fredag 24. februar 2012

Bollefest

Barnehagane hadde planleggingsdag i går, så då tok eg og minste snuppa å laga bollar. Mange bollar. Og skulebollar.


Eg er egentlig litt fan av sånne enkle ting eg, så alt som har med matlaging som kan gjerast enkelt, ja det gjer eg enkelt. Dessutan er desse bollane kjempegode. Du skal kun blande bollemiksen, gjær og vatn, heve i ca 1/2 time - og vips så er bolledeiga ferdig til å bakast ut. (det er ikkje så mykje meir styr å lage skikkelig heimelaga bollar heller, men eg gjer det på denne måten).


Miksaren min, er eg veldig glad i. Det er ikkje noko fancy greier, men ein god, gammal og staut Kenwood major. Skulle sjølvsagt hatt ein av desse flotte kjøkkenmaskinene som nesten er eit lite møbel, men denne gjer så absolutt jobben sin og resultatet blir bra, sjølv med meg som bakar


Medan deiga hevar seg, sat eg og såg på husets sjefstrospe som er i full gang med å teste ut årets sommarkolleksjon av kjolar. Har bestilt litt sommarkle til den o store turen vår til Dubai, og dei må prøvast om og om igjen helst mange gongar for dag.


Deiga ferdig heva og kjolane ferdig prøvd - kanskje... (blir nok eit eige blogginlegg med den store kjoleparaden). No må i allefall kjolane av og forkleet på, for no skal det bakast.


Kjøkkensjefen klar til baking.


I dag var det bolletroll som stod på programmet. Ganske så skummelt spør du meg, men Benedicte lova å passe godt på meg. Søte, gode Benedicte. Sjå berre kor skummelt det vart.


Benedicte har fått på seg kjole igjen, og er klar for bolletrolleting. Og bollane vart som vanleg - utruleg gode.



Skulebolle med hjertefyll :)

Ha ei fin helg kjære blogglesarar!

Eg blir veldig glad for kommentarar på bloggen min, ser at det er mange innom, hadde vore kjekt med eit lite livsteikn frå dokke

3 kommentarer:

Unknown sa...

Føle mej ganske so truffet med hensyn til kommentering :) E ivrig lesar av bloggen din, å synst de e fole kjekt at du he begynt å skrive igjen :)

Unknown sa...

kremt Aina Bondhus her ja :)

Joanna sa...

Reknar med at frøkena synest det var stas med både bakinga & kjolane. Skal tru om eg må og bake, sidan skulebollane frista litt :-) Ha ein fin dag Cecilie

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.