mandag 13. oktober 2008

gryte full av gull

Her på desse kantar, er det ofte slik at dersom det først har byrja å regne, så regnar det godt og leeeeenge, men av og til klarer den deilige varme sola å bryte igjennom det tjukke skydekket. Det skjedde i dag og ein flott regnboge kom til syne.
Då eg var lita, brukte dei vaksne å fortelje meg at på enden av regnbogen stod der ei stor gryte full av gull. Eg må tilstå at det var fleire enn ein gong eg drøymde om å finne denne gullgryta, men det har aldri late seg gjere. Kvifor, kan ein berre fundere på. No i desse finansielle nedgangstider, er det heilt sikkert fleire enn eg som skulle ønske dei fann denne store gryta full av gull. For dei som orkar, er det sikkert berre å leite, eg nøyer meg med å beundre regnbogen - den forsvinn så raskt, og då er vel gullgryta borte også...

Ha ein flott kveld alle saman!

1 kommentar:

AnneGrethe7 sa...

...hihi...ja, hadde ikkje vore meg imot å finne denne gryta...såg det var bra gevinst på vikinglotto med på onsdag...;), men vi får trøyste oss med at det blir spådd at Noregs Bank vil setje ned styringrenta på torsdagens rentemøte.....
Ha ei god natt Cecilie

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.