torsdag 11. februar 2010

Ein gamal skatt

Mamma og pappa bur i eit gamalt hus, oppe på loftet er det kjekt å gå på skattejakt - der finn ein mange skattar. Sjå kva eg fann sist eg var der:


Det er faktisk Sunnmørsposten si 9. april 1940-utgåve. Eg vart sittande å blade forsiktig i den sjøre avisa, tenk kor redde dei måtte vere denne aprildagen for 70 år sidan, ja tenk at det er så lenge sidan det var krig her i landet. Eg håper at vi slepp å oppleve dette som våre besteforeldre og oldeforeldre måtte gjennomgå av redsle og fortviling, vi veit vel egentlig ikkje kor godt vi har det.



Eg veit at der skal vere ei kasse til med gamle aviser der oppe ein stad. Dei skal nok få kome ned i dagen ein gong. Meinar at det var lokalavisa Møre som ligg i den kassa, der er mange utgåver frå krigsåra, det står nok om mange skjebner i dei.



Det sto ein liten artikkel om Ørsta i denne utgåva også, artig å lese om kva som opptok folk då, det er nok ikkje så reint ulikt det som folk snakkar om no til dags vil eg tru.




Ja, dette var eit lite glimt av ei nær, men likevel fjern lokalhistorie.

No er det snart helg, då skal vi feire både Arild sin bursdag, morsdag, valentinesday og fastelavenssøndag... ja, ja greit å samle kaloriinntaket til ein dag.

Ha ei strålande helg!

2 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Utruleg spennande å finne ein slik skatt. Mykje historie som ligg der svart på kvitt.
Ta vare på det du :)
Ha ei strålande helg Cecilie!!
Klem

ane sa...

Hei! Ja, skattejakt er jammen både spanande og interesanne. Du har vore heldig denne gongen. Utruleg at desse skattane ikkje er kasta eller brent for mange år sidan. Eg bur sjølv i eit gamalt hus, og det har vore mykje spanande å finne. Heldige meg! God helg med alt som skjer! Ane

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.