torsdag 13. november 2008

Monstermamma

Ja, i dag er eg verkeleg ei skikkeleg monstermamma. Benedicte vokna klokka tre i natt, og då var det tydelegvis dag i hennar auge. Eg kan hugse at det var slik ei periode då Joakim var på same alder, men hadde fortrengt dert, heilt til i natt. Når ein sit slik ein sein nattestime, med prinsessa leikande på golvet framfor seg kan ein begynne å lure på kvifor ein i det heile tatt fekk born. (ikkje misforstå meg, eg hadde ikkje kunna vore dei forutan). Frå å føle at eg hadde alt under kontroll , vart det fort slutt på det, då born nummer fire såg dagens lys. Det var på denne tida det flytta inn ei ny dame hos oss: Monstermamma. I starten dukka ho opp berre av og til, men i det siste er ho her nesten kvar dag. Ho har stort sett alttid sterkt samanbitte tenner og pustar tungt ut av nasa. Og du kan tru ho kan brøle, ho brøler så fråden står ut av munnen på henne. Trur kanskje ho er ein slektning av Terminator eller noko der omkring. ho er rett og slett ei plage, ein svært uønska gjest, ho kjem alltid uanmeldt, og til dei mest upassande situasjonane ein kan tenke seg. Ho terroriserar heile huset når ho kjem, og det er nesten umogleg å bli kvitt ho, når ho først har inntatt huset. Ein ting skal ho ha denne monstermammaen, når ho er ferdig med dagens terrorisering, er det faktisk litt stillare i huset, både born og vaksne trør litt meir varsamt enn dei ellers brukar. No har denne monstermammen fått godt rotfeste her i huset, og eg er redd for at ho skal ta over heile livet mitt, vil ikkje at mannen min skal vokne opp med ei monstermamma i senga kvar morgon, eller at borna skal ha med ei monstermamma på skulefestar og på idrettsarrangement. Eg prøvar febrilsk å leite etter denne supermammen som eg sjølv meinar at eg ein gong var, men ho står der berre som ein vag skugge av seg sjølv, totalt tilsidesatt av denne monstermammaen. Får verkeleg håpe at det er Supermammaen som vinn denne kampen til slutt. (ikkje minst for borna sin del).

HA EIN FLOTT DAG ALLE SAMAN!

10 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

hehehe!!
Det kan vel ikkje være sååå gale??

HA på fin og rolig musikk!!


Monica

♥bagatellar♥ sa...

Kjenne meg ikkje igjen i det heile tatt, er berre søt og snill heile tida, baka bolla og laga saft og sånt, heilt sant. Dei som aldri er monstermamma, dei lyge ;-) Berre vent til dei vert vaksne og ser for ei flott og fantastisk mamma dei har hatt. Du e kjempetøff Cecilie! Klem

♥bagatellar♥ sa...

Ps no he ej fått mej "ny" laptopp så blir nok litt meir bloggaktivitet får ej håpe.

AnneGrethe7 sa...

..hihi....ho kjeme hit også nokre dagar....og etter fem dagar med ein liten sjuk bror som har kasta opp dag og natt, trur eg jammen vi har hatt både monster- mamma og pappa. Heldigvis har han ikkje kasta opp i dag og no kryssar me fingrane for at det blir ei natt med litt meir søvn. Ikkje kjekt verken for stor eller liten å skulle dusje og skifte på senga kl tre om natta, kan bli monster av mindre:)
Men som eg skriv i innlegget mitt under...ein dag vil vi kanskje sakne slitet. Når vi sit åleine vi vaksne og ungane er opptekne med sitt.
Ønskjer deg ein fantastisk torsdagskveld!

Dagny- Heim sa...

Eg er sikker på at supermamma er den borna kjem til å hugse best når dei vert større! Monstermamma må til av og til, heilt naturleg fenomen. Og lukka er den at ho bleiknar fort vekk i borna sine auge (og øyrer).

Spring ein tur i skogen og brøl av og til! Ikkje kl 3 på natta sjølvsagt, for då er alle dei farlege monstera ute... hugs du er eigentleg eit av dei snille :-)

AnneGrethe7 sa...

..hehe....må nok bake meir her ja...dei for i rekordfart i dag:)

~♥~ Monica S sa...

Hei Cecilie!

Ligg noke til deg, inne hos meg!
Velkommen

Monica

Astrid sa...

Her har monstermamma vore sterkt tilstadeverande siste veka, når ein er sliten, trøytt, småsjuk og lei, ja då er har monstermamma lett for å dukke opp...

Eg støttar meg til det som Dagny skriv; at supermamma er den som ungane kjem til å hugse best når dei vert større! (Sjølv om det er vanskeleg å seie til eit svart samvet...)

Men frå I DAG, då skal eg verte så mykje kjekkare og flinkare:)
Ha ein fin dag Cecilie!

Tonje sa...

Det er første gang jeg er på besøk her, men må si som sant er, at monstermamma er på besøk hos oss også ganske ofte... Du har en fin måte å skrive på!

Tove sa...

Prima vare, Cecilie!!! Ligg ein liten, søt pus og ventar på deg på bloggen min...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.