lørdag 17. januar 2009

Bursdagsbilder av ei lita prinsesse

Eg lovte i eit tidlegare innlegg at eg skulle legge ut litt bilder frå bursdagsfeiringa til Benedicte. Her kjem bileta.
Dagen starta med pakkeåpning. Av oss, fekk ho eit lite kjøkken. Ho er så glad i å kokkelere og leike med dokker, så ho blir sikkert ei god lita mamma når den tid kjem, om maaaange år. Det tok ei stund å få av papiret, for ikkje å snakke om tida det tok å montere det flatpakka kjøkkenet. Men resultatet vart ho veldig fornøgd med. No kosar ho seg og kokkelerar i veg.


Etter frukost, var det tid for prøvesmaking av kake. Sjokoladekaka vart godkjent av bursdagsbarnet. Og Kakebakar Silje, kunne puste letta ut.


Mormor hadde laga ei eiga blautkake til Benedicte, det måtte det bli rot av, men det tåler vi på ein slik dag.
Dagen slutta ikkje heilt slik som vi skulle ønske. Stakars bursdagsbarnet fekk augebetennelse og nesten 40 i feber. Litt av ei avslutning for lisje vennen våra.

Spysjuka på julaftan og feber på bursdagen, skal tru kva sykje som dukkar opp på 17. mai...

Ha ein fin laurdagskveld bloggvener!


4 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Heldig lita pie! Egen kake og greier!! :-) Skjønne Benedicte! Håpe de kosa dokke der bort med dokke!! :-)

Helgaklem
Monica

Astrid sa...

Koselege bilete av trulta di! :)
Og stakars lita som vart sjuk på bursdagen sin! Det er ikkje rart at du nemner 17.mai med eit spørjeteikn... Eg kryssar fingrar for at ho få vere frisk då, og at veret vert bra:D Det utgjer heile forskjela på ein fin og ikkje fullt så fin 17.mai!

Ha ei fortsatt fin helg!

Tove sa...

Skjønne snuppa di.... Sina har også augebet og høg feber! Trasige greier... Håper ho vert fort frisk! Takk for kosleg kommentar på MN-intervjuet!

Det ligg ei utfordring og ventar på deg på bloggen min - ta den om du har lyst og tid! Ynskjer deg ein deilig søndag!

♥bagatellar♥ sa...

Tida går fort, gratulerer med overstått for Benedicte. Håper ho snart er frisk att, so kjedeleg å være sjuk. Her går det i oppussing av rom til jentene, og som vanlig dukkar det alltid opp litt ekstra arbeid enn ein hadde tenkt seg...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.