mandag 1. desember 2008

Skift batteri i dag!!!

Vi går no inn i den mest brannfarlege månaden i året. Eg bed alle innstendig om å være på vakt, både når det gjeld elektriske og levande lys.
Det er i dag det er den store batteriskiftedagen også, så godt folk, skift batteri på alle røykvarslarane i huset, det reddar liv om tragedia først skulle være ute.
Vi fekk ei slik tragedie på nært hald, nabohuset vårt, med eit eldre ektepar, brann no i morgentimane i dag. Det fekk eit tragisk utfall...
Det er sterkt å få slike ting så tett innpå livet. Vi opna heimen vår for både vitner, politi, brannmenn og ambulansepersonell. Vi måtte hjelpe til med det vi kunne. Sjølvsagt gjer vi det.
Eg er fortsatt skjeleven etter denne hendinga, og kjem nok til å være ekstra på vakt når det gjeld elektrisitet og stearinlys no framover. Eg håpar at alle saman kan være så snill å huske å sjekke røykvarslarane sine i dag. Det er så lite som skal til før gleda blir snudd til tragedie.
I kveld vil eg tende eit lys til minne om naboen vår som no er komen i Guds hender, og håper at andre også vil gjere det.

ha en fin 1.desember alle saman.

5 kommentarer:

Astrid sa...

Å kor trist!!!
Eg er nettopp komen heim frå nattevakt og eg såg alle blålysa som for forbi sjukeheimen i seks-tida i dag. Eg gjekk ut for å sjå kva det var, såg ikkje noko flammehav, men eg kunne godt kjenne lukta... Må seie eg frykta det verste for dei som budde der, då folk oftast søv på den tida av døgnet og kanskje ikkje oppdaga at det brann før det var for seint.

Det er så frykteleg trist når slike ting skjer! På litt over eitt og eit halvt år har vi hatt to husbrannar her i Bjørdalen, og det er som du seier sterkt å få slike tragedier på nært hald...
Ein vert ekstra skjerpa på brannsikkerheit etter slike tragedier når ein ser kor lite som skal til før det kan gå heilt gale.
Sender varme tankar til deg og dei som vart råka av tragedia...

~♥~ Monica S sa...

Offa mej Cecilie!!! Tenk at ej klarte å sove gjennom heile greia.. DET er litt skummelt det og! Men når eg fyst søv, så søv eg visst!
Vart reint rørt av innlegget ditt her...
Vi får snakkast!!

Monica

alvens kreative hjørne sa...

Hei :-)

Så trist og tragisk!!!
Skal sjekke brannvarslene våre i dag!!!
Ha en så fin dag som du kan :-)

Klem

Tove sa...

For eit hjartevarmt og godt innlegg, Cecilie... Eg blir med og tenner lys i kveld; i sorg over dei som har mista ein kjær og i takk for alle som hjelpte til - inkludert deg og familien din. Midt i ei tragedie betyr slik rausheit mykje...

Og ikkje berre skal eg sjekke brannvarslarane i kveld, eg skal kjøpe meg nokre til... Vi bur i eit gamalt hus, det er ikkje noko slags form for seriekopla fiksfakseri der.

Håper du får ein fin dag - trass alt...

Silje sa...

Heilt forferdeleg tragisk når slikt skjer, og spesielt når ein får det så nært innpå seg... Var sikkert nokre oppskakande timar for dåkke!! Eg heng meg på oppfordringa di om at alle må sjekke røykvarslarane sine, har faktisk på grunn av deg funne ut at det berre er ein i heile leilegheita mi, så eg skal ut og kjøpe fleire!! Ha ein så fin dag som du kan Cecilie, tenner lys ilagmed deg ikveld....

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.