mandag 1. mars 2010

fantastiske vinterdagar

Vinterferien er over og vi har kosa og maksimalt dei få fridagane vi unna oss. Eg og husbonden tok oss eit par gode feriedagar og naut sola og snøen på fjellet saman med dei to yngste håpefulle.

Vi har hatt flotte dagar, med sol frå ein omtrent skyfri himmel og strålande skiføre.





Fredag pakka vi sekken og pulken og gjekk ein tur på Åmskaret. Det var ein flott tur, sjølv om Joakim vart litt lei på slutten, men var strålande fornøgd då han kom fram på kanten og såg heilt ned til Vik og fram til farmor og farfar. Farmor vinka endåtil frå stoveglaset... Flaks at vi såg dit akkurat då ho vinka...





Det er godt å kunne sette seg ned med ein god nistepakke når ein er på tur, så eg drog fram den eine godbiten etter den andre frå sekken. kjeks, sjokolade, kakao og skive gjekk ned på høgkant.





Joakim er vel egentlig ikkje noko særleg begeistra for bortoverski, men vi prøver å få han med oss slik at ikkje det blir berre slalomkøyring på han, men no spørst det korleis det blir framover. Benedicte har nemleg fått seg sine første slalomski (og det i ein alder av to år).





Søndag måtte vi fram på Bondalseidet og prøve dei, og det vart ein stor suksess. Ho var litt skeptisk i begynnelsen, emn etterkvart vart ho meir og meir ivreg. så dette lovar godt.





Joakim er flink læremeister og viser stadig fram flotte kunstar på ski, både framover og bakover. Piruett er det store no for tida.


Det blir nok ein del ski på oss framover vil eg tru, så får håpe at det flotte været held seg stabilt ei stund framover.




Ha ein strålande ettervinter folkens!!!

fredag 12. februar 2010

Kong Vinter


Kong Vinter er over oss med all si tyngd. Til stor glede for borna - og meg også for den del. Det er så reint og fint ute - måtte det vare.



Eg vil for all del ikkje ha meir snø no, men det hadde vore kjekt om den som allereie er her, kan få ligge ei stund til.



Det er noko magisk med snøen, alt blir liksom så stille ute, alle lydar blir dempa og det råder ei stillheit over bygda vår. Stillheita blir brota berre av ein og annan snøfres og snøplog som strevar med å få vekk all snøen. Det er ikkje berre berre å bli kvitt all denne snøen heller, kvar i alle dagar skal vi gjere av den. No er barane så høge at det nesten er uråd å bli kvitt snøen. Og tenk på alle dei stakars brøytemannane (og -damene) som gjer sitt ytterste for at alle vegar skal vere framkomelege til ei kvar tid. Dei er mine kvardagsheltar no desse snøfulle dagane (ja, Arild er sjølvsagt også helten min, han står opp grytidleg for å frese vegen slik at eg skal få kome meg på jobb om morgonane).

Eg tykkjer Anne Grethe Prøys sin song "Hele himmlen faller ned" beskriv korleis eg føler det når all dennne snøen lavar ned i store flokser. Alt går så langsomt liksom.

Her oppe i Grepalia har vi blitt velsigna med over ein meter med denne fantastiske snøen, Vi har faktisk måtta måka garasjetaket to gongar berre på nokre få veker. I dag har eg måka verandaen (er nesten ferdig, i allefall halvferdig), så i morgon har eg nok blitt kjend med nokre nye musklar.
Dette bildet er tatt før måkerunde nr. 1 av verandaen. I dag var der faktisk like mykje igjen. Rekkverket er til orientering 95 cm høgt.



I helga skal vi kose oss ute i snøen og lage snømann og snølykter.



... og der kom sola til Grepalia. Vi er utan sol i ca ein månad, frå begynnelsen av desember og til 6. januar. Kan tru det var godt å få sjå desse deilige solstrålane. No går det mot vår, sola er her lenger og lenger for kvar dag, og no varmar ho godt også, sjølv om det er flott når det er skikkeleg vinter, men eg kan ikkje nekte for at eg ser fram til varme og late sommardagar.


