lørdag 4. oktober 2008

bursdagsfeiring



I dag har vi hatt dobbel bursdagsfeiring i heimen. Både storejenta mi, Silje og eg har bursdag. Silje har rukke å bli heile 16 år, det er heilt uverkeleg kvar tida har blitt av. Tenk at ho nesten er vaksa. Silje vart faktisk fødd på min 18-årsdag, så då kan dei nyskjerrige sjelene der ute regne seg fram til kor gamal eg er...



Det har ikkje blitt noka storstilt feiring på mor i huset, men vi har sjølvsagt hatt litt familie på besøk. Vi har laga litt kaker og mi kjekke mamma kom med to deilige kaker - ei blautkake med bringebær og vanilje og ei sjokoladekake. Dei smakte fantastisk kjære mamma!

Silje har fått løyve frå øvste hald til å være ute til klokka to i natt, dette går sjølvsagt ikkje heilt upåakta hen her i heimen. Mor sjølv er nervøs for storejenta si, men det går nok bra skal du sjå.



Eg har fått mange flotte gåver i dag, men ei eg sette stor pris på, var denne nydelege engelen. Den traff meg berre rett i hjartet. Eg fekk den saman med eit flott lysfat og te-lysestakar av mi snille svigerfamilie. Tusen takk, eg vart veldig glad for det.

No skal eg setje meg ned å slappe av og nyte siste rest av bursdagen min, eg har hatt ein flott dag saman med familia mi.

Ha ei flott helg alle saman!

6 kommentarer:

Tove sa...

Wow - gratulerer så mykje med dagen, både til deg og den flotte dottera di! Jauda, eg var på friidrett på tysdag, men sprang frå det eine til det andre heile tida. Skulle prøve å følge med dei to eldste samstundes som minstefrøkena var høgt og lavt! Travelt.... Ha ei fortsatt god bursdagshelg!

Annika sa...

Gratulerer med overstått til både deg og den store jenta di! Og tusen takk for helsing på bloggen min. Kosleg du fann vegen innom, så fann eg også din. Eg la deg til på blogglista mi, håper det er greit:)

Ein kjekk blogg du har, som eg heilt sikkert kjem til å titte innom fleire gongar!

AnneGrethe7 sa...

Grattis med dagen frue:)
Fann ein lys rosa fleesdress på loftet i str 74...Passar det ??
Om Benedicte kan bruke dressen skal du få han. Berre gi eit vink.)
Ha ei super natt...no skal eg ta til på skjønnheitssøvnen :)Trur ej treng ein lang ein ...hehe

Astrid sa...

Gratulerer med overstått bursdagsfeiringar:)
Flott 16-åring du har!

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Gratulerer med dagen både til mor og datter... litt sent men dog. Håper dagen var superfin.
Takk for koselig besøk hos meg og TUSEN TAKK for award, så søtt av deg!
Ha en skjønn dag.
Klem

Anna Lisa sa...

Heisann!!!Gratulerer med overstått til dokke begge :)
Ikkje var eg klar over at du hadde blogg :)
Artig!!! Skal lese den betre etterkvart:)
Klubb? Nei det har eg ikkje hørt noke om..... Men skal sjå om eg får tatt meg ein tur:) Treng å kome meg ut og koble litt av hus og heim og unga Så det høres fristande ut :)
Du får beskjed :)
Ha en fin dag!!
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.