tirsdag 25. januar 2011

skjønnhetspleie


Benedicte har alltid likt å jåle seg, og jålesakene er flittig brukt dagleg. Til jul fekk ho seg ei sminkedukke i håp om at det var den som skulle bli sminka, og ikkje ho sjølv - kor feil kan ein ta...


Ej må sminke mej sånn so dokkå uten føtt (eg må sminke meg slik som dukka utan føter). Så no sminkar ho først seg sjølv og så dukka si, alt rundt dei glitrar, og då meinar eg ALT.


Fargane på sminka er nøye utvalgt, og her gjeld ikkje "det enkle er det beste" dess meir sminke, dess bedre. Kjære vene kor skal dette ende?


Ho har ymta frampå og vil sminke meg også, men eg har alltid klart å kome meg ut av det, men no må eg vel snart til pers, så flink som ho har blitt av all øvinga, ja, for øving gjer meister - eller???


Omsorg og "kundekontakt" er det iallefall ikkje noko å seie på, eg kan gjerne bli sminka dersom avskjeda frå sminkaren blir så hjerteleg og god.


I dag skin sola i Grepalia og vi skal ein tur på ski i ettermiddag.

Ha ein fin dag folks, see you!

søndag 23. januar 2011

Nytt prosjekt

Eg har somt nemnt tidlegare, uante mengder med restetråd som absolutt skulle ha vore brukt opp. Eg var så vidt i gang med det, men det vart så kjedeleg.


No i helga har eg hatt besøk av storejenta mi, som lenge har ønska seg ein mariusgenser, så i går kjøpte eg tråd og er no i full sving med strikking av voksengenser - trur faktisk det er den første "store" genseren eg strikkar, så det blir spennande å sjå korleis resultatet blir.


Det har vore eit skikkeleg ruskevær her i helga, så det har blitt lite uteaktivitetar, men vi gjer det beste ut av det, så i går tok vi oss ein tur på bading. Kjekt å sjå kor borna kosar seg i vatnet (sjølv om eg ikkje gjer det).


Ha ein fin søndag alle saman!

fredag 21. januar 2011

Eg fortenar det, trur eg...

I dag har eg ikkje gjort det slag, berre slappa av og kosa meg. Arild har seinskift i dag, så vi rakk ei lita runde på kafé før han for på jobb. Det er deilig med slike formiddagar av og til.

Eg klarte ikkje å dy meg då eg gjekk forbi desse nydelege rosene, så no står dei og sprer litt helgaglede i stua mi. Eg kjøpte dei rett og slett fordi eg synst at eg fortjenar dei, og sidan ingen andre kjøper blomster til meg, ja, så gjer eg det sjølv. Nemlig!


I kveld kjem storejenta mi og kjæresten hennar heim på besøk også. Gledar meg veldig til å ha henne her saman med meg. Det er ikkje så lenge sidan ho var her sist, men det var i trist ærend - no er det berre for kosen sin del. Joakim og Benedicte gler seg også til dei kjem, så denne helga skal vi berre kose oss og gjere kjekke ting. Det blir nok ein tur på bading og kanskje ein tur i slalombakken dersom det ikkje regnar så altfor mykje.


Eg ynskjer alle saman ei fin og god helg!

onsdag 19. januar 2011

Tova ulltøfler og litt til

Tøflene er ferdig og tekne i bruk. Dei varmar godt og er deilige å ha på seg. Har fått nokre tilbakemeldingar på om eg vil dele oppskrifta, og det gjer eg gjerne.

Bruk tjukk ulltråd som kan tovast. Eg brukte alfa frå Sandnesgarn og pinna nr. 6.

Legg opp 27 maskar. Strikk fram og tilbake i 10 cm. Legg opp 3 maskar til slik at du har 30 maskar på pinnen, fordel desse på tre pinnar og strikk rundt i glattstrikk til heile arb. måler ca 20 cm (alt etter kor store føter du har).
Tåfelling: strikk 3 maskar, fell to - gjenta dette ut omgongen. strikk ein omg. utan felling. strikk 2 maskar, fell to - gjenta ut omgongen. Strikk ein omg. utan felling. Strikk 2 og 2 maskar saman ut omg. trekk tråden gjennom dei 9 maskane som står igjen.

Sy sammen bake ved helen og fest trådane, så er det berre å tove, eg heiv dei i vskemaskina på 60 grader.

