onsdag 17. desember 2008

utmerkingar og utfordringar

Det har vore hektisk her siste dagane. Benedicte har starta med tilvenning i barnehage og julehøgtida kjem nærmare og nærmare for kvar dag. Borna i huset blir meir og meir spente og har nedteljing til den store kvelden.

Det er litt synd at julebodskapen som er opphavet til denne dagen, kjem slik i skuggen av den store kjøpefesten som vi har hengande over oss som eit stort og stygt spøkelse. Eg trur nok at folk handlar over evne desse desemberdagane. Ein har så lyst å glede borna sine, kjøpe noko som dei ynskjer seg, sjølv om desse ønska blir dyrare og dyrare for kvart år som går og dei veks til. Det er hårreisande å høyre kva borna ønskar seg, og kva somme av dei får. Å kjøpe julegåve til 3000-4000 kroner til kvart av borna, er her i huset heilt uaktuelt, men trur nok at det ligg mange nye og dyre spelemaskiner, bærbare pc-ar og div. andre dyre gåver under mange juletre på julaftan. Borna blir sikkert svært glade, men eg tur dei blir glade for ei gåve som kostar langt mindre også. Det blir ein slik overflod av gåver at ein misser nesten pusten. Antiklimaks kjem 1. juledag når alle gåvene er pakka opp og spenninga er borte. Er det då verdt å bruke heile månadsløna si på eit par gåver??? Eg synest at vi skal bruke denne høgtida til å være saman med dei vi er glade i og kose oss saman med god mat og ei hyggeleg samtale.

Eg har fått ei utfordring frå Monica i http://acinomevats.blogspot.com/. her skal eg nemne 5 ting so eg ikkje ønsker meg til jul.
No når jula er så nær, reknar eg med at mange er ferdige med julegåvene til meg (håpar på å få eit par iallefall) så i frykt for å trakka nokon på tåa, vel eg å ikkje ta utfordringa. Beklagar Monica :(

Eg har også fått ei utfordring frå Anne Grethe i http://theworldofsandnes.blogspot.com/. her skal eg nemne fem ting so eg er avhengig av. Dersom du ser lenger ned på bloggen min, så har eg tatt den utfordringa før, og trur ikkje at eg har endra meinig.

Eg har også fått to utmerkingar. Den eine frå Silje i http://siljenelly.blogspot.com/ og den andre frå Astrid i http://astridbjordal.blogspot.com/. Tusen takk for flotte utmerkingar. Eg har sendt desse to vidare i eit tidlegare innlegg, men det varmar å få dei likevel.

ha ei flott og hektisk førjulstid folkens!

Ingen kommentarer:

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.