Ha en fin fredagskveld folkens!

torsdag 11. februar 2010

Ein gamal skatt

Mamma og pappa bur i eit gamalt hus, oppe på loftet er det kjekt å gå på skattejakt - der finn ein mange skattar. Sjå kva eg fann sist eg var der:


Det er faktisk Sunnmørsposten si 9. april 1940-utgåve. Eg vart sittande å blade forsiktig i den sjøre avisa, tenk kor redde dei måtte vere denne aprildagen for 70 år sidan, ja tenk at det er så lenge sidan det var krig her i landet. Eg håper at vi slepp å oppleve dette som våre besteforeldre og oldeforeldre måtte gjennomgå av redsle og fortviling, vi veit vel egentlig ikkje kor godt vi har det.



Eg veit at der skal vere ei kasse til med gamle aviser der oppe ein stad. Dei skal nok få kome ned i dagen ein gong. Meinar at det var lokalavisa Møre som ligg i den kassa, der er mange utgåver frå krigsåra, det står nok om mange skjebner i dei.



Det sto ein liten artikkel om Ørsta i denne utgåva også, artig å lese om kva som opptok folk då, det er nok ikkje så reint ulikt det som folk snakkar om no til dags vil eg tru.




Ja, dette var eit lite glimt av ei nær, men likevel fjern lokalhistorie.

No er det snart helg, då skal vi feire både Arild sin bursdag, morsdag, valentinesday og fastelavenssøndag... ja, ja greit å samle kaloriinntaket til ein dag.

Ha ei strålande helg!

tirsdag 2. februar 2010

Bloggtørke og giddaløyse

No er det lenge sidan det vart posta eit nytt blogginlegg her frå kvardagslivet våra. Eg har hatt fullt opp å gjere her i heimen. Den eine sykja har aløyst den andre, men no er vi forhåpentlegvis ferdige for ei stund. For å vere ærleg (og det skal ein jo vere), så har ikkje eg hatt ånda til å blogge heller, men no kjenner eg at den muligens er på veg tilbake.



Ser at mange har teke eit tilbakeblikk på fjoråret og det som skjedde i blogglandia då, eg nøyar meg med litt bilete frå desember.



Eg er så heldig å vere med i ein veninneklubb med fem andre fantastiske damer, vi møtest ca ein gong i månaden og har det utruleg kjekt saman. I desember var vi med Anna Lisa (http://annalisasblogg.blogspot.com/), ho er ein mester i å sy dei nydlegaste hjerta eg kan tenkje meg, og heldige meg, vann eit slikt fint hjerte då eg var på klubb med henne. Ho hadde laga til eit lite julelotteri - og eg vann, eg som aldri vinn noko som helst.




Julemannbaking høyrer med til årets faste førjulstradisjonar, Benedicte var ein ivreg hjelpar, sjølv om resultatet ikkje vart det aller beste, så var iveren der desto meir. Det var ikkje så nøye med om julemannane vart steikte heller, ho åt gladeleg av deiga.




Adventstida er ei god tid, ei tid til ettertanke og kos saman med sine kjære.Dette set eg høgt på prioriteringslista mi, sjølv om det ikkje alltid er like lett å få til, så skulle eg ønske at førjulstida var fri for kjas og mas.


Det er så koseleg å sette seg ned etter ein lang dag med førjulsstrid og berre slappe av og nyte adventstida.



Sjølvsagt må ein vere rene og pene til jul, og då må ein ta det årlege julelauget, i år som i fjor og året før er igjen. Benedicte storkosar seg i badestampen sin, skulle så gjerne hatt eit badekar no når eg har små born, men det har vi dessverre ikkje plass til.



Julaftan feira vi her heime samnam med forledra mine, vi kosa oss med deilig pinnekjøt til middag. Det er det beste eg fåt til middag, og det smakar aldri så godt som på julaftan.


Benedicte fekk seg ski i julegåve og dei måtte sjølvsagt prøvast på stovegolvet. Ho var kjempekry og gjekk som ei skiprinsesse så dette lova godt for dei komande skisesongane.