Dette er kjempelett og sjølv far kunna sikkert klart det viss han hadde gidda å lært seg å strikke ;)


I går kunne eg ikkje dy meg, eg berre måtte kjøpe denne nydelege primulaen. Den står på kjøkkenbenken og minner meg om at det er ikkje lenge til vår. Snø- og sluddbygene står i kø inn fjorden i dag, og då er det godt å ha noko som kan minne oss på at våren ikkje er så altfor mange vekene unna.


Benedicte er ei skikkeleg jåle, så då ho oppdaga at eg hadde kjøpt eit nytt skjørt til henne - ja, då måtte det prøvast med ein gong. Skjørtet var fint det, men kanskje ikkje akkurat saman med raud genser og restevest.


Ha ein strålande dag!

tirsdag 18. januar 2011

Restefest

Etter at vi pussa opp soveromet, har det på uforklarleg vis dukka opp uante mengder med restetråd. Eg trudde aldri at eg skulle ha så mykje liggande. To store korger + ein stappfull pose... ja ja, her var det berre å kvesse strikkepinnane og begynne å produsere eit kvart.

Eg har hatt liggande ei oppskrift på tova ulltøfler lenge, så no har eg brukt opp all ulltråden (som kan tovast), fire par med tøfler vart det. Det vart rett nok berre tre og eit halvt par som kan brukast, for det lissje sokketrollet mitt (Benedicte), har stukke av med ein av dei.


Etter ei runde i vaskemaskina, står det no tre og eit halvt par med deilige ulltøfler til tørk framfor ovnen. Eg gleder meg til eg kan ta dei i bruk. Eg hatar nemleg å fryse på føtene. Så gjenstår det berre å sjå om eg får ha dei i fred for sokketrollet her i huset.


No skal eg iallefall ikkje fryse på føtene.

Eg har fortsatt myyyyyykje restetråd liggande, må prøve å finne på noko lurt å bruke den til. Kanskje blir det litt meir dukkekle. Dukkekle er så kjekt å strikke, for det går så fort og så blir Benedicte så glad.

Ha en fin dag, so er eg straks tilbake - trur eg ;)

lørdag 15. januar 2011

Romet for ro og kvile




Etter at vi kjøpte dette huset for seks år sidan, har soveromet vårt vore som eit katastrofeområde. Det har til dels vore brukt som bud, kleskott og soverom, men det er det heldigvis slutt på no. No gledar eg meg til å legge meg om kveldane. Romet er lett å halde ryddig og reint og det er svalt og deilig der inne.


I sommar tok vi oss på tak, og fekk orden på sakene. På den tidlegare nemde IKEA-turen kjøpte vi to nye tre-dørs garderobeskap. Så då vart kleskottmarerittet løyst, og det var berre heilt fantastisk å få plass til alle kleda sine.


Vi tømde romet og tok fatt i malarkosten. Panelet på tak og veggar vart mala i duse og rolege fargar. Tak og lister er mala i eggekvit, medan veggane har fargen Harmoni (for det bør ein vel ha på eit soverom...) som er ein lys grålilla farge.


Resultatet vart eg fornøgd med - ja, bortsett frå taklampen, somskulle ha vore bytta ut og at vi ikkje har nattbordlampar, men det får kome etter kvart.


Snille Anna Lisa frå Anna Lisas hjelrteblogg har sydd dette søte hjertet til meg. Det heng på skapdøra mi. Synest at det er så fint med hjerter og dette passa så godt her på soveromet vårt.


På spegelen heng dette skiltet. "if you want breakfast in bed, sleep in the kitchen". Men dersom nokon som eg er glad i serverar meg frukost på senga, så takkar eg ikkje nei til det - skiltet er mest mynta på husbonden - han får nemleg ikkje frukost på senga...


På eit gamalt hengevitrineskap ligg brudebuketten min. Blomstrane er visna, men det er heldigvis ikkje kjærleiken vår til kvarandre.


Då vi var på ferie i Bergen i sommar, kom eg over desse nydelege toalettveskene frå Lisbeth Dhal - dei er så fine at dei får stå framme heile tida.


Ja, dette er romet som eg samlar krefter på, etter ein lang og hektisk dag. Her søv vi godt og vaknar utkvilde neste dag.

Ha ei flott helg alle saman - og husk å samle krefter til den nye veka som kjem!

fredag 14. januar 2011

Mariuskjole

Benedicte har akkurat feira 3-årsdagen sin, og ei av gåvene var denne nydelege mariuskjolen. Det er mamma som har strikka den, og då blir resultatet som vanleg - perfekt!


Benedicte var kjempefin i den og var så stolt då ho fekk den på seg. Kjolen sat som eit skudd og er allereie brukt fleire gongar.


Detaljane på kjolen er nydelege og osar av tradisjon.

