mandag 15. oktober 2012

Ny blogg!

har laga meg ein ny blogg på blogg.no.


Sjekk den ut på denne adressa http://livethosmeg.blogg.no/

Håper dei som har fulgt meg trufast på denne bloggen, blir med vidare til den nye :)

mandag 27. februar 2012

Spørsmålsrunde

Har sett på diverse fjortisbloggar, at dei har spørsmålsrunder. Der kan lesarane kome med spørsmål så svarar bloggaren etter beste evne og legg ved eventuelle bilder av det som blir ønska.



Tenkte at eg skulle prøve ei slik spørsmålsrunde på bloggen min. Så dersom det er noko du lurer på ang bloggen min og kvardagslivet mitt, så er det berre å legge igjen ein kommentar i kommentarfeltet under her. Eg svarar så godt det let seg gjere på det som blir spurt om, så no er det berre å fyre løs og spørre om det du måtte lure på.

Eg tek også gladeleg imot goe tips til kva eg kan blogge om.

Me bloggast

søndag 26. februar 2012

Huskeboka mi

Før jul, kom eg tilfeldigvis over ei side på det store internettet, der ein kunne bestille seg personlige alamnakkar.


På denne sida kan ein designe sin heilt spesielle almanakk. Du bestemmer sjølv fargar og design både på utsida og innsida. Du kan velge mellom mange ulike forsidedesign eller laste opp ditt heilt personlege bilete. Eg valgde ein av dei ferdige designa på utsida, og tilpassa innmaten til mitt behov. Her kan ein velge mellom ståande eller liggande daginndeling, ein kan velge om ein vil ha linjer, ruter eller blanke ark å skrive på i tillegg til mange andre kjekke og nyttinge og dels unyttinge ting.


Trur ikkje at eg hadde klart å halde orden på alt som skal skje i ei storfamilie, dersom eg ikkje hadde hatt denne boka å notere det ned i. Det er mykje som må planleggast og organiserast i ein heim med to skiftarbeidande foreldre og tre born. Logistikken er ikkje alltid like lett å få til, men vi klarer det på eit vis. Takka vere ei kjekke farmor og ei kjekk og tolmodig storesøster som trår til når kabalen ikkje går heilt opp.


Dersom du vil bestille deg ein slik liten sak kan du gå inn på http://www.personligalmanakk.com/NO/
og bestille deg ein, du treng ikkje vente til det blir eit nytt år, du bestemmer sjølv kva månad du vil skal vere startmånaden i almanakken din. Lykke til, eg er ivertfall veldig fornøgd med min.

Ha ein fin søndag alle saman!

lørdag 25. februar 2012

Et dukkehjem

Vi har ei søt lita dukkemamma i huset. Dukkene som kjem under Benedicte si beskyttande hand, lid inga naud. Dei blir kledde på etter alle kunsters reglar og passa godt på - heilt til noko anna fangar merksemda hennar, men i dag er det ein slik fin leike-med-dukker-dag, Eg har ofra stova, den har no blitt omgjort til eit einaste stort kaos av dukkekle og ei salig blanding med godt påkledde, halvnakne og nakne små dukker.


Det som er ekstra kjekt med alle desse dukkene, er at den flottaste av dei alle, har vore mi si, den har vore med på mang ei ferd og opplevd mykje opp gjennom åra, både saman med meg og Silje og no sist med Benedicte. Morfaren min døypte dukka til Ragna i si tid, og det heiter den sjølvsagt enda. Ragna har ei tvillingsøster også, den bur ein annan stad her i Ørsta, den heiter Tomesina.


Her er godaste Ragna-dukka mi. Benedicte har akkurat sunge godt natt song for henne, ikkje rart ho søv so trygt og godt.


Eit lite utvalg av dei heldige dukkene som får Benedicte si gode omsorg. Heldige er dei.


Antrekket til Benedicte er sjølvvalgt i dag vil eg tru. Eg har vore på jobb og då eg kom heim var ho lekkert antrukket i rosa bukse og knallraud fotalltrøye (fotballtrøya mistenker eg forresten pappaen for å ha leita fram), men plutseleg kom ho på kjolane sine igjen... då er det berre å vrenge av seg og få på seg finstasen.


Klart ei søt dukkemamma må ha på seg kjole og finsko.



Flotte jålesko, til ei lita jåledame som har reist på ferie med dukkene sine.




Sommarkjole, jålesko, smykker og tiara på plass. Trillekofferten står klar til å bli pakka full av dielige og lette sommarkle...

Ha ei fin helg alle sammen :)

fredag 24. februar 2012

Bollefest

Barnehagane hadde planleggingsdag i går, så då tok eg og minste snuppa å laga bollar. Mange bollar. Og skulebollar.


Eg er egentlig litt fan av sånne enkle ting eg, så alt som har med matlaging som kan gjerast enkelt, ja det gjer eg enkelt. Dessutan er desse bollane kjempegode. Du skal kun blande bollemiksen, gjær og vatn, heve i ca 1/2 time - og vips så er bolledeiga ferdig til å bakast ut. (det er ikkje så mykje meir styr å lage skikkelig heimelaga bollar heller, men eg gjer det på denne måten).