1. juledag er visst ikkje så heilag lenger som den var. Eg kan godt hugse at då eg var lita, var det heilt utenkjeleg å vere ute denne dagen. Då skulle ein vere inne saman med familia si. No er det heilt vanleg å vere ute denne dagen. Vi var ute og rann på akebrett i hagen til stor glede for Joakim og Benedicte.



Dette var litt av førjulstida og julefeiringa vår, skal prøve på at det ikkje skal bli like lenge til neste blogginnlegg kjem.


So long folks!

søndag 22. november 2009

for lenge, lenge sidan...

Eg kom over eit gamalt avisutklipp her ein dag. Det vekte gamle og gode minner frå barndomen min. Eg hugsar godt kor stolte vi var då vi gjekk til lokalavisa og kunne meddele at vi hadde samla inn pengar til Redd Barna.


Det var ikkje kvardagskost å samle inn så mykje pengar, heile 1760,- kroner kunne vi sende avgarde til trengande born i det store og vide utland. Eg kan ikkje hugse heilt kva årstal dette var, men eg tippar det var i 1985 eller 1986.

Eg hugsar kor vi planla denne tombolaen, rulla lodd til den store gullmedalje og samla inn premiar både heime og med slekt og venar. Vi fekk også litt premiar med ulike butikkar, så premiane var mange - det var nok det som lokka griske og gjerrige sunnmøringar til å opne pengepungen.

I dag er slike tombolaer eit sjeldant syn - kan faktisk ikkje hugse å ha sett slike på mange år. Håpar at dei dukkar opp att snart, det er så koseleg å sjå kor engasjert born blir når dei får vere med å hjelpe andre.

(for dei som ikkje veit kven eg er, så står eg som nummer tre frå venstre)

Ha ei strålande veke alle saman

mandag 16. november 2009

Det er så trist...



Det er så trist når folk ikkje kan la uskuldige små dyr få fred. Eg blir så lei meg når eg tenkjer på kor hjelpeslause ein liten pusekatt blir, i møte med ein stor og sterk fot.

I går ettermiddag, kom pusen vår heim etter nesten eit døgn ute på livet. Det var ikkje ein glad og opplagd pus som sat på trappa vår. Han var pjuskete og verka svært redd. Eg trudde først han var våt, men det var han ikkje, heile pelsen var dekt med noko seigt og klissete som gjorde heile pelsen stiv og ekkel å ta på. Lissje gode pusen vår var vetskremd, han greidde ikkje å gå inn, han nærast kruap over dørstokken før han la seg ned på golvet i gangen.

Eg tok han opp og det vr tydeleg at han hadde det svært vondt. For å få vekk alt klisset som var i pelsen, måtte eg bade han. Det gjekk heilt fint, ikkje nokon protest frå pusen si side - berre det gjorde meg engsteleg.

I dag tok vi turen til dyrelegen, og ho kunne berre bekrefte det som eg trudde - pusen hadde fått seg eit kraftig slag i sida, mest truleg frå ein fot.

Hadde eg berre vore der og fått tak i den hjertelause personen som sparka den lisje uskuldige pusen vår. Hadde eg berre nådd tak i han, skulle gitt tilbake med same mynt, og eg veit akkurat kvar eg skulle ha sparka...


No har pusen fått seg ei sprøyte med antibiotika og ei med noko smertestillande, so no har han det nokon lunde, men stakars pus kor vondt den har hatt det.

Ser føre meg pusen kor han har slått følge med ein gjeng nedover bakkane her, så har dei tømt øl på den og sparka den oppover vegen att... FY F..N kor sint eg blir.

mandag 9. november 2009

stoltheitene mine




Forrige mandag var vi på besøk med Tonje for å ta bilete av alle mine håpefulle. Ho har nettopp laga seg eit studio heime og er allereie blitt ein flink fotograf. Sidan ho er mor til eine kompisen til Joakim, var det naturelg å spørje om ho ville forevige bøtteballetten min.

