mandag 16. november 2009

Det er så trist...



Det er så trist når folk ikkje kan la uskuldige små dyr få fred. Eg blir så lei meg når eg tenkjer på kor hjelpeslause ein liten pusekatt blir, i møte med ein stor og sterk fot.

I går ettermiddag, kom pusen vår heim etter nesten eit døgn ute på livet. Det var ikkje ein glad og opplagd pus som sat på trappa vår. Han var pjuskete og verka svært redd. Eg trudde først han var våt, men det var han ikkje, heile pelsen var dekt med noko seigt og klissete som gjorde heile pelsen stiv og ekkel å ta på. Lissje gode pusen vår var vetskremd, han greidde ikkje å gå inn, han nærast kruap over dørstokken før han la seg ned på golvet i gangen.

Eg tok han opp og det vr tydeleg at han hadde det svært vondt. For å få vekk alt klisset som var i pelsen, måtte eg bade han. Det gjekk heilt fint, ikkje nokon protest frå pusen si side - berre det gjorde meg engsteleg.

I dag tok vi turen til dyrelegen, og ho kunne berre bekrefte det som eg trudde - pusen hadde fått seg eit kraftig slag i sida, mest truleg frå ein fot.

Hadde eg berre vore der og fått tak i den hjertelause personen som sparka den lisje uskuldige pusen vår. Hadde eg berre nådd tak i han, skulle gitt tilbake med same mynt, og eg veit akkurat kvar eg skulle ha sparka...


No har pusen fått seg ei sprøyte med antibiotika og ei med noko smertestillande, so no har han det nokon lunde, men stakars pus kor vondt den har hatt det.

Ser føre meg pusen kor han har slått følge med ein gjeng nedover bakkane her, så har dei tømt øl på den og sparka den oppover vegen att... FY F..N kor sint eg blir.

2 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

stakars vennen!! :-(

Annika sa...

Nei, stakkars, stakkars pus!

Godt han kom heim, og har fått hjelp til å bli bedre iallfall. Mitzi (frøken pus her) sender over masse-masse god bedrings-tankar til stakkars vakre pusen!

Forresten, det må ha skjedd noko med bloggen din, for den har ikkje oppdatert seg på blogglista mi på lenge, men eg ser jo du har blogga fleire gongar i det siste..

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.