Eg skulle egentlig blogge litt om andre ting i dag, men bileta vart så dårlege pga lyset at eg må utsette det til i morga, slik at eg får ta bilete når det er dagslys.

torsdag 13. januar 2011

Inspirasjon?

Dei siste dagane har eg kika innom mange, for meg, nye bloggar. Eg er inponert over alt desse bloggdamene kjem på å blogge om, eg er heilt blotta for idèar, så no har dokke sjangsen til å kome med ønsker om kva eg skal blogge om.


Vi har hatt nokre dagarmed skikkeleg ruskevær, men no er kulda og det flotte været komt tilbake, og no får vi også gleda av sola. Sola forsvinn bak dei høge og flotte fjella våre tidleg i desember og kjem ikkje tilbake før 6. januar, men no er den altså tilbake. Det er deilig å kjenne dei første solstrålane i ansiktet og tenke på at no blir dagane berre lenger og lenger, og plutselig så er våren her.

Dette er utsikta frå stoveglaset vårt.


Denne flotte engelen fekk eg i julegåve med lisjesystra mi. Eg vart veldig glad for den, og synst at den er så fin at den skal få stå framme heile året. Ekstra kjekt er det at den er laga av ei gamal klasseveninne av meg, som driv sin eigen keramikkverkstad i nabobygda.


Eg ser at eg har hatt mange besøkande på bloggen min, men det er ikkje så mange som torer seg til å skrive ei helsing i kommentarfeltet. Eg hadde blitt veldig glad dersom fleire gjorde det.

Ha en fin vinterkveld alle som kikar innom bloggen min :)

mandag 10. januar 2011

Ei kontrastfylt helg

Jula 2010 er blitt historie, for oss er den ei trist historie (grunnen til det kan du lese i forrige blogginnlegg). Det har vore mørke kvledar, med gode tankar og historier om ei tid som var. Gravfeda er over - den var nydeleg vakker med mykje fin musikk. Takk til alle som var med på å gjere den så fin.


No skal vi gøyme dei gode minna i hjerta våra og sjå framover. Dagane blir stadig lenger og lysare, det går mot vår - nytt liv skal vekse og gro. Men enn så lenge så har vinteren forstatt eit godt grep enda og kjem nok til å ha det ei god stund til, men det blir vår og sommar - ein vakker dag...


Eg har rydda vekk jula - nissar og englar er møysommeleg pakka inn i silkepapir og putta i store kasser, no skal dei ligge i dvale til jula 2011. Julelysa ute, skal få henge nokre dagar til, viss ikkje vinden røskar dei ned. Det har nemleg vore eit skikkeleg "roskevæir" i natt og i morgontimne i dag.


Helga har vore full av kontrastar. Fredag var det gravferd for den gode farmora mi, og søndag hadde vi barneselskap for sjefstrospå som er 3 år i dag. Tenk at ho er 3 år allereie, tida går altfor fort.



Laurdag hadde vi bakedag, og Benedict var sjefsbakar.


Toro si langpannekake er kjempegod på smak og enkel å lage (i tillegg til at den er glutenfri), så den har blitt ein sjokoladekakefavoritt her i huset.


Benedicte gledar seg til å få slikke slikkepotten - det er høgdepunktet i heile kakebakinga :)


Skulla ha tatt eit bilde av den ferdige kaka, men i kampens hete så vart det gløymt denne gongen. Bursdagsbarnet var svært fornøgd i allefall. Den var forma som ei krune med rosa smørkrem og med Benedicte 3 år, skrive på.


Alle jåledamer med respekt for seg sjølv, sminkar seg før eit selskap - og Benedicte er intet unntak.

onsdag 5. januar 2011

Sorg

Då dei fleste av oss såg med forventning og glede fram mot jul - og juleførebuingane var inne i dei aller siste og koslegaste delane, medan alle andre pynta juletre og kosa seg saman med dei nære og kjære - kjempa eit gamalt liv for å leve vidare...


Byrjinga på slutten var komen, for dette gode mennesket. Ho har levd eit langt liv, møtt både motgang og glede, har vist omsorg for alle rundt seg - og det er mange. No var det vår tur til å vise omsorg.

Det er mange som er glade i deg, kjæraste farmora mi. Tenk, du har stått som ein bauta i familien - har liksom alltid vore der - kanskje har eg tatt deg litt for gitt, men du var der, og du kjem alltid til å være der - i tankane mine, i hjertet mitt. Det er mange som kjem til å sakne deg, tenke på deg, snakke godt om deg, le av deg og dei gode historiene dine. Du vil fortsette å leve vidare i alle oss.



