søndag 15. mars 2009

Frå ei fantastisk helg

Denne helga har vore ein fest frå begynnelse til slutt.
Helga starta med Joakim som vart 7 år. (står litt om det i forige innlegg) Vi hadde familieselskap på fredag. både mamma og svigermor hadde diska opp med kaker i tillegg til dei som eg hadde baka, så her var det duka til eit vellukka selskap.

Sidan han hadde bursdag, fekk han lov til å vere oppe litt lenger (les: ein god del lenger) enn han vanlegvis brukar. Tida gjekk med til å bygge smålego. Han fekk nemleg eit redningshelikopter i bursdagsgåve, og no skulle han prøve å bygge det sjølv.

Bruksanvisninga vart nøye studert, og den unge byggherren var svært nøye med at bygginga ikkje skulle gå for fort fram (han måtte nemleg legge seg når han var ferdig med byggeprosjektet sitt).
Djup konsentrajon måtte til for å få ferdigstilt redningshelikopteret.

Laurdags morgon var det min tur å stå opp med Benedicte. Sola skein frå ein nydeleg og morgonbleik himmel. Og vi som skulle ha kompisselskap. Vi måtte berre benytte oss av det fantastiske veiret. Her var det berre å sett seg ned og ringe alle dei inviterte gjestane og be dei om å la finkleda ligge igjen heime, og heller ta med utekle. Eg sende Arild og Joakim opp i skogen for å spikke spiddepinnar. Her skal det jammen spiddast pølser.



Det var stor stas blandt alle dei heller ellevile gutefantane då bålet vart tend og dei fekk kvar sin spiddepinne (som for ordens skuld var akkurat like lange) med pølser på. Gutane benka seg rundt bålet og spidda pølser i stor stil. Det var tydeleg at det fall i smak med bålbrenning og uteselskap. Og det var utan tvil svært godt å kunne ønske alle gjestane vel heim og deretter gå inn i eit ryddig hus for å slappe av.




Dei to søskenbarna Leah og Benedicte, hadde ein stordag ute saman med storegutane. Dei kosa seg slik i lag desse små prinsessene våra. Det er så kjekt at dei er så jamngamle. Sjå berre fantefjeset til Benedicte... skal tru kva ho pønskar på???



Vi hadde håpt at søndag skulle bli ein like fantastisk dag som laurdag, men der tok vi feil gitt. Likevel bestemte vi oss for å pakke sekken og fare ein tur på fjellet. Målet var Åmskaret, men dit kom vi oss aldri. Joakim vart litt (veldig) lei, så då vi hadde igjen ca 200-300 meter var skigåingstreiken eit faktum. Vi måtte berre finne den første og beste plassen og sette oss ned.




Joakim sette straks i gong med å sanke ved til bålet. Vi hadde med litt ved heimanifrå, men litt småkvistar frå eit daudt tre, vart kunstnarisk knekt og høgtideleg lagt på bålet.


Så var det duka for helga si andre pølsespidding på bål. Trur neppe små gutefantar blir lei av det. Joakim elskar ivertfall å grave og ruske ned i glørne på bål. No har han fått namnet Askeladden.
Benedicte hadde sove heile vegen fram, godt nedpakka i pulken som pappa drog. Men då den behaglege og jamne lyden frå jamne stavtak og fråspark tok slutt, vakna ho. Det var godt å få kome opp på fanget til mamma og få seg litt nistemat.
Sjå berre kor lissjepiå kosar seg på tur. No gledar vi oss til påske og forhåpentlegvis mange fleire skiturar både på bortover og nedoverski.

Denne helga har vore berre heilt fantastisk, håper det blir fleire slike.

Ha ei flott veke godt folk!

2 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

koselig ja!! :-) vi har vore ute og jobba litt i hagen i dag.. ellers vore på slyng :-) kjekt dte også...

Monica

Astrid sa...

Eg ser at dokke har kosa dokke i helga ja! Vart misunneleg på den turen med grilling og det heile:)
Her har vi kava med oppkast sidan laurdagskveld... Eg har heldigvis gått klar!
Eg har ei utmerking til deg på bloggen min:)
Ynskjer deg og dine ein fin kveld!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.