onsdag 8. april 2009

Når det utenkelege skjer...

I går skjedde det igjen. Det vesle samfunnet vi lever i vart råka av ei tragisk bilulykke. Tre menneske omkom. Eit kjærastpar og den vesle guten deira. Livet vart brått reven i filler. Dei hadde framtida framføre seg og gleda seg over den vesle guten sin, han vart berre sju mnd. gamal. Han hadde så uendeleg mykje å få oppleve denne vesle guten, men slik vart det ikkje. Skjebna ville det annleis.



Det er så meiningslaust at slikt skal skje, eg finn ikkje ord. Tenkjer på alle dei som har mista ei kjær familie og gode venar. Vi lever i eit forholdsvis lite samfunn her, og alle veit kven alle er, så dette kjem så nært innpå livet våra. Det er omogleg å ikkje verte berørt av ei så tragisk hending.


Vi har igjen blitt minna om kor skjørt livet er, og at det er så viktig å ta vare på kvarandre. Som eg sa i eit anna blogginlegg; Ein veit aldri kvar lynet slår til neste gong...



Ta vare på kvarandre kjære bloggvenar!

4 kommentarer:

Dagny sa...

Ja, dette var ein fæl inngang til det som skulle vere fredelege påskedagar. Heilt ufatteleg kor fort slike ting kan ramme, ein veit aldri....

Varme tankar går til dei som sit att med sjokket og saknet.

Håper du og dine får nokre fine påskedagar likevel.

Klem, Dagny.

~♥~ Monica S sa...

JA.. no har vi vore der inne, og har sågar snakka med bestefaren... tapper mann!

Tragisk... offa mej! Kjørte forbi plassen, og der stod lys og brann og masse blomster.

Klem
Monica

Anna Lisa sa...

Hei Cecilie..
Takk for fine ord su la igjen i bloggen min nettopp. Sat pris på dei.
Eg føler meg ikkje heilt vel pga denne ulykka, tenker mykje på den for tida. Det du skriver er så fint.
Det er så forferdelig det som har skjedd.
Håpa lisje vesla di blir fort frisk att.
Det er lett å få dårleg samvittigheit overfor dei andre ungane. Eg forstår deg.
Ha best mulig påske.
Sjåast på klubb hos meg når Sissel er tilbake.
Klem

Elisabeths Ingeborg sa...

Hei du;)
Om du skal prøve deg på å lage eit slikt lys, så må du hugse å ha svak varme på jarnet.

Håpar du har hatt nokre fine påskedagar:) Men hugs, påska er enno ikkje over! Nyt fridagar i lag med familien og du har høve til det:)

Påskeklem frå Elisabeth

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.