onsdag 1. juli 2009

Eit lite livsteikn

No er det lenge sidan eg har blogga, Har rett og slett ikkje hatt ånda til å sette meg ned framfor maskina. Skal prøve å bli litt flinkare til å oppdatere den no, men lovar ingen ting... Det er sommar og eg er litt i feriemodus, sjølv om eg har tre veker med jobb framføre meg før eg kan ta ferie.


Sidan sist eg blogga, har vi endeleg fått oss hage. Her har vore gravemaskine og planert hagen og husbonden har sått plen, no er den blitt grøn og fin på avstand (ikkje på nært hald, men det kjem vel etter kvart får vi håpe). Kjem kanskje eit blogginnlegg om det seinare, vi får sjå.



Det er spennande tider for Benedicte, mykje nytt å sjå på og undre seg over. Alt skal kjennast på, smakast på og luktast på. Alle sansar blir tekne i bruk, ikkje alltid med like stort hell, men alt må lærast - og det er kjekt å sjå kor flink ho er blitt lisje snuppemora vår.




Det å blåse løvetann, er ein liten kunst...


Dette vart visst feil...





Å ha ein storebror som elskar fart og spenning gir alternative måtar å bruke dokkevogna på, Dukka blir liggande fint i senga si, medan dokkemammaen tar ei lita rallyrunde med dukkevogna.

No skal eg ut å nyte siste rest av den deilige sommarkvelden.

Ta vare på kvarandre og dei de er glade i, livet er så skjørt - det har nok ein gong vist seg at skjebna er rå og brutal og slår ned som lyn frå klar himmel der ein minst ventar det.

4 kommentarer:

Annika sa...

Det var kjekt med eit lite livsteikn frå deg. Har tenkt på dokke, og sakna å lese bloggen din, men forstår at av og til er ikkje overskotet til blogging til stades, slik er det berre:)

Ynskjer dokke ei fortsatt god veke:)

Dagny- Heim sa...

Heisan, der var du :-)
Blogging skal ikkje vere tvang men lyst, om ikkje vert det ikkje noko kjekt, og innlegga vert deretter. Og no i sommarvarmen har ein vel nok anna å styre med, som avslapping for oss som har
ferie ;-D

Og snart er det helg!

Veronika sa...

Har utfordra deg på bloggen min:)

camilla sa...

D ligge ei utfordring til dej på bloggen min :)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.