Du sovna fredfullt inn, med mange av dine næraste rundt deg. Vi har alle vore å besøkt deg, vi veit ikkje om du har ensa det, men vi vel å tru det. Du kneip meg så hardt i handa då eg skulle gå, akkurat som om du visste at dette var siste gongen... vi visste det vel egentlig begge to, men slikt er vanskeleg å akseptere - der er alltid eit håp.

På den nest siste dagen i året orka du ikkje kjempe meir. Kroppen din var gamal og sliten, skadene du hadde fått var ubøtelege. Du ga slepp på livet - og reiste.


Benedicte seier du sit opp i himmelen og blinkar med stjernene.
I dag tidleg såg vi deg, høgt der oppe sat du, vi vinka til deg - du blinka tilbake


Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Kvil i fred kjæraste deg <3

tirsdag 4. januar 2011

eit lite livsteikn

Det har vore smått med blogging på meg det siste året, men eg har vore tom for idèar og litt lat på bloggfronten. Håpar å få tilbake ånda litt no, vi får sjå. Eg blir takknemleg for tips om kva eg skal blogge om, slik at eg kanskje kjem litt igong igjen, så her er det berre å kome med ønke folkens.

I sommar har vi pussa opp alle soveroma våre, tenkete eg skulle vise litt bilder frå Benedicte sitt rom, så kanskje eg kan vise fram dei andre roma etterkvart.

Utgangspunktet var panel - alle veggar og tak var ubehandla og gulna panel. Eg tok med meg Benedicte til malarbutikken slik at vi skulle finne ein fin farge å ha på veggane. Ho ville sjølvsagt ha josa, så valget vart ein heilt lys, lys rosa på to veggar og ein litt mørkare rosa, på dei to andre. Tak og lister vart eggekvitt. Resultatet vart kjempefint og Benedicte vart strålande fornøgd med det ho no kallar prinsesserommet. Det er forresten ikkje mykje som minner om prinsesserom no, i går tømde ho skuffene sine og halve kleskapet sitt utover golvet, så eg må vel berre manne meg opp til å rydde der. Til helga skal vi feire 3-årsdagen hennar og då må der vere strøkent - i allefall når gjestane kjem.


Eg burde egentlig ha tatt eit nytt bilde frå denne delen av romet, men det får bli ein annan gong. I staden for plakaten, heng der no ei gamal tallerkenhylle som Benedicte har bøkene sine i. Dukkestellebordet står klart til bruk, så no kan dukkene berre tisse og bæsje i bleia si, for dokkemora står klar med ny bleie. Stolane og bordet er kjøpt på IKEA. kvifor er her ikkje IKEA her i nærleiken? blir litt styr å køyre heilt til Bergen når ein treng litt fornying i heimen. Jada, vi har sjølvsagt andre butikkar her, som vi kan handle møblar i, men det blir ein heilt annan pris, så då vi skulle pusse opp romet til Benedicte og lage nytt rom til Eirik, valgde vi å køyre til Bergen for å handle. Litt handelslekkasje må tolast.


Senga som ho har fått, har ho arva etter meg. Eg arva den etter besteforeldra mine, så den har husa mange timar med søvn opp gjennom tidene. Det er ei gamal Åslid-seng som er produsert i nabobygda Volda. Den var opprinneleg mørk brun, men då eg arva den, vart den sprøytelakka kvit, og det passa meg perfekt no når Benedicte skulle ta over. Hylla og teppet kjøpte vi på IKEA og det passa perfekt inn saman med det andre ho skulle ha på romet sitt.

Den observante sjåar, ser at traktoren står strategisk plassert på hylla, klar til å rykke ut til ulike oppdrag. Eg har heile tida vore opptatt av at ho skulle ha tilgong til både typiske "gutaleiker" og dei vanlege "jentesakene", men det er jentestachet som fengar henne mest, sjølv om traktoren kan vere god å ha når smådukkene skal på handletur.

Plakaten med "Livets lære" heng over senga og minner oss vaksne om kor viktig det er å sette pris på og rose desse småskattane våra.


Eg har kika litt rundt om på diverse lampebutikkar etter den rette lampen til romet, men har ikkje funne ein som eg synest passar inn, men då Arild og eg var på IKEA, kom eg over denne drømmen av en lampe. Benedicte vart stoveis fornøgd (i den grad ein 2-åring kan glede seg over ein billeg taklampe frå IKEA) og stod lenge berre å kika på den etter at Arild hadde hengt den opp. Ikkje berre er den bedårande på eit jenterom, men den gir eit godt leikelys også. Fin og praktisk - slett ikkje verst.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.