onsdag 12. august 2009

Vi har prøvt fiskelykka...

For ei tid tilbake, var vi så heldige å få vere med Eivind og Marita på fisketur med båt. Joakim var i lykkerus, og endå meir stas vart det då han fekk vere kaptein på båten. Sjå berre kor han konsentrerar seg.



Det var ikkje så enkelt dette med fiskinga, det bles noko grusomt ut på fjorden denne ettermiddagen. Mor sjølv, hadde vore føre var og teke to reisesjuketablettar. Husbonden trudde nesten ikkje sine eigne auger då han såg det, og dei andre i fiskarfølget lo godt av det, men klok av skade var det berre å hive innpå.





Joakim synest at det var stor stas og bryddde seg lite om all vinden og dei kjempestore bølgene (ifølge meg), og fiska og fiska. Det gav ikkje det heilt store resultatet, men ein liten stakar klarte han likevel å lure til å bite på kroken.

Ser på bildet at det er nokon som prøvar å få Joakim på kroken også... he he he , såg det faktisk ikkje før no, men viss nokon lurer, så gjekk det bra - han beit ikkje på.

Fisken var ikkje noko særleg stor, så den vart teken med heim att og overlevert naboen sin katt.

Mat(godte)-pause må ein storfiskar ha. Joakim synest at det er spennande å kike og leite i sekken som eg har pakka, der er alltid noko som fell i smak ned i. Denne gongen var det luksuspotetgull (som eg kallar det), eller Delivio som det vel egentlig heiter. Litt brus og sjokolade vanka det også til tolmodige fiskarar.

Fram på bauen ei(n) med fine kropp... det var vel kanskje ikkje husbonden min, Vassendgutane hadde i tankane då dei laga songen om båtfolket, men eg synest at det passa denne gongen her.

Ha ein flott dag alle saman.

1 kommentar:

Loise sa...

Heller føre var enn etter snar, me har fiska frå land, og opplevde att fisken beit etter solnedgang. Desverre var det "berre" makrel, som vi ikkje er så veldig begeistra for, så den blei kattemat da ingen besteforeldre var heime og kunne ta i mot fersk fisk.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.