fredag 26. desember 2008

jul i Grepalia


Det har blitt ei stund sida eg blogga sist. Må nok skulde på tidsklemma, sjølv om eg ikkje likar det ordet noko særleg. Arild har jobba seinskift, så eg har til dels vore aleinemamma i førjulsdagane. Vi har slite litt med sjukdom også.
Det starta vel ei veke før jul, med at Joakim kasta opp. Stakar Joakim som var sjuk, måtte nærmast i isolat for å forhindre at vi andre skulle bli smitta til jul. Det gjekk heldigvis over på berre nokre få timar og vi andre pusta letta ut då det var gått 6 dagar og ingen andre var blitt sjuke.

Lisje julaftan var eg rett nok litt pjuska, men ikkje verre enn at eg tok to paracet og ordna ferdig til jul, medan Arild var på jobb til klokka 21.
Vi kosa oss med deilig spekemat om kvelden og alt var berre fryd og gammen -trudde vi.
Halv to, natt til julaftan, vakna vi av at Benedicte kasta opp i senga si. Oh no! på an igjen, på den dagen i året det passar minst med spysjuka...

Det var berre å røske av sengkle, få på vaksemaskine, vakse golv og ei lita sprudlande og tirande blide prinsesse.

Vi har ikkje blitt sjuke nokon andre enda, men reknar med at det kjem. Vi har rett nok vore uvel i magane, men noka sykje trur eg ikkje det har vore. Får berre krysse fingrane for at vi ikkje blir sjuke i nyttårshelga..

Benedicte var heldigvis frisk att om morgonen på julaftan, men litt redusert var ho nok. Lite matlyst og litt småsur. Julemiddagen henna bestod av ei tørr loffskive og potetskruar... Vi andre kosa oss med deilig pinnekjøt, surkål, poteter og rabbestappe (kålrotstappe).


Joakim gjekk heile julaftan å masa på pakkeåpning, og då tida endeleg var komen, var han heilt i ekstase. Han var overlukkeleg over alle dei flotte gåvene han fekk. Star Wars-lego og Wall E-romstasjon sto høgt på ønskelista, og jammen låg det ikkje det under treet også. HURRA! Vill jubel i stua.






Benedicte fekk seg dukkevogn, og som den vesle dokkemammaen som ho er, så visste ho godt kvar dokka skulle ligge.




Eg og Arild var så heldige å få eit nydeleg stettglas som Joakim hadde mala på. Vi sette det trygt forvart for små barnehender saman med eit anna lysglas som han har mala på. Det skin så fint i dei om kvelden når vi tenner lysa i dei.



Vil nytte høvet til å ønske alle ei fortsatt fredeleg jul. Kos dokke saman med familia i romjula og nyt fridagane - dei som har fri.

3 kommentarer:

♥bagatellar♥ sa...

God Jul til deg og alle dine Cecilie, har vore labert med aktivitet inne hos meg og så du er langt i fra aleine. Håper inderleg at vesla er i form igjen snarleg og at resten vert spart for sjuka. Klem

Dagny sa...

Ser ut som om at jula blei nokonlunde, trass sjukdom.

Håper romjula blir litt trivelegare enn førjulsdagane :-)

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Så trasig med sjukdom. Vi har hatt sjuka vi også, men klarer oss. Tryggve har hatt det verst, som har hosta i ein månad nå.
Ikkje kjekt.
Ønska deg og dine alle riktig fin jul vidare og ei koselig nyttårsfeiring.
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.