Her er nokre av bileta - og eg er svært så fornøgd med resultatet.




Ikkje vanskeleg å sjå kven som er sjefen i huset.





Benedicte vart lei på slutten og ville helst leike med Elea, så det vart litt bilde utan prinsessa også. Synest dette vart så fint.

til slutt klarte vi å lokke henne med på eit bilde saman med Silje. Er dei ikkje vel flotte, jentene mine?

lørdag 31. oktober 2009

god laurdagskveld

Stikk berre innom ein liten tur for å ønske alle sammen ein fin laurdagskveld. Må ikkje la deg skreme av skumle vesen som er ute og vandrar i mørket... eller kanskje bankar på døra di og bed om knask ellers blir det knep...

Skal prøve å kome litt sterkare tilbake seinare, er ikkje heilt i slaget for tida, men det kjem seg sikkert etter kvart. Håper det ikkje er svinepesten som melder sin ankomst...

lørdag 17. oktober 2009

prosjekt gang og litt til

Endeleg har vi mala gangen. Har igrunnen gått og irritert meg over den stadig gulare panelen som var der før. Forrige laurdag heiv vi oss rundt og begynte, og resultatet er eg strålande nøgd med. No gjenstår berre gangen oppe og tre soverom... men det får kome etterkvart.


Malinga gjekk unna, trudde faktisk at det kom til å ta lenger tid enn det gjorde. Vi begynte laurdagskvelden, Arild hadde av listene medan eg bar dei ut, så var det berre å begynne malinga. Vi heldt på til klokka halv to natt til søndag. Det var så godt å sleppe å få hjelp av små hjelpsame hender... Vi fekk ferdig taket - tre strøk måtte til, så fekk vi grunna veggane. Søndag vart veggane ferdige. Der heldt det med to strøk. Arild var så snill å mala listene, så no er der blitt berre sååå lekkert.

Er ganske så fornøgd med resultatet :)


Knaggrekka har eg hatt liggande lenge, har liksom ikkje heilt funne ut kvar den skulle henge, men no har den funne plassen sin. Den søte veska, kjøpte eg i barnehagen til Benedicte for 55 kroner. Synest den var berre nydelelg.




For ei tid tilbake, kjøpte mamma og pappa eit gamalt hus etter to gamle systre. Dei sto oss svært nær og har følgt familia vår i mange generasjonar. Alle høgtider og merkedagar har vi feira saman med desse to hjertevarme damene. Etter at arvingane deira hadde tømt huset, sto det att eit gamalt skap i kjellaren. Det var mottete, nedstøva og fullt av spindelvev. Eg såg at dette kunne bli eit supert prosjekt, så vi tok det ut og vaska det reint, smurde det inn med mottmiddel og mala det.


No står det i stua vår og er blitt eit flott smykke og blikkfang.


På toppen av skapet, sit to porselensdukker som eg fekk då eg var lita. Dei har sett sine bedre dagar, men eg synest at dei passa så godt på dette gamle skapet.


Eg ynskjer alle kjende og ukjende som kikar innom bloggen min ein flott kveld.

Me sjåast

søndag 11. oktober 2009

litt glimt frå haustferien 2009

Ja, no er det ei laaaang stund sidan eg posta forrige blogginlegg, ånda har rett og slett ikkje vore til stades, men no trur eg den kjem sigande.




Haustferien 2009 syng på det siste verset, og vi går ubønhørleg mot kaldare tider, Kong Vinter pustar oss i nakken og sommarkleda er bytta ut med huer og vottar.




Eg og Arild tok oss eit par feriedagar no i haustferien, så då tok vi med oss heile bøtteballetten og reiste på hytta på Folkestadsætra. Det har vore surt og kaldt her, omtrent sidan midten av juli, men at det skulle vere så surt og kaldt hadde eg ikkje trudd. Det var berre 5 varmegrader inne i hytta då vi kom fram, men supermannen min fekk fort opp varmen med god hjelp av gassomn og supergod vedaomn.



