fredag 21. januar 2011

Eg fortenar det, trur eg...

I dag har eg ikkje gjort det slag, berre slappa av og kosa meg. Arild har seinskift i dag, så vi rakk ei lita runde på kafé før han for på jobb. Det er deilig med slike formiddagar av og til.

Eg klarte ikkje å dy meg då eg gjekk forbi desse nydelege rosene, så no står dei og sprer litt helgaglede i stua mi. Eg kjøpte dei rett og slett fordi eg synst at eg fortjenar dei, og sidan ingen andre kjøper blomster til meg, ja, så gjer eg det sjølv. Nemlig!


I kveld kjem storejenta mi og kjæresten hennar heim på besøk også. Gledar meg veldig til å ha henne her saman med meg. Det er ikkje så lenge sidan ho var her sist, men det var i trist ærend - no er det berre for kosen sin del. Joakim og Benedicte gler seg også til dei kjem, så denne helga skal vi berre kose oss og gjere kjekke ting. Det blir nok ein tur på bading og kanskje ein tur i slalombakken dersom det ikkje regnar så altfor mykje.


Eg ynskjer alle saman ei fin og god helg!

3 kommentarer:

Janne Tove sa...

Vakre roser som eg er heilt sikker på at du fortjener - god helg - kose dokke masse:-)

Min hjerteblogg sa...

Nydelige roser. Dei fortena du absolutt :)
Klem

Bagatellar sa...

Velfortente vakre roser til ei herlig dame som verkeleg fortener dei. Selvgjort er velgjort;-)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.