lørdag 15. januar 2011

Romet for ro og kvile




Etter at vi kjøpte dette huset for seks år sidan, har soveromet vårt vore som eit katastrofeområde. Det har til dels vore brukt som bud, kleskott og soverom, men det er det heldigvis slutt på no. No gledar eg meg til å legge meg om kveldane. Romet er lett å halde ryddig og reint og det er svalt og deilig der inne.


I sommar tok vi oss på tak, og fekk orden på sakene. På den tidlegare nemde IKEA-turen kjøpte vi to nye tre-dørs garderobeskap. Så då vart kleskottmarerittet løyst, og det var berre heilt fantastisk å få plass til alle kleda sine.


Vi tømde romet og tok fatt i malarkosten. Panelet på tak og veggar vart mala i duse og rolege fargar. Tak og lister er mala i eggekvit, medan veggane har fargen Harmoni (for det bør ein vel ha på eit soverom...) som er ein lys grålilla farge.


Resultatet vart eg fornøgd med - ja, bortsett frå taklampen, somskulle ha vore bytta ut og at vi ikkje har nattbordlampar, men det får kome etter kvart.


Snille Anna Lisa frå Anna Lisas hjelrteblogg har sydd dette søte hjertet til meg. Det heng på skapdøra mi. Synest at det er så fint med hjerter og dette passa så godt her på soveromet vårt.


På spegelen heng dette skiltet. "if you want breakfast in bed, sleep in the kitchen". Men dersom nokon som eg er glad i serverar meg frukost på senga, så takkar eg ikkje nei til det - skiltet er mest mynta på husbonden - han får nemleg ikkje frukost på senga...


På eit gamalt hengevitrineskap ligg brudebuketten min. Blomstrane er visna, men det er heldigvis ikkje kjærleiken vår til kvarandre.


Då vi var på ferie i Bergen i sommar, kom eg over desse nydelege toalettveskene frå Lisbeth Dhal - dei er så fine at dei får stå framme heile tida.


Ja, dette er romet som eg samlar krefter på, etter ein lang og hektisk dag. Her søv vi godt og vaknar utkvilde neste dag.

Ha ei flott helg alle saman - og husk å samle krefter til den nye veka som kjem!

3 kommentarer:

Janne Tove sa...

Nydlege fargar og det er så flott med slike lyse gode soverom:-))

Bagatellar sa...

Soverommet har blitt nydeleg, gleder meg til me er ferdig oppe og kan prioritere oppussing nede. Først på lista står soverom og det knøttelisje badet. Kjolen til Benedicte er så søt, eg og ønskar meg ein slik, men trur ikkje den blir like søt på mej i noværande tilstand;-)

Min hjerteblogg sa...

Å så fint soverom Cecilie!!! Aldeles nydelig :) Kjekt du likar hjerta mine. Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.