søndag 28. september 2008

Med melis på toppen


Etter ein ekte haustdag med storm og regn i går, vakna eg i dag til litt sol og det som kunne kanskje bli ein flott haustdag. Då eg kika ut vindauget på badet, såg eg til min store fortvilelse at det var kome snø lang ned i Saudehornet. Eg synest at det er vel tidleg med snø på toppane i september, men det er ikkje så mykje vi kan gjere med det. Det er i allefall ei sterk påminning om at Kong Vinter har byrja å puste oss i nakken og gjer seg klar til nok ein vinter med sludd, slaps og sno.
Uansett, det er vakkert med kvite fjelltoppar som badar i haustsola og lagar vakre kontrastar til dei flotte haustfargane.

2 kommentarer:

Astrid sa...

Fint bilete! Ja, no er det snart vinter... men det er lov å håpe på fleire fine haustdagar framover! Det er litt for tidleg med snø no, då vert vinteren så uendeleg lang.

Kjekt at du la att kommentar på bloggen min forresten, det er slik ein finn kvarandre i denne bloggverda:) Eg er ny her sjølv, og i dag har eg prøvd å installere eit program som skal gjere det enklare å lage innlegg, men har ikkje heilt forstått meg på det... Eg får nok fortsette med prøving og feiling, så lærer eg det nok etterkvart!
Ynskjer deg ei fin veke!

AnneGrethe7 sa...

Ligg noko til deg på bloggen min.
Ha ein fin kveld.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.