lørdag 13. september 2008

Ved til vinteren




Saman med nokre naboar, eig vi ein liten skogsteig like ovanfor der vi bur. No var det på høg tid å tynne litt ut skogen som veks der. Arild og naboen vår Finn har holdt på å veda der oppe no i nokre dagar, so no skal vi ikkje fryse til vinteren.

Joakim har vore ein fast følgesvenn på desse skogsturane. Han er ein ivrig arbeidskar, berre han har med litt saft og kjeks. Her er han i full gang med å lage eit fint vedalad.





årringane avslører alderen på trea. Det er nesten synd at alle desse flotte trea har måtta falle for at eg skal være varm og god på føtene til vinteren, men slik er det berre. Det hadde vel grott heilt igjen der oppe i skogen hadde det ikkje vore for at Arild og Finn har vore der og tynna ut.

2 kommentarer:

Nitsirk sa...

Hei:)
Joakim er ein flink arbeidskar ser eg:)
Koseleg med haustkveldar, så lenge ein slepp å gå ut då;)

Tove sa...

Hei og velkomen til Blogglandia! Ser at du er nykomar! Kan like godt advare deg med det same: blogging er ein alvorleg sjukdom som det ikkje finnast kur for. Har du fyrst fått sykja inn i kroppen, så får du den ikkje derifrå. Det er sterkt vanedannande. MEN DU VERDEN SÅ KJEKT DET ER Å BLOGGE!!!! Kikar innom deg seinare! Mistenkjer at du er frå ei nabokommune....

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.