle er så kjekt å strikke, for det går så fort og så blir Benedicte så glad.

Ha en fin dag, so er eg straks tilbake - trur eg ;)

5 kommentarer:

Elisabeth Ingeborg sa...

Åhh, dissa såg no rett og slett deilige ut! Lyst te å dele oppskrift? :)

Tonje sa...

Dissa va kjempefine! Hive mej på Elisabeth Ingeborg,dela du oppskrifta?
Du e jammen mej titte på blogginga di no, kjempekjekt!!!! Tok å heiv mej rondt ej også i går, håpa på slutte av ein dårlig trend ;)

Annika sa...

Så fine dei va! Seie som dei andre - lyst å dele oppskrifta?

Tove sa...

Wow, så flink du er!!!! Ser fleire har etterlyst oppskrifta, og det det gjer eg òg.....

Cecilie sa...

tusen takk for alt skrytet :)

klart eg delar oppskrifta, skal sjå om eg får tid seinare i dag, viss ikkje blir det heilt sikkert i morga.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.