tirsdag 31. mars 2009

Medan vi ventar på påska...

Vil eg mimre litt om dei siste påskefeiringane vi har hatt. Vi er så heldige å ha ei flott familiehytte på Folkestadsætra, der prøvar vi å vere så ofte det let seg gjere, både sommar og vinter. Om vinteren må vi gå opp på ski dersom snøen ligg, men det er godt å kome fram å få fyr i ovnen og kjenne korleis varmen brer seg i hytta medan vi pakkar ut og bytar kle.

I fjor, vart det heimepåske fordi snøen låg og Benedicte berre var 3 månader gamal. Vi synest at ho var litt i yngste laget til å bli stappa ned i ein pulk langt til fjels. Men i år, ser det kanskje ut til å bli hyttepåske på oss att. Det gleder vi oss veldig til alle saman.

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå påskefeiringane vi har hatt, håpar at de tek dåkke tid til ei lita billedreise til vårt hytteparadis. God fornøyelse.

Eg startar med påska 2006


Joakim leikar seg ute i snøen. Det er så hærleg med ungar som er ute og baskar i snøen og er raude og gode i kinna og på nasetippen. Dei strålar av sunnheit.

Joakim i fullt driv ned akebakken, som snart må vike for å bli årets hoppbakke.

Arild lagar hopp og gjer løypa klar for årets påskehopprenn.

Joakim passar på at det er fyr på bålet, slik at svoltne hopparar får seg pølser med brød etter flott innsats i hoppbakken.

Eirik i eit luftig svev...

Silje med litt skrekkblanda fryd tek sats på hoppkanten

Ein søt liten tilskodar

Joakim ventar på kvelden, då skal han studere stjernehimmelen gjennom stjernekikerten.

Påska 2007




Joakim kosar seg ute i snøen

Deilig i sitte i sofakroken å ete litt mat

To luringar på hemsen. Joakim og Martin leika seg fint oppe på hemsen medan utedressane fekk seg ei lita pause framfor ovnen

Sjølv om det ikkje var noka påskesol ute, måtte vi ut og spidde pølser.

Martin og Joakim tullar og tøysar

Jokaim er komen ut att, og leita fram rompeakebrettet.

Det er deilig å kome inn etter ein lang dag ute i snøkave å få servert deilig kakao av mormor

Maling på egg høyrer sjølvsagt til påskefeirnga. Her er Martin og Joakim i djup konsentrasjon.

Påska 2008

Sidan det ikkje vart hyttepåske, vart det pølsespidding i hagen. Det var godt det også.

Det kom mykje snø til påske, Joakim er så heldig å ha to storesysken som laga flott snøhytte til han.

Joakim, Jan Erik og Martin spiddar seg pølser

Benedicte kosar seg på fanget til pappa.

Det var runda med påskemimring frå meg. No ser vi fram til deilige og late dagar på hytta i slutten av neste veke.

Skal sjølvsagt kome med oppdatering frå årets påske også.

Ha ei flott veke alle saman!

6 kommentarer:

Besta sa...

Tida går fort og snart er påska her for alle saman. Det kan sjå ut som om dokke her hatt nokre herlege påsker. Deilig med fri og deilig å vere saman med familie.

Wivi

~♥~ Monica S sa...

Kjekke bilder!! Aritg å sjå ungane i yngre utgaver også :-) hehe.. utrulig kor dei har vokse!

Monica

Ida Mari... sa...

Kjekke påske bilder!
Heldige dåkke om det blir hytte påske på dykk, kunne gjerne tenkt oss det sjølve..Men det er ikkje innlagt skikkelig vatn i hytta og da blir det litt styr med å ha unga..Lika å kunne vaske å styre som en vil..Kankje litt av sjarmen å leve litt primitivt, men varmevatn må eg berre ha..:)

Annike sa...

Hærlege bileter! Gler meg til mamma og pappa får ferdig hytta så vi kan ha skikkelege hyttepåske vi og! Påska blir ikkje heilt den same utan hyttetur med monopol og kortspel! :)

Ligg forresten ein award å ventar på deg på bloggen min! Ha ei god påske!

Klem

Anna Lisa sa...

Flotte bilder av ein idyllisk plass dokke har. Heldige.
Eg likar påska betre enn jula, derfor gleda eg meg til påska. I fjor lå eg på sjukehuset sjuk og høygravid, så i år håpa eg på flottare påske:)
Ha en fin dag imorgå.
Nå er det kvelden for min del
Klem

Dagny- Heim sa...

Heisan! Då er du registrert og vil i løpet av 365 dagar få ei lita gåve i posten. Skal prøve å ikkje drøye det for lenge ;-)

Send postadressa di til meg på: d_riise@yahoo.no, så skal du sjå noko kjem dumpande ein vakker dag.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.