lørdag 27. september 2008

Eit rørt morshjarte

Etter at min bedre halvdel har begynt på sin lenge etterlengta pappapermisjon, har han drive ei intensiv trening av lisje Benedicte. Målet var at ho skulle seie pappa før ho sa mamma. Dette målet vart sjølvsagt nådd, med ein tydeleg stolt pappa som vitne. Eg har ikkje stressa noko med å lære ho å sei mamma, fordi eg har tenkt at dei tre andre borna mine, masar på meg til stadigheit og at ho på den måten kom til å få lære seg at eg var mamma.
Mamma-ordet har lete vente på seg - heilt til i dag tidleg då eg vakna av ei lita spinkel barnestemme somsa forsiktig "mama" og ei lita hand som stakk utgjennom sprinklene på senga. Tenk at eit så lite ord, kan smelte ei trøtt mamma på denne måten

2 kommentarer:

Tove sa...

For ei skjønn, lita trulte! Ser ut som ei målbevisst ung dame, med slike tindrande auge!!!
PS! På tysdag, etter eg hadde gått litt tidleg frå friidrettstrening, då kom eg plutseleg til å tenke på at den standhaftige mora som alltid møter på trening med barnevogn, og ho som har så flott blogg - er ei og same dame! Lyt jammen ta å helse på deg neste gong! Ha ei strålande helg!

AnneGrethe7 sa...

utuleg kor lite som skal til frå dissa små for at morshjartet skal svulme......Iver August krabbar rundt og seier m-a-m-a i eningen.....Petter seier han minner om desse Disney-babyane som ikkje finn mor si...hihi...og som ropar og ropar stakkarane. Oppe tidleg i dag og skulle kanskje ønska ej hadde rota mej heim att tidlegare i natt :)
Ha ein super søndag!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.