mandag 23. mars 2009

Etter ei veke med bloggtørke, kjem her no litt nytt frå meg. Då eg la ut det siste blogginnlegget mitt om ei fantastisk helg, ante eg ingenting om det marerittet ei lita familie her i bygda gjekk igjennom. Ei lita familie vart brått riven i filler. Livet deira vil aldri bli det same. Ein kjær pappa og sambuar vart funnen omkomen etter ein storstilt leiteaksjon. Bygda vår har vist stort engasjement og medkjensle i denne saka. Det kjennest godt å høyre til i eit slikt samfunn.




Denne hendinga gjorde at eg ikkje orka blogge, følte meg faktisk litt lamma og fekk dårleg smavit for at vi hadde hatt det så kjekt saman denne helga. Men det er ikkje noko vi kunne ha gjort annleis, det er brutalt å seie det - men livet må gå vidare. Sjølv om det nok kjem til å gå litt saktare for dei nærmaste.



Denne helga har vi ikkje gjort noko særleg. Benedicte har hatt kraftig bronkitt heile veka og vi har teke det med ro. Søndag tok vi oss ein liten biltur ut i øyane. Vi køyrde ut på Flø så Joakim skulle få sjå på storhavet. Der er fantastsik der ute, det må vere ein draum å bu på ein slik plass ein varm og mild sommardag. Og ei oppleving, når hauststormane herjar som verst.




Vi tok også turen innom gravplassen på Osneset, der ligg olderforeldra til Benedicte og Joakim.







Sjølv om sola måttte vike plass for haglbyger, måtte vi kjøpe oss is. Vi kosa oss med is, medan vi køyrde ein liten tur til Hareid og Kvitneset. Kvitneset er ein plass som vi må tilbake til når det blir sol og sommar. Då kjem det heilt sikkert eit nytt blogginnlegg derifrå. Det ligg mykje historie i ruinane der ute.




Det vart ein lang biltur for Benedicte, det var ikkje mykje ho sov, men det tok ho att då vi kom heim. Ho kraup likegodt inn i teltet sitt og sovna der. Sjå berre lisje prinsessa på sin aller første telttur på golvet heime i stova.


3 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Stakkars vennen!! Håpe ho vert fort frisk.. har vore litt utsatt no i det siste syns ej!..

MOnica

Tonje sa...

Heia! Har ho begynt å kome seg til att? Eg veit mykje om bronkitt..FYSJ!!! Det var ein god idè til søndags-biltur. Begynner å bli LITT lei av Sæbø-Ørsta-Volda... Lurer på om eg må flytte bloggen min til Blogspot, ser ut som om dokke har fleire muligheiter enn det eg har på mitt domene. Eg har lagt deg til i mine favoritter slik at det er enkelt å finne deg att. Klem

Annika sa...

Leiteaksjonen og den tragiske ulukka som råka er heilt grusom, og det er lett og tenke som du skriv, at ein får litt dårleg samvet for at ein har det så bra, medan dei har det så fælt.

Men tankane mine er iallfall med dei kvar dag, og det er det nok mange, mange andre som også har. Eg håper sambuar og resten av familia klarer å finne litt styrke i det.

Har dokke vore på mine trakter altså? Både Flø og Kvitneset er fantastiske plassar, og det er så flott der, uansett om det er strålande sol eller skikkleg ruskever.

Om dokke skal legge turen innom Flø igjen, må eg få anbefale Studio Hugo Opdal, der Moods of Norway har opna butikk, og elles kjente kunstnarar har utstillingar. Søndagsope kvar søndag. http://www.hugoopdal.no/
Lokalisert i den gamle skulen på Flø.

I Brandal er der også mykje spennande, i tillegg til Kvitneset, men eg kan ikkje skryte av at vi har butikk då. Men muligheit for ein kopp kaffi og brus er der, f.eks. på Ishavsmuseet på søndagane i sommarsesongen. Treng eg seie at eg likar bygda mi?

Håper Benedicte kviknar til att ganske raskt.

Oioi, dette blei ein lang kommentar det... Ynskjer deg ein god dag:)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.