torsdag 12. februar 2009

Vårstemning

I dag har eg tilbrakt stort sett heile dagen på sofaen. Tok ein liten operasjon i går og må difor kvile litt i nokre dagar. Eg måtte likevel ein tur ned i Vik for å kjøpe meg litt tråd slik at eg i det minste får strikka litt når eg skal halde meg i ro. Eg var ein snartur innom Floriss, og der var det så mykje fine blomar at eg ikkje greide å lat vere å kjøpe. Valget fall på ein vakker ildtopp med duse rosa fargar på blomane.

Det er så deilig med litt vårfargar no i når dagane byrjar å bli lenger og lysare. Eg kan ikkje akkurat skryte på meg grøne fingrar, men plantene mine varer så lenge dei varer. Så får eg heller kjøpe nye når det ikkje er liv i dei lenger. Sjølv om pappa mang ein gong har sagt sat det er billegare å vatne enn å kjøpe nytt...



Håper at eg klarer å helde liv i denne lenge, sjå berre kor nydeleg den er. No står den og sprer vårglede på kjøkkenbordet.


Må ta med nokren bilete av Joakim som gjer lekse også. Han er så flink lisje guten min. Tek alt så lett, tenk at han kan lese og skrive allereie. Tida går så altfor fort.

No skal eg snart på klubb med Joanna, gleder meg. Skal bli koseleg å treffe alle saman igjen.

Ha ein strålande kveld alle saman.

3 kommentarer:

Englemor sa...

Deilig farge på blomen din:)
Er enig at det er godt med litt vår fargar for tida..
Likar godt vinteren men ser alltid fram mot våren.

Ta livet med ro og stell godt med helsa:)

Kristin

~♥~ Monica S sa...

Herlig med blomster inne no ja.. men huff all denne snøen.. det e nok no....

Monica

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Blei visst ikkje klubb på meg likevel. Mannen kom så seint heim at når han endelig kom var eg for sliten.
Blomstrane var vårlige og fine. Kjekt å fornye litt
Håpa kvelden vart koselig :)
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.