Heldigvis er eg av den typen som pakkar med alt for mykje når vi skal avgarde, det gjorde eg denne gongen også. Både vinterdressar, huer og vottar hadde fått plass i bagen som vi tok med - og jada det kom svært godt med.





Vi har laga sesongens første snømann, måka snø av bilen og hatt årets første snøballkrig. Og det i haustferien... Ja, ja det er vel den overdrivne bruken av catzy hårspray på 80-talet som gjer at vi har fått dette stabile veret her på sunnmøre.


Snømannen måtte gi tapt då sola mot all formodning kika så vidt over Sætrehornet før den forsvann bak Blåfjellet, no ligg Kalle der som ein liten haug med målarkostar, stein og parykk i skjønn forening.

Håper alle har hatt ein fin haust/vinterferie.

Me sjåast om ikkje så lenge (-trur eg...)

onsdag 12. august 2009

Vi har prøvt fiskelykka...

For ei tid tilbake, var vi så heldige å få vere med Eivind og Marita på fisketur med båt. Joakim var i lykkerus, og endå meir stas vart det då han fekk vere kaptein på båten. Sjå berre kor han konsentrerar seg.



Det var ikkje så enkelt dette med fiskinga, det bles noko grusomt ut på fjorden denne ettermiddagen. Mor sjølv, hadde vore føre var og teke to reisesjuketablettar. Husbonden trudde nesten ikkje sine eigne auger då han såg det, og dei andre i fiskarfølget lo godt av det, men klok av skade var det berre å hive innpå.





Joakim synest at det var stor stas og bryddde seg lite om all vinden og dei kjempestore bølgene (ifølge meg), og fiska og fiska. Det gav ikkje det heilt store resultatet, men ein liten stakar klarte han likevel å lure til å bite på kroken.

Ser på bildet at det er nokon som prøvar å få Joakim på kroken også... he he he , såg det faktisk ikkje før no, men viss nokon lurer, så gjekk det bra - han beit ikkje på.

Fisken var ikkje noko særleg stor, så den vart teken med heim att og overlevert naboen sin katt.

Mat(godte)-pause må ein storfiskar ha. Joakim synest at det er spennande å kike og leite i sekken som eg har pakka, der er alltid noko som fell i smak ned i. Denne gongen var det luksuspotetgull (som eg kallar det), eller Delivio som det vel egentlig heiter. Litt brus og sjokolade vanka det også til tolmodige fiskarar.

Fram på bauen ei(n) med fine kropp... det var vel kanskje ikkje husbonden min, Vassendgutane hadde i tankane då dei laga songen om båtfolket, men eg synest at det passa denne gongen her.

Ha ein flott dag alle saman.

tirsdag 11. august 2009

Nytt familiemedlem

Neida, ingen ekte baby, men en liten pusebaby...


Vi har endeleg fått oss pus igjen.

Den forrige som vi hadde var verdens snildaste og godaste, men den var litt for glad i å legge seg i vogna til Benedicte - så den måtte vi sende til dei evige jaktmarker, så no passar han porten saman med St. Peter.

Vi er litt usikre på kva det nye tilskuddet skal heite, men det kan sjå ut som det anten blir Siv eller Mjau, vi får sjå. Kjenner eg meg sjølv rett, så blir det vel berre til at vi kallar den for Pus.



Stakars pusen var vetskremt av Benedicte. Ho elskar dyr og pusen var midt i blinken for henne. Pusen var klok nok til å søke dekning under kommoden i gangen, men Benedicte klarte på uforklarleg vis å lokke den fram.



Benedicte kosar og kosar, men det ser ut til at pusen ikkje set så stor pris på det... stakar lissjepusen.



Den obligatoriske kattaleika måtte studerast nøye før den kunne takast i bruk. Den måtte vel kvalitetssikrast først.



Benedicte storkosa seg med pusen, dei kjem nok til å bli gode venar. Det var litt spennande og litt skummelt å leike med den.



Sjå kor kjekt dei har det.



Sjå verdens nydligaste lissje kosepus. Vi skal ta godt vare på den Bente.

Ha ei fortsatt fin veke alle der ute i den store og vide bloggverden

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.