tirsdag 4. januar 2011

eit lite livsteikn

Det har vore smått med blogging på meg det siste året, men eg har vore tom for idèar og litt lat på bloggfronten. Håpar å få tilbake ånda litt no, vi får sjå. Eg blir takknemleg for tips om kva eg skal blogge om, slik at eg kanskje kjem litt igong igjen, så her er det berre å kome med ønke folkens.

I sommar har vi pussa opp alle soveroma våre, tenkete eg skulle vise litt bilder frå Benedicte sitt rom, så kanskje eg kan vise fram dei andre roma etterkvart.

Utgangspunktet var panel - alle veggar og tak var ubehandla og gulna panel. Eg tok med meg Benedicte til malarbutikken slik at vi skulle finne ein fin farge å ha på veggane. Ho ville sjølvsagt ha josa, så valget vart ein heilt lys, lys rosa på to veggar og ein litt mørkare rosa, på dei to andre. Tak og lister vart eggekvitt. Resultatet vart kjempefint og Benedicte vart strålande fornøgd med det ho no kallar prinsesserommet. Det er forresten ikkje mykje som minner om prinsesserom no, i går tømde ho skuffene sine og halve kleskapet sitt utover golvet, så eg må vel berre manne meg opp til å rydde der. Til helga skal vi feire 3-årsdagen hennar og då må der vere strøkent - i allefall når gjestane kjem.


Eg burde egentlig ha tatt eit nytt bilde frå denne delen av romet, men det får bli ein annan gong. I staden for plakaten, heng der no ei gamal tallerkenhylle som Benedicte har bøkene sine i. Dukkestellebordet står klart til bruk, så no kan dukkene berre tisse og bæsje i bleia si, for dokkemora står klar med ny bleie. Stolane og bordet er kjøpt på IKEA. kvifor er her ikkje IKEA her i nærleiken? blir litt styr å køyre heilt til Bergen når ein treng litt fornying i heimen. Jada, vi har sjølvsagt andre butikkar her, som vi kan handle møblar i, men det blir ein heilt annan pris, så då vi skulle pusse opp romet til Benedicte og lage nytt rom til Eirik, valgde vi å køyre til Bergen for å handle. Litt handelslekkasje må tolast.


Senga som ho har fått, har ho arva etter meg. Eg arva den etter besteforeldra mine, så den har husa mange timar med søvn opp gjennom tidene. Det er ei gamal Åslid-seng som er produsert i nabobygda Volda. Den var opprinneleg mørk brun, men då eg arva den, vart den sprøytelakka kvit, og det passa meg perfekt no når Benedicte skulle ta over. Hylla og teppet kjøpte vi på IKEA og det passa perfekt inn saman med det andre ho skulle ha på romet sitt.

Den observante sjåar, ser at traktoren står strategisk plassert på hylla, klar til å rykke ut til ulike oppdrag. Eg har heile tida vore opptatt av at ho skulle ha tilgong til både typiske "gutaleiker" og dei vanlege "jentesakene", men det er jentestachet som fengar henne mest, sjølv om traktoren kan vere god å ha når smådukkene skal på handletur.

Plakaten med "Livets lære" heng over senga og minner oss vaksne om kor viktig det er å sette pris på og rose desse småskattane våra.


Eg har kika litt rundt om på diverse lampebutikkar etter den rette lampen til romet, men har ikkje funne ein som eg synest passar inn, men då Arild og eg var på IKEA, kom eg over denne drømmen av en lampe. Benedicte vart stoveis fornøgd (i den grad ein 2-åring kan glede seg over ein billeg taklampe frå IKEA) og stod lenge berre å kika på den etter at Arild hadde hengt den opp. Ikkje berre er den bedårande på eit jenterom, men den gir eit godt leikelys også. Fin og praktisk - slett ikkje verst.

2 kommentarer:

Annika sa...

Hei, og velkomen tilbake i bloggverda :) Kjekt med ei lite livsteikn. Romet til B ser ut til å ha blitt kjempefint!

Slit med idear til å blogge om her også, så det blir mest heilt kvardagslige ting, så lyt den som vil lese...

Godt nytt år!

Janne Tove sa...

Godt nyttår til deg og:-))
Nydleg fint prinsesserom for vesle jenta:-))

jannetove

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.