søndag 1. mars 2009

Det gikk som det måtte gå...

I eit tidlegare blogginlegg (faktisk den 12. februar) viste eg bilete av ein flott, vakker og spenstig ildtopp. Eg var så bestemt på at denne skulle overleve behandlinga av mine langt frå grøne fingrar, at eg blogga litt om den. Hmmm. Det var ikkje noko lurt.



Her kjem resultatet av 14 dagar i heimen til Cecilie:


Blada dett av, blomstrane er matte i fargen og jada, eg har knytt den opp med ein tråd slik at ikkje den skulle henge med alle stilkane. Eg lurer berre på kva som er gale med mine fingrar??? Ein ildtopp skulle vel ikkje vere så vanskeleg å få til skulle ien tru. Ja, ja men denne gongen var det ikkje uttørking som tok kenkken på planta. Den sto nemleg med vatn nesten opp til kanten av krukka. kanskje eg har gitt den litt for mykje vatn??? Var berre så ivreg på å få den til at eg vart sikkert litt overivreg i vatninga mi. Og eg som til og med har prata med denne stakaren. No blir det nok gravøl og sorg i heimen.

Ja, ja Cecilie - bedre lykke neste gang.

8 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Huff da! Nei, desse skal ikkje ha mykje vatn. Nesten ingenting...
Så det var ikkje rart den takk for seg. Du får prøve å tørke den ut, vri den eller henge den til avrenning ;-)

Englemor sa...

Veit akkurat korleis dette er.. Her i huset har vi kunn grønne plantar.. Ingen nydelige små blomar..
Av og til kjøper eg inn ein og annan. Men som i ditt tilfelle.. Dei vandrar sin veg ganske so raskt..
Trur ikkje det er for alle å få til slike "enkle" blomar..

camilla sa...

hehe, akkurat slik som her. Kanskje me kan skylde på mamma & pappa for å ikkje ha lært oss godt nok opp. Eg kavar med 2 stakkars orkidear, dei er ikkje heilt daude enda....off off....

~♥~ Monica S sa...

Stakars liten... du får gjere det omvendt neste gong ;-) hehe!

Monica

Alven sa...

Hei :-)

Grønne fingre har ikke jeg,så kan ikke komme med noen råd der desverre.... Heldigvis var livmorhalsen ganske lang enda,men må tilbake til sjekk før vi resier på torsdag..for ikke sikkert det er så lurt å sitte på ett ristende tog i 5 timer.... Vi får krysse fingrene for at det går etter planen :-)

ha en fin kveld!

Besta sa...

Ikkje greitt dette nei. Frå å vere sterk og kraftig til å sjå ut til å trenge all den hjelp den kan få...Det ville nok sikkert skjedd i min heim også.
Grøne planter er tingen her ja:-)

~♥~ Monica S sa...

Hei på deg!

He ei utfordring til deg! :-)

Monica

Anna Lisa sa...

hehe....huffda...stakkrs plante :) Men det er aldri så enkelt å vite kor mykje dei treng heller :)
Takk for laget i går, det var kjekt!!
Ha ein fin kveld
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.