mandag 26. januar 2009

Nå skinner sola i vinduskarmen...

og katta maler som aldri før

den ligger langfalt og kjenner varmen

og er ei katte med godt humør.


Skulle ynskje at eg også kunne nyte denne vakre og deilige sola, som så vidt kliv fjella framfor oss. Det er så godt å kjenne varmen frå den. Vi har som sagt tidlegare vore plaga med litt sjukdom her i huset, men no trur eg toppen er nådd og at ting byrjar å snu. Benedicte har hatt heile runda, med augebetennelse, øyrebetennelse og no har ho fått halsbetennelse. Men vi ser positivt på det og gler oss til ho blir frisk og rask igjen. Vi gler oss til vi kan gå ut ein tur så ho får spasere på vegen og prøve dei nye, fine vinterskona sine. Det er så skjønt med desse små vennane som stabbar iveg på ustøe bein.


Sidan vi sit inne og sola skin så deilig ute, kan eg ikkje lat vere å legge merke til at utsikta vår er blitt så dårleg i det siste. Eg synest at det er så vanskeleg å sjå ut, sjølv om eg har på brillene er det liksom noko som ikkje er som det skal med synet mitt. Eg tek av meg brillene og pussar dei. Dei var verkelg skitne etter Benedicte sine små hender som hadde prøvt å plassere dei på si eiga lissje nase. Det vart vel litt betre, men det var fortsatt dårleg med utsikt. Då koplar eg.... Vindauga er skitne, og då meinar eg verkeleg skitne. Eg kan sikkert skimte Rystefeltet og Ose der borte på andre sida dersom eg legg godvilja til, men det som stel utsikta er utvilsomt dei groskitne vindauga mine. Eg som vaska dei til jul...



Her er det berre å brette opp armane og la sjukdom vere sjukdom, desse vindauga må berre vaskast. Det er ikkje vanskeleg å finne den største syndaren. Han sit vell fint på stolen sin i klasse 1B på Vikemarka skule og anar fred og ingen fare, men handavtrykka og kyssemunnane er ikkje til å ta feil av... her kan han ikkje lyge frå seg noko som helst. Sjølvsagt er det andre som har vore borti og skitna til også. Det demrar så vidt langt bak i bakhovudet til ho mor sjølv at i ein svak augenblikk vakna barnet i meg til liv att, eg kunne ikkje dy meg - eg måtte lage grimasjer gjennom glaset til Silje og ei veninne som sat inne. Ja ja, det var moro den stunda, men no lyt eg vell vaske etter desse sprella som vi har føre oss av og til her i heimen.

Ha ein fortsatt fin dag

5 kommentarer:

Dagny sa...

He-he! Ja, slik er det på denne sida av fjorden også :-) Men det meste er på utsida. Her har vi ikkje fått sola gjennom vindauga enno, ei god veke att, så eg tenkjer eg ventar litt til før eg pussar dei :-D

~♥~ Monica S sa...

Enig med Dagny.. venta litt til.. vinteren e vel ikkje over endå.. og at sjøsprøyten faktisk bles longt og høgt er dte ingen tvil i.. det er salt-flekkar på vindauga ute... inne ser det no greitt ut enn så lenge!

God bedring!!
Monica

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Trøster deg med at det er fleire som har skitne vindu en deg :) Huff...ja må sette i gang en dag eg også.
Så trist dokke har vore mykje sjuke. Håpa det går fort over iallefall. Vi har sluppet noke sjukdom etter jul, men før jul vart det vel nok.
Ønska deg fine dagar:)
Klem

~♥~ Monica S sa...

Hei nabo..

har ei utfordring til deg!

Monica

Camilla Gangsøy sa...

Hei Cecilie!

Koseleg blogg du har! Eg ser klare likheitar både mellom slanking og vasking. Pyton mens det står
på - men kjekt etterpå :-)

God bedring til Benedicte & hels Arild!

Helsing Camilla på meieriet :-)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.