Miksaren min, er eg veldig glad i. Det er ikkje noko fancy greier, men ein god, gammal og staut Kenwood major. Skulle sjølvsagt hatt ein av desse flotte kjøkkenmaskinene som nesten er eit lite møbel, men denne gjer så absolutt jobben sin og resultatet blir bra, sjølv med meg som bakar


Medan deiga hevar seg, sat eg og såg på husets sjefstrospe som er i full gang med å teste ut årets sommarkolleksjon av kjolar. Har bestilt litt sommarkle til den o store turen vår til Dubai, og dei må prøvast om og om igjen helst mange gongar for dag.


Deiga ferdig heva og kjolane ferdig prøvd - kanskje... (blir nok eit eige blogginlegg med den store kjoleparaden). No må i allefall kjolane av og forkleet på, for no skal det bakast.


Kjøkkensjefen klar til baking.


I dag var det bolletroll som stod på programmet. Ganske så skummelt spør du meg, men Benedicte lova å passe godt på meg. Søte, gode Benedicte. Sjå berre kor skummelt det vart.


Benedicte har fått på seg kjole igjen, og er klar for bolletrolleting. Og bollane vart som vanleg - utruleg gode.



Skulebolle med hjertefyll :)

Ha ei fin helg kjære blogglesarar!

Eg blir veldig glad for kommentarar på bloggen min, ser at det er mange innom, hadde vore kjekt med eit lite livsteikn frå dokke

torsdag 23. februar 2012

Dette ser vi fram til



Om ikkje så altfor lenge, sit vi på flyet til Dubai. Åååå, kor vi gler oss. Skal bli deilig med sol og varme.


Her er hotellet vi skal bu på. Vi skal jammen kose oss :)


Utsikta frå Burj Khalifa - nesten som å fylle fly...

Sjølv om eg ikkje er det minste glad i å fylle fly, så er det ikkje til å unngå at eg ser fram til denne turen. Det skal bli så godt å kome seg litt bort frå kvardagen, stresse heilt ned og berre nyte dagane saman med familia mi.


Atlantis - dit skal vi på badeland, Eirik, Joakim og Benedicte klarer nesten ikkje vente til vi skal dit.


Vi må sjølvsagt prøve skina når vi er på vinter-/påskeferie...


Eg har sjølvsagt surfa ein del på nettet og sett på kva vi vil sjå og oppleve, men der er så mykje, vi rekk ikkje over halvparten ein gong.



Det vi veit så langt, er at vi i allefall skal besøke badelandet på Atlantis, ørkensafari, ski Dubai, Burj Khalifa og det fantastiske fonteneshowet. Litt shopping på dei mange og store kjøpesentera må vi også få plass til.


Kanskje rekk vi ein aldri så liten tur på besøk til dette hotellet også, det hadde vore supert.

Ditte ser vi fram til alle i heimen!

onsdag 22. februar 2012

Ei utfordring til meg sjølv

Eg har likt handarbeid så lenge eg kan hugse, strikking, brodering og no dei siste åra litt hekling, sjølv om heklinga eg har føre meg, er av enklaste sort, så har eg faktisk hekla både eit stort teppe og eit vognteppe.


Heilt sidan eg var lita jente, har eg alltid likt å brodere, har ikkje tal på kor mange dukar, bilder og adventskalendera eg har brodert, så no var eg klar for ei ny utfordring - brodere bunad!


Eg har lenge hatt lyst til å prøve meg på bunadsbrodering, men har ikkje heilt hatt trua på at eg skulle få det til, men no heiv eg meg ut i det, så får det briste eller bære - eg har i alle fall begynt, så får vi sjå kva tid den blir ferdig.

Det er Benedicte som blir den heldige eigaren. Vi har ein barnebunad frå sunnmøre som har vore min sin, men den er blitt ganske slitt, sidan det er mange som har brukt den opp gjennom åra. Den har blitt lagt opp og ned og ut og inn x antal gongar, så tidens tann har satt sitt preg på den.

Bunaden som eg broderar, er barnebunaden frå Ørsta. Trur neppe den blir ferdig til 17. mai - då må det i alle fall skje eit under, men til neste år skal den vere ferdig. Gleder meg til å sjå det ferdige resultatet, det er så fint med bunad på 17. mai og andre store festdagar.





Ha en fin dag alle saman!

tirsdag 21. februar 2012

Då prøvar eg meg på eit aldri så lite comeback

Det har blitt lite med blogging på meg siste året, det er ikkje det at blogglysta er borte, men tiltaket har vore fråverande. Det har skjedd mykje det siste året, så har tenkt å lage eit lite tilbakeblikk på 2011 litt seinare - men det skal kome, eg lovar.

Må berre dele eit av dei tusen innfalla husets sjølvutnemnte prinsesse har gjort. I går kveld då eg kom heim frå jobb, såg eg at den fine blomstrande planta mi (med for meg ukjent namn) ikkje hadde ein einaste blomst igjen, men den fine engelen min, den sto så fint og blomstra. Kanskje ikkje akkurat slik eg hadde tenkt at det skulle vere, men lag gå.

Engelen har til og med blitt garasje for ein liten og raud brannbil, ja, ja, kreativiteten er iallefall ikkje noko å utsette på...

Engelen likar visst det nye kjoledekoreringa si, ser nesten ut som den syng av glede - det gjer ikkje eg...

Dette vart berre eit lite og kjapt innlegg, men eg er tilbake, så følg med framover for nye oppdateringar, har plutseleg så mykje eg vil blogge om, så no skal eg sette meg ned og lage ei liste over alle ideane mine.

Me sjåast om ikkje så altfor lenge

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.