onsdag 12. november 2008

Åndenes makt

På søndagskveldane sit eg spikra til TV-skjermen og føløgjer med på TVNorge-programmet Åndenes makt. Kvifor eg er så facinert av dette programmet, er vel fordi eg har opplevd ein del uforklarlege ting opp gjennom åra. Eg har både sett og høyrt ting som for skeptikarar ikkje er mogleg. Eg snakkar ikkje om kvitkledde spøkelser som går rundt og raslar med kjettingar, men om diffuse skapningar og uforklarlege lydar.



Eg har vakse opp i eit gamalt hus i Volda sentrum, det var der eg byrja å høyre uforklarlege lydar. Der har eg aldri sett noko, men lydane som eg har høyrt der har inga logisk forklaring. Jenta mi Silje "såg" ei gamal dame der, då ho var to år gamal, men ingen av oss andre såg noko. Huset er bygd av min oldefar på begynnelsen av 1900-talet og ligg rett ved kyrkjegarden, om det var ei kvilelaus ånd på vandring derifrå eller om det var ein av mine forfedre, veit eg ikkje, for vi vaksne såg ingenting.




Etter at eg vart vaksa, har eg ikkje tenkt så mykje over desse åndelege skapningane som kanskje er rundt oss. I allefall ikkje før eg hadde budd i huset som vi leigde i Håkonsgata. Etter nokre år, byrja det å skje dei mest utrulege ting der. Ting forsvant for så å dukke opp, ein gamal cd-splar som ikkje hadde virka på fleire år, byrja plutseleg å spele utan at kontakta eller batteri var i. Vindua opna og lukka seg av seg sjølv og vi høyrde kor folk gjekk i trappa om natta. Til slutt vart det så ille både for meg og borna, at vi måtte tilkalle profesjonell hjelp for å bli kvitt desse åndene. Det kom eit medium og tilkalla seg åndene, medan eg, søstra mi og ein annan leigetakar var til stades. Det er heilt ubeskriveleg korleis stemninga i romet vart. Det vart iskladt på ein veldig merkeleg måte. Mediumet som var der, kunne fortele at der var tre ånder, ein mann og to små born. han hjalp desse over til den "rette sida" og etter det, vart det ei heilt anna atmosfære i huset. Borna som hadde vore plaga med nattesøvnen, begynte å sove heile natta og ting slutta å forsvinne.



Etter at vi flytta opp i Grepalia har eg begynt å oppleve diverse saker og ting på nytt. Eg har sett både ein kvinneskikkelse og ein mannsperson, mannspersonen såg også Joakim, den yngste av gutane mine. Han sto og kika ut gjennom glaset på gangen ein dag vi køyrde til barnehagen. Ein gong var eg vitne til at ein plaspose som låg på eine kjøkkenstolen, vart løfta over på ein annan stol, utan at det var nokon andre i romet. Då hadde eg besøk av ei veninne, og vi var vitne til denne hendinga begge to. ein annan gong sat eg ved datamaskina på loftet og høyrde kor nokon romstrerte inne på badet, der var ingen, men alt som var i skapet mitt var flytta opp på øverste hylle. Arild har også høyrt snikring i kjellaren og uforklarlege lydar.

Her ei natt Benedicte ikkje ville sove, gjekk eg og ho ned på stua, og medan vi sto på stovegolvet, slo TVen seg på av seg sjølv...



Eg er i allefall overbevist om at det er meir mellom himmel og jord enn det vi veit.



Det hadde vore artig om fleire kunn dele slike historier, for eg er vell ikkje aleine om slike opplevingar vil eg tru (og håpe)

7 kommentarer:

Monica S sa...

Grøss!!! Ej he no hørt dei fleste historiene før Cecilie, men.. huff.. ej fekk frysninga likevel!!
Det e no litt merkelig!!
(ka med bildet som forsvann??)

Monica

Ida Mari... sa...

At det er noko meir i mellom himmel og jord enn det vi veit er sikkert.. Har ikkje opplevd noko konkret sjølv, men største jenta mi har sett ett og anna..Kjenner faktisk nokre som var så plaga av lydar og merkelege episodar i huset sitt at dei måtte få hjelp til og få dei uvelkomne gjestane ut..Det hjalp og no er det ikkje ein lyd å høyre...off.. Blei litt småredde her ej sitte no, spesielt sidan mannen e på jobb i natt også...

Silje sa...

Får frysningar på ryggen av slike historier, og det er sikkert fordi eg som du seier trur det er meir mellom himmel og jord enn det vi ser og veit om....kvifor skulle det ikkje være det??? Hmmm, å du veit vel ka so skjedde i huset ditt rekna ej me....

Fam.Sandnes sa...

...hm....du skal sjå det er Fru Øye som spelar deg eit puss...:) I følge svigerfar min så seier han at ho var ei snill dame, så ho vil dokke sikkert berre vel .
I huset vår døydde også tidlegare eigar utan at vi har merka noko av dette. Ein healer vi kjenner som også meiner han kan kontakte døde, sa ein gong til oss at vi hadde eit fredeleg hus, så vi får nok berre tur på det.
No er eg ikkje så overtruisk og vil helst ikkje tru på slike overnaturlege saker, sikkert for å beskytte meg sjølv for å bli redd... men synest det er frykteleg spennande med programma på Tv. Ei god venninne av meg sluker alle bøker og program om slikt, og meiner eg er heilt på jorde som ikkje trur at det finnest meir mellom himmel og jord. Vi har diskutert dette mange gonger og eg meiner at alt har si logiske forklaring, kanskje møter eg meg sjølv i døra ein gong....men husredd er eg likevel.hihi...

Have a spooky night frue:)

Klem

alvens kreative hjørne sa...

Hei :-)

Ja er enig med deg at det finnes mye mellom himmel og jord. Jeg har alltid hatt god "intuisjon" Og er følsom på energier i hus osv.... Spennende :-) Du får finne fram symaskina di synes jeg :-) kommer litt i julestemning faktisk også når man sitter der å suller :-) Høre på god musikk i bakgrunnen og bar la kreativiteten flyte :-)

Ha en fin dag i morgen :-)
og en god natt nå :-)

klem

~♥~bagateller~♥~ sa...

Du er nok meir følsom for dette en mange andre, har opplevd litt forskjellig men ikke så mykje som du. Var vant med at på loftet i barndomsheimen var det stadig vekk nokon som skuva rundt på møblar, sjølv om eg var aleine i huset. Ingen møbla var flytta på, var kun lyden av som om ein stol eller noko blei skuva bortetter golvet. Brydde meg ikke noko særleg om det, det berre var slik, sikkert fordi det ikkje var noko ubehag knytta til lydane. Der eg leigde før var det stadig vekk nokon som gjekk forbi utanfor, såg personen i sidesynet da han (er overbevist om at det var ein mann) passerte vindua. Her eg bur no er det berre fredelig, og det er godt.

Tove sa...

Hmmmmm, godt skrive, Cecilie... Trur eg og du kunne ha delt nokre historier... Har sjølv nokre uforklarlege eposider frå huset vi bur i no.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.