søndag 19. oktober 2008

ut å flyge

I dag skal eg ein tur til Oslo for å gå på kurs. Eg er ikkje akkurat glad i å flyge, eg seier sjøl at eg har flyskrekk light. Eg skal flyge med widerøe, og det gjer ikkje saka betre at eit fly frå widerøe måtte nødlande i går...


Eg skal reise heilt aleine, eg som er så beskjeden. Korleis i alle dagar skal dette gå?

Sidan flyskrekken er litt større hos meg enn hos dei med berre vanleg flyskrekk, har eg sjekka veirmeldingane sikkert 40 gongar i dag, prognosene ser nokon lunde ut, men det hjelp så lite. Har kjøpt meg reisesjuketablettar, så får hive innpå eit par av dei og håpe på at skjebna vil meg godt denne gongen også.

Eg klappar meg sjølv på skuldra og ønsker meg god tur!

5 kommentarer:

Kristin sa...

God tur:) Det går kjempebra og eg er sikker på det blir kjekt å vere i Oslo eit par dagar:)

Tove sa...

God tur, kjære du!!!! Berre tenk på kor få flyulukker som faktisk skjer!!!! Kos deg i Oslo - eg misunner deg ein smule!

Fam.Sandnes sa...

..UFF, veit korleis det er...no er du sikkert komen heim også og alt gjekk fint for vi tru......merkeleg kor me skal bekymre oss for alt:)

Cecilie sa...

jauda, no er eg koma heim. Turen ned gjekk fint den, verre med heimturen...
Skulle ta 18.10 flyet frå Gardermoen til Hovden, det flyet vart kansellert pga tekniske problem, eg vart då booka over på et SAS-fly til Vigra, det vart forsinka med nesten 1 time. Flyturen var heilt forferdeleg, vi landa på det tredje landingsforsøket i storm og haglbyger...

Så var selvfølgeleg bagasja mi vekk, og Widerøe hadde sett opp buss til 12 personar, men vi var 26

Men no er eg heldigvis i hus, utan bagasje og gåver til borna mine.

Astrid sa...

Som om ikkje flyskrekken din var gale nok frå før, så måtte du oppleve ein slik "dårleg" flytur denne gongen... Håpar at bagasjen har funne vegen heim til deg igjen, slik at ungane får gåvene sine;)
TUSEN TAKK for nydeleg kommentar på siste innlegget mitt -eg set stor pris på alle dei fine kommentarane eg får med deg! Eg tek dei til meg som skattar:)
Ynskjer deg og dine ein fin dag!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.