torsdag 13. januar 2011

Inspirasjon?

Dei siste dagane har eg kika innom mange, for meg, nye bloggar. Eg er inponert over alt desse bloggdamene kjem på å blogge om, eg er heilt blotta for idèar, så no har dokke sjangsen til å kome med ønsker om kva eg skal blogge om.


Vi har hatt nokre dagarmed skikkeleg ruskevær, men no er kulda og det flotte været komt tilbake, og no får vi også gleda av sola. Sola forsvinn bak dei høge og flotte fjella våre tidleg i desember og kjem ikkje tilbake før 6. januar, men no er den altså tilbake. Det er deilig å kjenne dei første solstrålane i ansiktet og tenke på at no blir dagane berre lenger og lenger, og plutselig så er våren her.

Dette er utsikta frå stoveglaset vårt.


Denne flotte engelen fekk eg i julegåve med lisjesystra mi. Eg vart veldig glad for den, og synst at den er så fin at den skal få stå framme heile året. Ekstra kjekt er det at den er laga av ei gamal klasseveninne av meg, som driv sin eigen keramikkverkstad i nabobygda.


Eg ser at eg har hatt mange besøkande på bloggen min, men det er ikkje så mange som torer seg til å skrive ei helsing i kommentarfeltet. Eg hadde blitt veldig glad dersom fleire gjorde det.

Ha en fin vinterkveld alle som kikar innom bloggen min :)

2 kommentarer:

Janne Tove sa...

Nydlig engel - sjønar godt at du vil ha den stånde framme heile tida. Eg fekk også tak i ein liknande engel på ei julemesse før jul - og den blir også ståande.....

jannetove

Unknown sa...

La engelen stå, va ikkje mykje jul over den! :)
Inspirasjon? Hmm, kvardagssysler? Hobby...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.