lørdag 31. januar 2009

stjernaklar vinterkveld

I kveld var vi ein tur på Kometland i Volda. Det er eit amatørobservatorium der ein kan sjå på og studere himmelen gjennom store teleskop og på flotte plansjar. Det er Knut Aarseth frå Volda som har bygd opp dette flotte observatoriet og som driv det.


Sidan det har vore så flotte og stjerneklare kveldar no i januar, bestemte vi oss for å ta turen til Kometland. Joakim er ein ivreg astronautspire og kan og veit utruleg mykje om stjernene og planetane i vårt solsystem. Det er mang ein gong eg har blitt satt fast av spørsmåla som han kjem med. Det er heilt imponerande alt han kan og veit.

Joakim vart ellevill då vi i går kveld fortalde at vi skulle ta han med oss på Kometland. Før han sto opp i dag byrja masinga om kva tid det var kveld og mørkt nok til å køyre bort. Augene hans vart store då han kika inn i det store teleskopet og månen kom så nær at ein følte ein nesten kunne røre han ed berre hendene.


Det vi såg gjennom teleskopet var heilt fantastisk. At stjernehimmelen er vakker, er vi vel alle enige i, men at det skulle være så fantastisk flott, hadde eg aldri drøymt om. Vi såg stjerner som låg langt unna vårt solsystem - og dei var så klare og flotte gjennom teleskopet.



Her er Orions belte, vi kunne sjå det endå betre gjennom teleskopet enn det vi ser på bildet her. Og rundt dei store stjernene, var det tusenvis av mindre stjerner som vi kun kan sjå gjennom eit teleskop.

Vi fekk endåtil med oss eit stjerneskudd - det for fort over himmelen. Eg var sjølvsagt snar med å ønskje meg noko, så gjenstår det å sjå om ønsket går i oppfylling.


Her er Joakim saman med den nye helten sin, Komet-Knut (som vi kallar han her). Grunnen til at han har fått det namnet, er at han var den første som oppdaga ein komet. Han fekk kometen kalla opp etter seg og vart kjend i ei rekke land for oppdaginga si. På veggane i observatoriet, heng utklipp frå alle dei største avisene og tidsskrifta i heile verden der dei har skrive om Knut og den nye kometen som han oppdaga.
Her er den kjende kometen til Knut.

Dette er ein stad vi vil tilbake til. Her var det spennande både for små og store.

Ha ein flott kveld under stjernene

(bileta av stjernene og månen har eg lånt frå heimesida til Kometland)

6 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Kor kjekt! :-)
Artig å sjå på stjernene!! :-)

Hadde vore koselig å ta en tur dit!

Monica

Astrid sa...

Hei!
Vi har aldri vore med han Komet-Knut, men etter dette innlegget fekk eg jammen lyst å ta med ungane på ein visitt! Fasinerande å få sjå måne og stjerner på "nært" hald:)
No har eg svart på utfordringa di, takk for den!
Ynskjer deg ein fin dag Cecilie:)

♥bagatellar♥ sa...

Det må me, skal minne Joanna på at det er henna tur... Dette skal så absolutt ikkje renne ut i sanden:-) Har aldri vore på kometland, men me har snakka om det no nyleg så blir nok ein tur, men endå ikkje ferdig med flyttinga, er ikkje berre å parkere utafor døra her gitt og bære inn:-S

Alven sa...

Hei :-)

takk for koselig kommentar på siden min :-)

Artig med stjerner og planeter :-) Og å kunne få se de slik må være en fin opplevelse :-) for store og små :-)

Ha en fin helg!

Anna Lisa sa...

Dette var sikkert ein flott tur tenker eg.
Har hatt plana om å dra opp dit vi også. Men det passa så sjelden.
Men det vert nok ein dag.

Ja...så du Møre i dag?? hehe...
Ha ein fin kveld, og ein kjempe fin morsdag
Klem

Anna Lisa sa...

Kjekt å høre Cecilie. Takk :)
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.